Faktaboks

Kjell Opseth
Kjell Olav Opseth
Fødd
2. januar 1936, Førde, Sogn og Fjordane
Død
3. desember 2017
Verke
Politikar
Familie
Foreldre: Fabrikkeigar Karl Opseth (1896–1964) og Orlaug Bruland (1894–1978). Gift 1963 med barnepleiar Hjørdis Årberg (14.10.1934–), dotter til bonde Torstein Årberg (1883–1979) og Oline Birkeland (1894–1977).
Kjell Opseth
Kjell Opseth
Av /NTB Scanpix ※.

Kjell Opseth var stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i fem periodar frå 1981 til 2001. Han var statsråd i to regjeringar i rundt 7 år, samferdsleminister under Gro Harlem Brundtland 1990–96 og kommunal- og arbeidsminister i Thorbjørn Jaglands regjering 1996–97. Han skulle bli ein av dei mest markante og handlekraftige statsrådane i Samferdsledepartementet etter krigen.

Opseth vart fødd på ein tidlegare husmannsplass i Førde, “Oppå berget”, i ein heim der både far og bestefar var solide sosialdemokratar. Kjell ville utdanna seg, men han syntest skulearbeidet var ein slitsam affære. Etter Sogndal yrkesskule (elektrikarlinje) og lærlingetid tok han 1959–62 Skiensfjordens tekniske fagskole med visse tillegg. Punktum vart sett i Porsgrunn 1963; då kunne Kjell Opseth kalla seg ingeniør. Han var klar til å byggja landet.

Først var han tre år som arbeidsleiar og installasjonssjef i Oslo. Men det var først då han returnerte til Førde 1966, at det politiske engasjementet vakna. Snart vart han styremedlem og leiar i Førde Arbeidarparti, så leiar i fylkespartiet 1978–82, og samstundes vart han innvald i partiets landsstyre 1979. Ved sida av hadde den arbeidssame sunnfjordingen ei rekkje styreverv i private og offentlege verksemder.

Under nominasjonen til Stortinget 1981 var det ledig plass etter radikalaren Oddleiv Fagerheim frå Jakob Sandes heimbygd Fjaler. Han var sterk motstandar av å byggja ut Gaular-vassdraget, og no fekk han ein etterfølgjar – Kjell Opseth – som i heile sitt liv har oppfatta skjellsordet “kraftsosialist” som eit heidersnamn. På Stortinget kom han i energi- og industrikomiteen, og denne bodskapen sende han heim via Bergens Tidende 22. mars 1986: “Tungindustrien må sikrast meir kraft.”

Opposisjonen var ikkje rette staden for ein byggjande mann som Kjell Opseth. Men han lærde mykje, blant anna korleis han skulle unngå å hamna i mindretal. Han såg med mismot på eit samferdsledepartement som ikkje makta å få frå seg dei store sakene. Desto meir var det å ta fatt på då han 3. november 1990 vart utnemnd til samferdsleminister. Stamvegen aust–vest hadde det stått strid om i meir enn ein mannsalder. Opseth skaffa seg alliansar og fekk lagd stamvegen Oslo–Bergen via Fillefjell og ein rekordlang Lærdaltunnel på 24 km. SV ventar enno på at lovnadane om ein kortare Bergensbane over Ringerike, som var ein del av kompromisset, skal realiserast.

Ein norsk hovudflyplass var enno ubygd, etter at Arbeidarpartiets framlegg om Gardermoen leid nederlag 1988. Kjell Opseth trong eit år på å gjera det som trongst. Etterpå manøvrerte han saka gjennom i Stortinget, inkludert den omstridde Gardermobanen.

Kjell Opseth kan med stor rett kallast ein resultatorientert politikar. Endelause diskusjonar er ikkje hans form. Difor var heller ikkje Stortingets talarstol hans beste arena. Men han var målretta og visste korleis han skulle koma dit han ville. Evna til å “lesa Stortinget” og byggja nødvendige alliansar for å skaffa fleirtal for sakene, var vel utvikla. Det var han som avvikla telemonopolet og monopolet i lufta, og det var han som – etter fleire tiår med tomt snakk – sette endeleg sluttstrek for draumen om ein jernbane til Tromsø. Han sa også nei til Hardangerbrua.

Etter stortingskarrieren 2001 skipa Kjell Opseth eige rådgjevingsfirma og har sidan hatt styreverv i fleire private og offentlege verksemder.

Kilder og litteratur

  • HEH 1994
  • O. Kobbeltveit: “Villmannen som lagar veg i vellinga”, i SogS nr. 4/1996
  • Stortinget i navn og tall 1997–2001, 1998
  • diverse artiklar i BTid. og Aftenp.
  • samtalar med Kjell Opseth