Bonde og rosemålar. Foreldre: Bonde Ole Kittilsson Rygg (1669–1754) og Ragnhild Larsdotter Brattåker. Gift i 1760-åra med Kari Torgeirsdotter Grostølen (ca. 1739–1809 (gravlagd 22.10.)).

Kittil Rygg var den nesteldste av dei kjende rosemålarane i Hallingdal. Han vart ingen lokal stilskapar, og han hadde neppe elevar som førde yrket vidare. Likevel må han reknast som grunnleggjaren av hallingmålinga. Hans friske og frodige fargekunst eig noko av den umiskjennelege grunntonen som vart særmerkt for Hallingdal.

Då Rygg 1765 vitna i ei rettssak, vart alderen oppgjeven til 38 år. Etter dette skulle han vore fødd 1728, og det stemmer nokonlunde med alderen ved folketeljinga 1801. Men då han døydde 1809, står det i kyrkjeboka at alderen var 85 år. Er dette rett må han ha kome til verda 1724. Garden Rygg i Kvisla i Hol, som han overtok etter far sin 1754, har vore i same slekta frå om lag 1600 fram til i dag.

Vi kjenner ikkje noko arbeid av Rygg frå ungdomsåra, og vi veit ikkje kor han lærte seg målaryrket. Kanskje var han langt på veg sjølvlært, men grunnleggjande kunnskapar om fargar, bindemiddel og teknikk må han ha fått frå andre. I ungdomen kan han ha vore med føregangaren sin, Truge Olsson Gunhildgard (f. ca. 1699), eller i det minste sett han i arbeid. I så fall er det ingen nemneverdig likskap å spore i stil og uttrykksform mellom desse to pionerane.

I stilhistorisk samanheng står Kittil Rygg på ganske trygg barokkgrunn. Den nye rokokkostilen hadde han liten sans for. Berre i eitt av hans siste arbeid kan vi ane ein viss påverknad.

Med rosemålinga som attåtyrke til det tidkrevande gardsarbeidet hadde han ikkje nokon stor produksjon. Hovudverket er dekoren i Nestegardstova (no i Hol museum), som han måla og signerte 1759. Målinga er noko medteken etter nesten to hundre års bruk, men gjev likevel eit festleg og sjarmerande inntrykk. Tak og tømmervegger har kvit botn med dekorfargar i glødande mønjeraudt og engelskraudt mot kjøleg pariserblått, dertil litt okergult og grønt. Den raude skåpfargen står godt til det djupt grøne på himmelsenga, dørene og dei nederste veggstokkane. Heile rommet er overstrøydd med ein myldrande motivrikdom på vegger, tak, bjelkar, dører og møblar. Akantusranken er hovudmotivet på vegger og takpanel, elles finn vi ein rik flora av rosettar, tulipanar og fantasiblomar. Rygg vartar òg opp med figurmotiv av mange slag, både bibelske, profane og jamvel humoristiske. Tydelegvis har han nytta billedbøker og skillingtrykk til hjelp for sin eigen, fabulerande fantasi. Her er ryttarar i kamp, drustelege slott, seilskuter, fabeldyr, heimlege dyr og ikkje minst fuglar og fiskar. På “kruna” (berebjelken) sym fiskar i ei rytmisk buktande frise. Alt er komponert med god smak og sikker fargesans. Nestegardstova er eineståande i si tid.

Av andre arbeid frå Kittil Rygg si hand er det bevart 10–12 kister, nokre ølbollar, kanner og skåp. Dei fleste er daterte i tidsrommet 1793–1807.

Kittil Rygg vart aldri nokon teknisk meister. Men ein fin kolorist var han, og fantasien var like frodig i hans eldre år. Han er representert i Hol museum, Drammens Museum og Norsk Folkemuseum.

  • R. Berge: “Kjetil Rygg. Eit 150-aarsminne (1759–1909)”, i Kunst og kultur. Festskrift til Lorentz Dietrichson, 1908, s. 253–263
  • R. Asker: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • N. Ellingsgard: biografi i NKL, bd. 3, 1986