Organisasjonsleiar. Foreldre: Gardbrukar Hans Bonden (1858–1943) og Maren Teien (1865–1933). Gift 1928 med Hjørdis Ekerholt (26.5.1906–), dotter til gardbrukar Georg Ekerholt (1870–1924) og Josefine Kjærstad (1872–1961).

Karl Bonden var ein sentral organisasjonsleiar innan norsk landbruk sidan 1930-åra og som generalsekretær i Norges Bondelag vart han ein viktig aktør i etterkrigstida.

Karl Bonden voks opp i ein bondefamilie. Etter avslutta allmennskule tok han eksamen ved Vinterlandbruksskolen i Kristiania 1922. Forkurset på Hamar til Norges landbrukshøgskole avslutta han våren 1923, og etter avsluttande eksamen ved Landbrukshøgskolen våren 1926 var han eit år assistent ved jordkulturforsøka på Ås. I to år deretter, 1927–29, var han lærar ved Vinterlandbruksskolen.

1929 vart Bonden tilsett som sekretær, seinare kontorsjef, ved Norske Melkeprodusenters Landsforbund (NML). Han kom inn i forbundet midt i ein kriseperiode i jordbruket, med avsetningsvanskar og overproduksjon. Hovudproblemet låg i omsetninga av mjølk, som i 1929 representerte om lag 40 % av den samla produksjonsverdien i norsk jordbruk. Det var i desse åra kartelliseringa i jordbruket vart gjennomført. Gjennom omsetningsrådet, med heimel i Omsetningslova frå 1930, fekk samvirkeorganisasjonane i jordbruket stor innverknad på jordbruksvaremarknaden og reguleringa av den. Karl Bonden kom til å spela ei tilretteleggjarrolle som saksførebuar og administrativ leiar gjennom 16 år i den største av desse organisasjonane, NML.

Fagorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag låg nede under krigen, og det var usikkert kva rolle dei kunne koma til å spela etter at ufreden var over. Dei to siste krigsåra møttest leiarar i samvirkeorganisasjonane, som var i kontinuerleg verksemd, i hemmelege samrådingsgrupper for å dra opp linene for ein framtidig, ombygd organisasjonsstruktur i landbruket. Saman med direktør Guttorm Sollid i Norsk Kjøtt- og Fleskesentral og juridisk rådgjevar Sverre Lie var Karl Bonden med i den eine av desse gruppene. Dei tre kom tidleg til at ideen om ein felles topporganisasjon med landbrukssamvirket i leiinga, måtte leggjast bort. Eit mindre ambisiøst opplegg sikta mot å samla samvirkeorganisasjonane under ein paraply. Denne modellen vart realisert. Framlegget vart presentert for styret i NML før frigjeringa og godkjent der. Alt den 24. mai 1945 vart Felleskontoret for Landbrukets økonomiske organisasjoner etablert – i desember 1947 namneendra til Landbrukets Sentralforbund (LS). Jon Sundby vart styreformann og Karl Bonden dagleg leiar.

Norges Bondelag vart gjenreist i juli 1945. Frå første stund var det ein fagpolitisk kompetansestrid mellom dei to store organisasjonane. Striden skulle visa seg å bli ei lang konfliktline i norsk landbrukshistorie etter krigen, og den vart intensivert i tre bolkar – den første i siste delen av 1940-åra, den andre først i 1950-åra og den tredje på slutten av 1970-åra. Den første runden kulminerte vinteren 1950. Karl Bonden var bedt om å overta den ledige generalsekretærstillinga i laget i 1949. Bonden var interessert, men stilte som vilkår at samordningsproblema mellom Bondelaget og LS vart løyste først. Etter mange innspel og løysingsforsøk nådde partane fram til ein samarbeidsavtale i februar 1950. Bondelaget trekte det lengste strået, og LS måtte motvillig akseptera ein plass på sidelina i jordbruksforhandlingane med staten, som vart avtalefesta med hovedavtalen for jordbruket 1950. Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget vart statens forhandlingsmotpart. Karl Bondens overgang til Bondelaget samme år var i seg sjølv eit uttrykk for ei styrking av laget innan bonderørsla.

Den nye generalsekretæren vart ein sentral og viktig aktør i samarbeidsmiljøet mellom bondesamvirket og Bondelaget i 1950- og 1960-åra. Med avtaleverket i 1950 vart Bondelaget og dei økonomiske organisasjonane i sterkare grad avhengige av kvarandre enn dei hadde vore før. Bondelaget hadde nøkkelrolla under tingingane med Staten. Dei store samvirkeorganisasjonane var med i førebuingane til forhandlingane, og det var dei som iverksette avtalane. Med sin lange praksis i NML og tillit i samvirkeorganisasjonane spela Bonden ei viktig brubyggjarrolle desse åra.

I det korporative samarbeidet med staten som vart bygd vidare, var Bonden sentral ved sida av dei skiftande bondelagsformennene gjennom åra – som stabssjef i laget. Hovudtrekka i jordbrukspolitikken vart utmeisla i andre halvdel av 1950-åra, i Hallvard Eika si formannstid. Då fekk det forhandlings- og reguleringsregimet som varte til utgangen av 1980-åra, si form.

Bonden var administrativ leiar i Norges Bondelag i 18 år, til han 1968 gjekk over i ei seniorstilling som rådgjevar. I løpet av åra i Bondelaget var Bonden blant anna styreformann i Samvirkebanken og medlem av kontrollkomiteen i Norges Kreditforening for Land- og Skogbruk. Han var styreformann i Bondelagets folkehøgskole, som vart sett i drift 1950. Bondelaget slutta 1957 ein avtale med forsikringsselskapet Norske Forenede. Dette var den første gruppelivsavtalen her i landet, og frå Bondelaget si side var Karl Bonden og Hallvard Eika arkitektane. Bonden var seinare medlem av representantskapet og kontrollkomiteen i Norske Forenede i mange år. Han var også medlem av representantskapet i avisa Nationen i ei årrekke.

Karl Bonden vart respektert og omtykt for sitt vennesæle vesen, sine evner som kontaktskapar og brubyggjar, og for den inspirasjonen han spreidde i fagmiljøet. Han var æresmedlem i Norges Bondelag frå 1968.

  • Jordbruksavtalene 1945–1970, 1973
  • H. Borgen, S. Erland og A. Ringen: Norske melkeprodusenters landsforbund, 1881–1981, 1981
  • Årsmelding, Norges Bondelag 1985/86
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling, bd. 1 av Norges Bondelags historie, 1995
  • B. Gjerdåker: Bygdesamfunn i omvelting, bd. 2 av Norges Bondelags historie, 1995