Faktaboks

Karen Fladset
Fødd
27. mai 1944, Borgund (no Ålesund), Møre og Romsdal
Verke
Håndballspelar og -trenar
Familie
Foreldre: Fylkestrafikksjef Olav Fladset (1905–70) og Anne Marie (“Lillemor”) Hofset (1909–92). Ugift.

Karen Fladset vart rekna som den beste norske kvinnelege handballspelaren i 1970-åra, med 86 landskampar. Som landslags- og klubbtrenar var ho med på å leggje grunnlaget for den seinare suksessen til det norske damelandslaget.

Fladset debuterte på landslaget allereie som 17-åring i 1962, tre år før ho tok examen artium på Molde gymnas. Ho gav seg som landslagsspelar 1973. 1970–79 var ho både spelar og trenar for IL Vestar, det suverent beste damehandball-laget i Noreg. Vestar vann 8 seriemeisterskap og to noregsmeisterskap (cup) i denne perioden. I tillegg kom laget to gonger til semifinale i europacupen for klubblag, men begge gongene måtte dei gi tapt for austtyske lag. Dette var i ein periode då den internasjonale damehandballen vart dominert av dei såkalla austblokklanda (særleg Aust-Tyskland og Sovjetunionen). Innsatsen til Vestar var banebrytande og vart lagd merke til både i Noreg og elles i handballverda.

Karen Fladset var assisterande kvinnelandslagstrenar for Frode Kyvåg i sesongen 1975/76 og hadde ansvaret åleine for kvinnelandslaget sesongen 1982/83 og 1983/84. Medan sesongen 1982/83 gav 7. plass i verdsmeisterskapen, den beste norske prestasjonen til då, vart den neste sesongen fiasko. Då klarte ikkje det norske damehandball-landslaget å kvalifisera seg til dei olympiske leikane i Los Angeles. Etter dette gjekk Fladset av som landslagstrenar, og Sven Tore Jacobsen overtok.

Som klubbtrenar var Fladset aktiv til og med sesongen 1990/91. Etter 1980 var ho trenar for damelaga til Refstad, Bekkelaget og Toten, i tillegg til seks sesongar med IL Vestar.

Karen Fladset var på mange måtar banebrytande, men ho var ikkje den som stod fremst på barrikadane for å hevda kvinner sin rett til å drive toppidrett. Likevel var ho ein av dei fyrste kvinnelege trenarane uansett idrettsgrein som verkeleg vart teken på alvor. I tillegg til trenar- og spelarbakgrunn hadde ho utdanning frå Statens Gymnastikkskole (no Norges Idrettshøgskole). Ho var òg ein av dei få som fekk stipend ved idrettshøgskulen i perioden 1970–73. I denne perioden skreiv ho m.a. ei stipendiatoppgåve om taktikk i handball og la grunnlaget for den seinare trenarkarriera.

Karen Fladset var særleg oppteken av å utvikle handballen slik at den vart både raskare og meir teknisk. Med sin bakgrunn frå idrettshøgskulen var ho oppteken av at treningsmengdene måtte aukast, og at spelarane måtte bli i betre fysisk form. Ho var ein av dei fyrste trenarane som innførte vekttrening som del av grunnlagstreninga også for kvinner. I tillegg var ho oppteken av laget som samhandlingsarena. Sjølv om ho stilte strenge krav og til og med kunne vera litt autoritær i leiarstilen, vart ho av fleire spelarar skildra som ein trenar som var involverande, ein trenar som brydde seg.

Fladset var trenar i ein periode da det var lite økonomisk gevinst å henta på å vera trenar, så ho har i alle åra hatt andre jobbar. På idrettshøgskulen vart ho utdanna som kroppsøvingslærar. Ho har undervist både ved Norges Idrettshøgskole og ved Lambertseter vidaregåande skule, der ho framleis har arbeidsplassen sin. Ho har òg vore ei kjend radiostemme som ekspertkommentator ved sida av den tidlegare Vestar-spelaren Unni Anisdahl i NRK-radiosporten frå 1985 til 1999.

Ingen suksess kjem utan vidare, heller ikkje for det norske kvinnelandslaget i handball. Sjølv om Karen Fladset ikkje direkte hadde noko å gjera med suksessen til det norske kvinnehandball-landslaget frå slutten av 1980-åra, er det klart at ho har vore ein viktig faktor for norsk kvinnehandball. Med den entusiasme og dugleik ho viste i perioden før den norske suksessen, m.a. som landslagstrenar for dagens (2000) trenar Marit Breivik, samt som spelar, trenar og ekspertkommentator i nærare 40 år, har ho vore ei drivkraft for å auka kvaliteten på norsk kvinnehandball. Ho var òg ein allsidig idrettsutøvar, og i tillegg til handballmerittane har ho tre noregsmeisterskap i friidrett (diskos) – 1962, 1966 og 1967.

Kilder og litteratur

  • Telefonintervju med Karen Fladset, Oddmund Kyllesø (IL Vestar), Kari Aagaard, Grethe Ånerud og Lars Tore Ronglan (alle Norges Handballforbund)