Faktaboks

K.K. Heje
Knut Knutsen Heje
Fødd
25. desember 1852, Nes (no Flå), Buskerud
Død
19. september 1942, Oslo
Verke
Landbruksmann og fabrikkeigar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Knud Knudsen Heje (1818–84) og Gunbjørg Knudsdatter Kolsrud (1828–78). Gift 1880 med Bertha Kjuus (4.7.1861–7.2.1933), dotter til gardbrukar Anders Sørensen Kjuus (1829–1904) og Indiane Gulbrandsdatter Maarud (1829–1904).

Knut K. Heje er først og fremst kjent for sin innsats for landbruksnæringa, der han hadde ei rekkje framståande verv, men han var også fabrikkeigar og mangårig direksjonsmedlem i Norges Bank.

Heje voks opp i Flå i Hallingdal. Foreldra var gardbrukarar, og han sjølv tok landbruksutdanning, først ved Jønsberg landbruksskole og dernest ved Aas høiere Landbruksskole (1875–76). Han kom deretter ein kort periode tilbake til Jønsberg som konstituert styrar, før han han 1877–81 var amtsagronom i Akershus, avbrote med eitt år i København, der han studerte meierilære ved landbrukshøgskolen.

1880 vart han disponent ved Kristiania Meieribolag, som då var nesten fallitt; då han gjekk av 1893, stod bedrifta på solid grunn. Mellom anna var det meieribolaget som innførte den første separatoren eller avskummingsmaskinen i Noreg, og som disponent gjorde Heje ein stor innsats for å organisere mjølkeforsyninga i hovudstaden. Også på andre måtar var han med på å fremje utviklinga i meierisektoren. Han gav råd og støtte ved utbygginga av meieri utover landet. 1881 var han ei drivande kraft bak skipinga av Den norske Meieriforening, som 1920 vart omskipa til Norske Melkeprodusenters Landsforbund, og han sat som formann i foreininga fram til 1886. Han sat også sentralt i ei rekkje andre organisasjonar og institusjonar knytte til landbruket, m.a. i Havebrukernes Venner, Akershus landbruksselskap, Norges Vel, Det norske Myrselskap, Vinterlandbruksskolen og Sem landbruksskole.

1882 oppretta Heje Norsk Landmandsblad, som han åtte og redigerte fram til 1918. I fleire år var dette det einaste landbruksbladet i landet, og Heje brukte det til å spreie opplysning om næringa og propagandere for landbrukspolitiske spørsmål. I 1890-åra gjekk han t.d. mot opprettinga av Norsk Landmandsforbund. Her var det lojaliteten til Venstre som spelte inn; Heje var aktiv i partiets arbeid i hovudstaden. Seinare kom han likevel til å støtte programmet til forbundet. Det galdt t.d. landmannsprogrammet 1915, då Heje stilte som kandidat for Venstre til Stortinget, men utan å bli valt.

Som skribent var Heje aktiv på fleire område. Saman med kona si, Bertha, redigerte han bladet Husmoderen 1887–94. Han gav også ut ei rekkje skrifter om landbruksspørsmål, dei fleste om mjølkeproduksjon og meierispørsmål. Mest kjent er han elles for Hejes lommealmanakk for landmænd, som han gav ut frå 1883 og som seinare vart utvida til å omfatte “sagbrukere, skogbrukere og meierister”. Denne almanakken vart svært populær og trykt i store opplag. Heje redigerte den fram til 1926, men sjølv etter den tid, også etter at han døde, vart landbruksalmanakken gjeven ut i hans namn.

1885 byrja Heje å framstille margarin, og saman med ingeniør J. A. Mørch bygde han opp Agra Margarinfabrikk i Kristiania, ein av dei første fabrikkane i sitt slag i landet. Mørch drog seg ut 1895, og Heje heldt då fram som eineeigar. Etter at mellomrikslova, som hadde sikra tollfridom for norske produkt på den svenske marknaden, vart oppheva, grunnla han 1897 ein filial i Stockholm, og han vart med dette ein av dei større margarinprodusentane i Norden. Heje sat som adminstrerande direktør for fabrikken til 1914, då firmaet vart gjort om til aksjeselskap. Han heldt då fram som styreformann. Han vart sitjande i dette vervet også etter at den internasjonale feitt-trusten Unilever 1929 skaffa seg aksjemajoriteten i selskapet. Samarbeidet med Unilever, både på det tekniske og økonomiske området, hadde då alt pågått i 10 år. 1894 vart Heje oppnemnt av Stortinget i direksjonen i Norges Bank, og han sat samanhengande i dette vervet i 36 år, fram til 1930. Heje vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1900.

Verker

  • Hejes lommealmanakk for landmænd, 1883 (og seinare utg., frå 1988 med tittelen Håndbok for jordbruket)
  • Om melkekjørs opdræt, fodring, røgt og pleie, 1883 (3. oppl. 1884)
  • Dagbog for kreaturstellet på gården (sm.m. N. Ødegaard), 1883 (og senere utg.)

Kilder og litteratur

  • T. Skatvedt: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • HEH 1938
  • C.-H. Jeger (red.): A/S Agra margarinfabrikk, Oslo 1885–1960. Norsk margarin i 75 år, 1960
  • P. Borgedal: Norges jordbruk i nyere tid, 2 bd., 1966–68
  • F. Hodne: Norsk økonomisk historie 1815–1970, 1981
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880 åra til 1905, 1984
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 i O. Rovde og B. Gjerdåker: Norges Bondelag 1896–1996, 1996