Norsk skald. Ættebakgrunn er ukjend.

Jorunn Skaldmøy er ein av dei få kvinnelege skaldane vi kjenner frå norrøn tid.

Tilnamnet Skaldmøy tyder på at Jorunn fekk ry som skald alt som ung. Heimskringla, Den særskilde (Den store) soga om Olav den heilage og Den store soga om Olav Tryggvason nemner Jorunn Skaldmøy i samband med at det vert fortalt om ein konflikt mellom kong Harald Hårfagre og sonen Halvdan Svarte, der skalden Guttorm Sindre fekk i stand forlik mellom partane. “Om dette dikta Jorunn Skaldmøy nokre strofer (eller: denne strofa) i Sendebit,” står det i kongesogene. Handskrift av Heimskringla, Den store soga om Olav Tryggvason og Den særskilde soga om Olav den heilage siterer så ei halvstrofe av diktet (strofe 2 i Finnur Jónssons utgåve av skaldedikta), ei ny halvstrofe og to strofer (strofe 3, 4 og 5 sst.) er siterte berre i eitt handskrift (AM 75c fol.) av Den særskilde soga om Olav den heilage. I to av strofene er Guttorm Sindre nemnd ved namn eller tilnamn. Det er difor grunn til å tru at strofene i dette handskriftet også er frå Sendebit. Endå ei halvstrofe etter Jorunn er sitert i Snorres Edda (strofe 1 i Finnur Jónssons utgåve). Også denne strofa har vore rekna til diktet Sendebit. Desse to strofene og tre halvstrofene, alle i versemålet drottkvætt, er alt som er overlevert av diktinga etter Jorunn Skaldmøy.

I halvstrofa i Snorres Edda rosar Jorunn kongen for å ha raudfarga våpna i blodet til pakk (úþjóð). Denne strofa har vore sett i samband med den vesterhavsferda Harald Hårfagre ifølgje Orkneyinga saga og Heimskringla skal ha gjort for å tukte vikingar som gjekk til åtak på Noreg frå øyane i vest. Dei andre strofene synest å referere til den striden mellom kongane som er nemnd i kongesogene.

Namnet Sendebit (norrønt Sendibítr eller Sendibit) er ikkje sikkert tolka. Ei tolking har vore 'bitande sending'. Tolkinga kan finne støtte i Jorunns eiga omtale av diktet i strofe 2, der ho seier at krigaren (kongen) vil finne diktet svartleitt (svartleitr). Kva dette siktar til, om diktet eventuelt har innehalde kritikk, gjev dei overleverte strofene ikkje grunnlag for å dra sikre slutningar om.

Sendebit må vere dikta seint i styringstida til Harald Hårfagre, sidan bakgrunnen for diktet skal ha vore ein strid mellom dei vaksne sønene hans, Eirik Blodøks og Halvdan Svarte, der Harald sjølv tok parti med Eirik. Finnur Jónsson meiner Jorunn Skaldmøy var ein litt yngre samtidig av skalden Guttorm Sindre. Men at ho i diktet kommenterer striden mellom kongane, og gjev ros til ein samtidig skald, tyder på at ho uttalar seg med stor autoritet. Det kan vere eit indisium på at Jorunn på dette tidspunktet var ei eldre kvinne, og like gjerne ein eldre som ein yngre samtidig til Guttorm Sindre. I tilfelle var ho fødd på 800-talet.

Jorunn Skaldmøy er ikkje nemnd mellom hirdskaldane til Harald Hårfagre i Skáldatal (islandsk liste frå 1200-talet over hirdskaldane til ulike kongar og jarlar). Men diktinga hennar er om eller til denne kongen. Det er mogeleg at Jorunn Skaldmøy som kvinne hadde vanskelegare for å vinne innpass i det krigerske miljøet rundt Harald Hårfagre enn mannlege skaldar, og at ho derfor var lausare knytt til hirda enn mannlege hirdskaldar og av den grunn ikkje er rekna mellom hirdskaldane til kongen.

  • Sendibit er publisert i Finnur Jónsson: Den norsk-islandske skjaldedigtning,IA s. 60–61, IB s. 53–54, København 1912–15
  • HKr.
  • Finnur Jónsson: Den norsk-islandske skjaldedigning,København 1912–15
  • d.s.: Den oldnorske og oldislandske literaturs historie,2. utg., bd. 1, København 1920
  • O. A. Johnsen og Jón Helgason (utg.): Den store saga om Olav den hellige,1941
  • J. de Vries: Altnordische Literaturgeschichte,bd. 1, Berlin 1964
  • Ólafur Halldórsson (red.): Oláfs saga Tryggvasonar in mesta,bd. 1–3, København 1958–2000