Jurist og politikar. Foreldre: Regimentskvartermeister og auditør Børge Jonassen Hielm (1740–1810) og Hulleborg Abel (1762–1834). Gift i København 30.12.1807 med Sophie Magdalene Bøegh (8.8.1788–28.1.1863), dotter til amtsforvaltar Nils Sommerfelt Bøegh og Dorothea Kraft. Bror til Hans Abel Hielm (1792–1869).

Jonas Anton Hielm var ein engasjert og frimodig jurist og opposisjonsleiar. Han var ein markant talsmann for nasjonale og liberale idear. Som stortingsmann var han nært knytt til bondeopposisjonen, og han var sentral i mange unionspolitiske saker.

Hielm vart student med godt resultat 1797, før han fylte 15 år, og vart cand.jur. i København 1800. Frå 1804 var han auditør ved ulike regiment i København, 1811 overauditør og 1812 høgsterettsadvokat i København. Dei fyrste åra av sitt yrkesliv i København levde han under økonomisk vanskelege kår.

Hielm var glødande oppteken av dei nasjonale interessene til Noreg, og då nordmenn i København danna “Nordmandsforeningen” i februar 1814, vart han ein av dei ivrigaste. Wergeland kalla Hielm “det rastløse hjul”. Hielm vart òg formann i foreininga saman med Christen Pram og Jørgen Herman Vogt. Straks ryktene om oppstanden mot Kielfreden nådde København, skreiv Hielm til Christian Frederik og tilbaud si arbeidskraft. Han drøymde nok om ei politisk karriere i eit fritt Noreg. Men då han tok avskil frå sine stillingar i København og kom til Christiania i september 1814, hadde situasjonen endra seg.

I åra etter 1814 var Hielm svært aktiv og engasjerte seg på mange felt, både som jurist og som opposisjonsleiar. Han vart sakførar då han kom til Christiania, og frå november 1814 advokat ved den norske Høgsteretten. 1815–16 var han konstituert dosent i “lovkyndighet” ved universitetet, og som statsrevisor 1815–21 spelte han ei viktig rolle i organiseringa av statsrevisjonen.

Åra 1814 til 1821 er den store perioden til Hielm som advokat. Han fekk ord på seg for å vera ein svært skarp og dugande forsvarsadvokat, og var både frykta og respektert. Advokatpraksisen var omfattande og gav gode inntekter. Han hadde stor arbeidskapasitet, førte 80–90 saker for Høgsterett det fyrste året, og var involvert i mange oppsiktsvekkjande og spesielle saker. I tillegg var hans arbeidsmåte og prosedyre uvanleg og vekte oppsikt. Han gjekk gjerne rett til kjernen i saka, lot bagatellar og det uvesentlege liggja, og la argumentasjonen på eit prinsipielt plan. Han hadde store retoriske evner. Det vart sagt at han ikkje hadde nokon vakker tale, “stemmen var uheldig”, men likevel vart hans innlegg omtala som “kunstverk”. Særleg hadde han i denne perioden mykje å gjera med trykkefridomssaker, noko som passa godt til hans opposisjonelle og radikale politiske haldning. Hielm var temperamentsfull og frimodig i sine ytringar, og dette førte til at han fleire gonger vart bøtlagt for formelle feil, og for å ha uttrykt seg upassande i retten.

Hielm vart utnemnd til regjeringsadvokat 1820, men det skulle snart visa seg at det var vanskeleg å kombinera denne posisjonen med hans rolle som ein ivrig opposisjonsmann. Hans opposisjon kom særleg til syne i Det Norske Nationalblad. Her var han ein aktiv skribent, og han vart sett på som den eigentlege hovudmannen bak bladet, sjølv om hans yngre bror Hans Abel Hielm formelt stod som utgjevar. Men Hielm dreiv sin politiske kamp på fleire arenaer. Han hadde nær kontakt med opposisjonen på Stortinga 1815–16 og 1818, og han vart skulda for å vera ein “bakmann” og forsyna stortingsmennene med argument og framlegg.

Det som skulle øydeleggja advokatkarriera til Hielm, var to anonyme artiklar i Nationalbladet 1821, der han kom med temmeleg grove påstandar mot Christian Magnus Falsen. Det vart reist trykkefridomssak, men utgjevaren nekta å oppgje namnet på forfattaren og vart dømd til landsforvising og seinare til fengselsstraff. Jonas Anton Hielm fekk så ein underslagsdømt og fengsla student til å utgje seg for forfattar. Men då dette vart avslørt, vart han tiltalt og suspendert som regjeringsadvokat og høgsterettsadvokat 1822. Etter kvart måtte Hans Hielm innrømma at det var broren som stod bak artiklane, og han vart tiltalt for dette òg.

Det vart fleire rettssaker mot Hielm, og det tok tid før det vart endeleg dom i saka. I fyrste omgang vart han dømd til tap av embetet og til landsforvising. 1825 gjorde Høgsterett om dommen til ein bot på 500 spesidalar. Like etter vart han avsett som regjeringsadvokat, noko som var ei juridisk tvilsam avgjerd, og Hielm skreiv eit langt forsvarsskrift til Stortinget. Han fekk ikkje embetet attende, men Stortinget gav han gasjen på 504 spesidalar som årleg pensjon. Saka førte til at dei to brørne vart uvener, og krangelen hamna i rettsapparatet, der dei krangla om det økonomiske oppgjeret etter Nationalbladet.

Etter dette kom ein tung periode for Hielm, advokatkarrieren var øydelagd, og han sleit med dårleg helse. Han kjøpte Alby gard på Jeløya og busette seg der. Dei neste åra var han engasjert med å skriva og publisera og gav 1830–32 anonymt ut Almindeligt Norsk Maandesskrift. Hans sympatiar for norskdomsarbeid og tanken om språkleg fornorsking kom klårt til syne i bladet.

Hielm meinte at talemålet var det eigentlege nasjonalmålet, og at det i Noreg fanst tre hovuddialektar: fjellmålet med slektskap til oldnordisk, bymåla som hadde grunnlag i eller var påverka av norsk, og skriftspråket som var dansk. Han tenkte seg eit sjølvstendig norsk skriftmål med utgangspunkt i bymåla, men som skulle ta opp i seg ord frå det “langt fuldkomnere bondesprog” og kom med framlegg om at det i fyrste omgang burde lagast ein norsk grammatikk og ei norsk ordbok.

Etter at Hielm vart jordeigar på Jeløya, kunne han veljast til Stortinget frå Smaalenenes Amt. Han vart vald 1830, 1833, 1836/37 og 1842 og var medlem av Lagtinget alle periodane. Han vart òg vald til Stortinget 1839, men sa frå seg valet.

Ein snakka i 1833 gjerne om den “Hielm'ske opposisjon”. Sjølv om dette berre er delvis rett, stod han fram som leiar av opposisjonen i mange saker og viste eit glødande engasjement på Stortingets talarstol. Han la òg her hovudvekta på det prinsipielle, og han kunne vera ganske kvass i tonen.

På Stortinget var Hielm ein av dei ivrigaste og mest markante talsmenn for nye nasjonale og liberale idear. På “bondestortinget” 1833 hadde han nær kontakt med John Neergaard og andre framståande bønder, og i mange saker fungerte Hielm som ein juridisk rådgjevar for bøndene. Han støtta bondeopposisjonen under leiing av Ole Gabriel Ueland i mange saker, men fekk ikkje alltid støtte attende. Sjølv hadde han nok gjerne sett at ein kunne danna eit verkeleg parti av bønder og den liberale opposisjonen. Medan bøndene ville spara og knipa inn på budsjettet på mange punkt, var Hielm ein ivrig talsmann for løyvingar til t.d. gasjar, universitetet og til fengselsvesenet, og var såleis ikkje alltid samd i bøndene si spareline. Han prøvde å få med seg bøndene i utanrikssaker, nasjonale og konstitusjonelle spørsmål, men lukkast ikkje med det.

I unionspolitikken var Hielm ein ivrig talsmann for full jamstelling mellom Noreg og Sverige i diplomatiske saker. Han var òg ein varm forkjempar for å gje jødane tilgang til riket. 1830 gjorde han framlegg om at diplomatiske saker som hadde interesse både for Noreg og Sverige, ikkje skulle handsamast berre av den svenske regjeringa, men i samarbeid med den norske statsrådavdelinga i Stockholm. Mange meinte at framlegget gjekk for langt, og Stortinget ville ikkje ta opp spørsmålet korkje 1830 eller 1833. I tida fram til Stortinget 1836 prøvde regjeringa å koma opposisjonen i møte. Resultatet vart at den norske statsministeren eller ein annan norsk statsråd skulle vera til stades i ministerielt statsråd når utanrikssaker som gjaldt Noreg vart tekne opp, og konsular skulle utnemnast i samansett svensk-norsk statsråd og gjera eid som både norske og svenske embetsmenn. Men Hielm og hans meiningsfeller slo seg ikkje til ro med dette, dei ville ha full jamstelling mellom dei to landa.

På det radikale Stortinget 1836 kom Hielm med framlegg om å ta bort alle hindringar for bruk av norsk handelsflagg, og han ville òg ha eit eige norsk orlogsflagg. Samstundes kom det framlegg frå dei fire representantane frå Christiania om at Stortinget skulle senda ei adresse til kongen der det vart bede om eiga norsk flagglov, og at handelsflagget skulle kunne brukast i alle farvatn. Ein ville at den unionelle jamstellinga skulle koma klårt til uttrykk i alle rikssymbol, og at Noreg skulle delta i handsaminga av utanrikssaker på like fot med Sverige. Adressa vart aldri vedteken, sidan kongen brått oppløyste Stortinget 8. juli 1836. Men det vart kalla inn til omframt Storting om hausten same året, og då kom saka opp att. Hielm vart medlem av ein komité som skulle greia ut saka, og det enda med at frå 1838 kunne handelsflagget brukast på alle hav. Hielm stod fram som ein av dei leiande i denne saka, og vart saman med m.a. Herman Foss hylla som ein nasjonal helt. Dei to vart rosa i sterke ordelag (“Geni! Geni”) av Henrik Wergeland, som òg hyller han i diktet “Gangspilvise” om briggen “Jonas Anton Hielm” frå 1839: “Hurra for Jonas Anton Hielm!”

På si siste stortingssamling 1842 var Hielm svekt av sjukdom, men markerte seg likevel i kampen mot den såkalla jødeparagrafen i Grunnlova. Han tok opp att sitt virke som høgsterettsadvokat i 1830-åra, men vart aldri like aktiv som i sin fyrste periode. Han tok avskil 1847 og døydde året etter.

  • Artiklar i Det Norske Nationalblad1815–21
  • medutgjevar av Juridisk Repertorium, 1818–23
  • Til Storthinget angaaende min retlige Stilling som Regjeringsadvokat, 1827
  • utgjevar av Almindeligt Norsk Maanedsskrivt, 1830–32
  • Forslag angaaende en Revision af Lovbestemmelserne om Skydsgodtgjørelse for Embedsmænd, m.v., 1838
  • Biografi (med bibliografi) i NFL, bd. 2, 1888
  • J. Løvland: biografi i H. Koht (red.): Våre høvdinger, bd. 1, Trondheim 1929
  • biografi i Finne-Grønn, bd. 2, 1932
  • F. C. Wildhagen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • R. Laache: Nordmenn og svensker efter 1814. Spredte trekk som bidrag til unionens historie, 1941
  • S. Steen: Det frie Norge, bd. 1–5, 1951–62
  • A. Kaartvedt: Fra Riksforsamlingen til 1869, bd. 1 av A. Kaartvedt, R. Danielsen og T. Greve: Det Norske Storting gjennom 150 år, 1964
  • J. A. Seip: Utsikt over Norges historie, bd. 1: Tidsrommet 1814–ca. 1860, 1974
  • Y. Skjæveland: Nasjonal retorikk i Det norske Nationalblad 1815-1821, KULTs skriftserie nr. 62, 1996

    Kunstnarlege portrett

  • Miniatyrmåleri av ukjend kunstnar, 1806; attgjeve i H. Koht (red.): Våre høvdinger, bd. 1, Trondheim 1929, s. 97
  • Xylografi (brystbilete) etter teikning av Johannes Flintoe, u.å.; attgjeve i Finne-Grønn, bd. 2, 1932, s. 37