Faktaboks

Jon Guttormssøn
Fødd
20. september 1577
Død
Stavanger, Rogaland
Levetidskommentar
Nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjent, død før 20.september 1577
Verke
Superintendent
Familie
Foreldre er ikkje kjende. Gift med Anna Eriksdatter, dotter til Erik Ormssøn til Vatne og Kristina Torsteinsdatter.

Jon Guttormssøn var den første evangeliske superintendenten (biskopen) i Stavanger stift, og han la grunnlaget for å gjennomføre den religiøse delen av reformasjonen i stiftet.

Det har lenge vore hevda at Jon Guttormssøn kom frå ei gammal norsk adelslekt, og at faren var lagmann i Bergen, der sonen skulle vere fødd tidleg på 1500-talet. Dette er nok ikkje rett, men utan at det er mogleg å seie sikkert kvar han kom frå. Kanskje var han frå Agder. Om utdanninga hans veit ein heller ikkje noko sikkert. Det er rimeleg å gå ut frå at Guttormssøn gjekk på katedralskule i ein av stiftsbyane sør i landet og at han så studerte i utlandet, truleg i København.

Det er sannsynleg at han var medlem av domkapitlet i Stavanger i katolsk tid. 20. mars 1541 vart han utnemnd til luthersk biskop (superintendent) i Stavanger stift. Han var den andre evangeliske superintendenten som vart utnemnd i Noreg. Kong Christian 3 la tydeleg vekt på å utnemne evangeliske superintendentar som var sterkt knytte til den gamle norske kyrkja. Korleis Jon Guttormssøn stilte seg til lutherdommen, er det ikkje grunnlag for å seie noko sikkert om. At han kjende den nye rørsla, er klart nok. Men om han hadde teke til seg den nye trua, er uvisst.

Som ny evangelisk superintendent i Stavanger fekk Jon Guttormssøn ei viktig oppgåve med å gjere overgangen til det nye så lempeleg som mogleg. 1544 kom han, saman med den nye lensherren Christoffer Huitfeldt, med ei fråsegn som gjorde gjeldande at allmugen plikta å byggje og halde ved like kyrkjene og betale tiende til prestar og kyrkjer. Folk ville utnytte den religiøse overgangen til å fri seg frå gamle økonomiske plikter i forhold til kyrkja, og i tillegg kom eit nytt krav som følgje av reformasjonen: Det skulle byggjast preikestolar i alle kyrkjene. Allmugen fekk dessutan påtale fordi dei heldt seg borte frå bispevisitasar og ikkje sende bod på presten til sjuke og døyande. Dette er eit døme på at passiv motstand var ein folkeleg reaksjon på reformasjonen.

Domkyrkja i Stavanger var forfallen, og 1550 klaga Jon Guttormssøn direkte til kongen: Fordi kyrkjegodset hadde vorte sekularisert, var det ikkje pengar til vedlikehald. Kongen gav ordre om at kyrkja måtte få noko av jordegodset tilbake, og 1554–56 kunne Jon Guttormssøn leie eit omfattande restaureringsarbeid ved domkyrkja.

For å kunne setje reformasjonen ut i livet var det viktig med prestar som hadde tileigna seg den nye trua. Jon Guttormssøn fekk omforma den gamle katedralskulen i Stavanger til ein luthersk presteskule, og han arbeidde for å sikre at skulen fekk lokale og inntekter til lærarlønn og økonomisk hjelp til fattige elevar.

Men kyrkja hadde vanskelege økonomiske kår. Etter nyåret 1557 var Jon Guttormssøn i København og leverte kongen ei framstilling over brest og manglar i stiftet. Krava som han sette fram, var ikkje urimelege, men kongen viste manglande interesse. I løpet av opphaldet i København må biskopen ha fått det klart for seg at han på grunn av den dårlege økonomien ikkje kunne vere ansvarleg for den kyrkjelege situasjonen i stiftet lenger. Dermed såg han ikkje annan utveg enn å seie frå seg embetet som superintendent (27. januar 1557). Det skulle gå fleire generasjonar før Noreg igjen fekk ein norskfødd biskop.

Seinare møter vi Jon Guttormssøn som sokneprest i Stavanger. Det er kjent at han kom i strid med andre prestar om økonomiske rettar. 1570 reiste han til København og la saka fram for kongen, som gav han medhald. Han arbeidde dessutan ut ein oversikt som gjorde det mogleg for biskop Jørgen Erikssøn endeleg å få orden på dei kompliserte økonomiske forholda i stiftet.

Kilder og litteratur

  • A. Faye: Christianssands Stifts Bispe- og Stiftshistorie, 1867
  • A. C. Bang: Den norske Kirkes Historie i Reformations-Aarhundredet, 1895
  • d.s.: Den norske Kirkes Geistlighed i Reformations-Aarhundredet, 1897
  • J. V. Kvam: Den norske Kirkes Biskoper efter Reformationen, 1909
  • O. Kolsrud: “Stavanger bispestol”, i Stavanger 1125 – 1425 – 1925,Stavanger 1925, s. 36–84
  • J. Elgvin: En by i kamp. Stavanger bys historie 1536–1814, Stavanger 1956
  • K. Valkner: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • B. Oftestad m.fl.: Norsk kirkehistorie, 2. utg., 1993
  • Ø. Rian: Den aristokratiske fyrstestaten 1536–1648, bd. 2 i Danmark-Norge 1380–1814, 1997