John Neergaard arbeidde for å gje bøndene meir makt i den nasjonale politikken og var den fyrste store politiske agitatoren her til lands.
Neergaard var fødd i Rindal. Han vart farlaus som 11-åring, og for å spe på gardsinntekta søkte han teneste som gjetar. Han var såleis ute i all slags ver, og dette gjorde at han vart plaga med gikt. Han lånte lærebøker i medisin hjå ein dokter og fekk stor interesse for emnet. I vaksen alder hjelpte han sjuke og let dei ofte bu hjå seg, noko som sette han i konflikt med kvakksalvarlova. Han var òg lovkunnig og brukte også denne kunnskapen til folkets beste. Han vart ein talsmann for bygdefolket mot embetsmennene.
Ved stortingsvalet 1827 vart Neergaard vald til representant for Romsdals amt. Embetsmennene såg med mistru på denne representanten for bondestanden, og sjølv om han vart varamann ved valet 1830, sytte embetsmennene på tinget for at Neergaard ikkje vart innkalla då den valde representanten vart sjuk. Neergaard brukte i staden denne sommaren til å skriva Ola-boka.
Denne boka er forma som ein kort samtale mellom fire personar – ein bymann, ein bergverksbetjent, ein klokkar og bonden Ola. Ola er i utgangspunktet ein ikkje altfor reflektert person, utan interesse for det som skjer på Stortinget, men i løpet av samtalen går mykje opp for han. Boka sluttar med at han vil fortelja det han har lært, vidare til andre bønder. Hovudtanken i boka er at så lenge det er fleirtal av embetsmenn på Stortinget, vil ikkje dei økonomiske kåra for bønder verta betre – bønder bør difor røysta på bønder.
Dei neste åra reiste Neergaard rundt i landet for å spreia boka til så mange som råd. Dette var den fyrste politiske agitasjonsreisa i landet, og for ikkje å verta teken for brot på lausgjengarlova eller på vallova av 1828 dreiv han samstundes med handel av hestar og sild. Han kalla ikkje inn til politiske møte, men vitja gardar og snakka med folket der.
Agitasjonen gav resultat, og ved valet 1833 auka talet på tingvalde bønder frå 21 til 45, medan talet på embetsmenn minka frå 43 til 35. Neergaard kom inn att på tinget og vart ein av førarane for bøndene der.
Den viktigaste saka for bøndene på Stortinget var framdrivinga av kommunalt sjølvstyre. August 1833 vedtok Stortinget eit framlegg som i all hovudsak var utarbeidd av Neergaard. Dette vedtaket vart i fyrste omgang for demokratisk for kongen, og lova vart ikkje sanksjonert før januar 1837, då ei kongeleg nemnd vurderte framlegget som tenleg. Neergaard har difor, med rette, vore kalla formannskapslovas far.
Neergaard vart vald til tingmann ved ni høve og var ein aktiv politikar, som støtt fremja nye forslag, heile tida med det som mål å betra tilhøva for bøndene.
1836 vart Neergaard tilsett som lensmann i Øre på Nordmøre, og han vart verande i denne stillinga til 1854. Det året vart han suspendert frå stillinga etter at han vart skulda for å ha drive svikhandel. Tre år seinare fall domen, og han miste lensmannsembetet og var seinare aldri aktuell som tingmann. Han sat likevel som ordførar i Øre kommune i to periodar.
I mykje av si gjerning var Neergaard ein kontroversiell mann. Etter å ha fått tips om at det var sikkert å investera pengar i jordbrukseigedomar, kjøpte han opp mange gardar, og han sat på det meste med 13 gardar samstundes. Han tente godt på å låna ut pengar mot høge renter, og skal òg, sjølv om han var med på å laga lover mot brennevinsproduksjon, ha drive med heimebrenning.
1845 gifte han seg med enkja på garden Dønnem i Øre, og dette vart heimstaden hans livet ut. Han vart aldri nokon stor jordbrukar, og så lenge han sat som lensmann, var det kona som stod for den daglege drifta av garden. Men sjølv om han ikkje tok aktivt del i gardsdrifta, hadde han eit ope auga for nyvinningar han såg på ferdene sine, og han var fyrstemann i bygda som tok i bruk hjelpemiddel som treskeverk og sirkelsag.