Faktaboks

Johan J. Jakobsen
Johan Jakob Jakobsen
Fødd
15. april 1937, Klinga (no Namsos), Nord-Trøndelag
Død
30. juni 2018
Verke
Politikar og sivilagronom
Familie
Foreldre: Fylkesagronom Harald Jakobsen (1899–1985) og husstellærar Gjertrud Myklebost (1907–2001). Gift 1961 med Elin Hagen (26.1.1938—), dotter til skogsarbeidar Nikolai Hagen (1894–1985) og Sofie Dæhlin (1902–46).
Johan J Jakobsen
Johan J Jakobsen
Av /NTB Scanpix ※.
Johan J. Jakobsen
Av /Stortingsarkivet.

Johan J. Jakobsen – eller JJJ – var mellom dei fremste parlamentarikarane i landet i fleire tiår. Som partileiar og parlamentarisk leiar spelte han ei vesentleg rolle for Senterpartiets påverknad i rikspolitikken. Han sat som statsråd i to borgarlege regjeringar, men det er likevel hans parlamentariske evner som gjorde JJJ til eit omgrep med tyngde i norsk politikk.

Jakobsen oppfyller biletet av den tradisjonelle senterpartist: Han er oppvaksen på garden Lønset i Spillumgrenda i Klinga med foreldre som var knytta til landbruket gjennom kultur- og yrkesbakgrunn. Han tok examen artium ved Namsos gymnas 1956, gjekk befalsskule i Bergen 1957 og var ferdig agronom frå Jønsberg landbruksskule 1959. Deretter studerte han ved Norges landbrukshøgskule på Ås og var ferdig sivilagronom 1962. Etter eksamen var han til 1972 avdelingsstyrar for Felleskjøpet i Namsos og A/L Namdal Kornsilo. Samstundes med at han stifta familie og overtok heimgarden, byrja den politiske aktiviteten hans på både riks- og lokalplan: politisk nestformann i Senterungdommen 1967–69, vararepresentant til Stortinget 1969–73, medlem i Senterpartiets programkomité 1969, 1973 og formann 1977, medlem av Namsos formannsskap 1967–72 og av Nord-Trøndelag fylkesting 1971–73. 1972–73 var Jakobsen politisk sekretær i Samferdselsdepartementet (Korvald-regjeringa), og 1973 blei han stortingsrepresentant. Frå no av var han rikspolitikar på heiltid, og det skulle vare i 28 år. Ved valet 2001 sa han frå seg attval.

Jakobsen fortel i boka si Mot strømmen at han ikkje var spesielt politisk interessert da han melde seg inn i Senterpartiet som nyutdanna, nygift og tilbakeflytta ung mann 1962. Det var fjernsynsoverføringa frå stortingsdebattane om Kings Bay-dramaet 1963 som blei ein politisk vekkjar. Men han har ein politisk ane: Oldefaren Ole Nilssen representerte Romsdals amt på Stortinget 1864–93.

1977 steig Jakobsen i parlamentarisk rang ved å bli medlem av utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han blei også parlamentarisk leiar. 1979 avløyste han Gunnar Stålsett som partileiar og heldt fram i vervet i 12 år. Med Jakobsen fekk partiet ein samlande leiar med store diplomatiske evner. Partihistorikaren Roar Madsen legg til: “Kontinuiteten i leiinga gjennom 1980-åra må ha kome godt med i strevet med å berge partiskuta gjennom brottsjøane.” Jakobsen seier sjølv at han er meir resultatorientert enn visjonær. Oppslutninga om partiet gjekk ikkje framover i Jakobsens leiartid; i 1980-åra gjorde Senterpartiet sine til da dårlegaste val i etterkrigstida. Partiet stod på sidelina andsynes Høgre-bylgjas offensiv for avregulering og privatisering. Dessutan fekk dei lite merksemd om tradisjonelle senterpartisaker som landbruks- og distriktspolitikk. Det gjorde ikkje situasjonen lettare at Senterpartiet i samarbeidets namn var med på å setje i verk høgrepolitikken.

Sjølv seier Jakobsen at den vanskelegaste saka han var med på i tida som partileiar, var spørsmålet om politiaksjonane 1981 i samband med Alta-Kautokeino-utbygginga. Han var sterkt kritisk, men likevel ikkje så kritisk som fleirtalet i sentralstyret, som bad stortingsgruppa gå imot løyving til politiaksjonane. Han valde å slutte seg til fleirtalet, men kom da i mindretal i den stortingsgruppa han var sett til å leie.

I den såkalla pinsetalen 1983 opna Jakobsen for at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti kunne samarbeide med Høgre i regjering. Det var slett ikkje eit ukontroversielt synspunkt i eit parti som hugsa vel kva som skjedde da Borten måtte kaste staurane 1971. Juni 1983 skipa dei tre partia ei omdanna Willoch-regjering, og Jakobsen blei samferdselsminister. Det skjedde etter harde forhandlingar, der Willoch sette foten ned for Kåre Kristiansen frå KrF som utanriksminister. Senterpartiet var det minste av partia som forhandla og kunne iallfall ikkje ha von om å få prestisjepostar som KrF hadde fått nei til. Oppfatninga i media var at Senterpartiet hadde lide nederlag, men Jakobsen seier sjølv at partiet fekk ei utteljing som dei var godt nøgde med, hans eigen statsrådspost inkludert.

Da Willoch-regjeringa gjekk av 1986 etter kabinettspørsmålet på bensinavgifta, gjekk Jakobsen tilbake til Stortinget. Etter valet 1989 blei han med i Syse-regjeringa som kommunalminister. Det var etter Lysebu-forhandlingane forut for Syse-regjeringa at Jakobsen fekk karakteristikken “ein framifrå hestehandlar” av Carl I. Hagen. Syses regjering fall i november 1990 etter at Senterpartiet ikkje kunne vere med på EU-tilpassinga. Jakobsen gjekk da igjen tilbake til plassen i Stortinget. 1991 gjekk han av som partileiar og overlet vervet til Anne Enger Lahnstein. Samstundes gjekk han inn att i si gamle rolle som parlamentarisk leiar, slik han var i perioden 1977–83. Han sat med dette vervet heilt til Odd Roger Enoksen tok over 2000.

Det var Anne Enger Lahnstein som var frontfigur for EU-motstanden i 1990-åra. Jakobsens partileiartid var omme, men som partiets fremste parlamentarikar var det aldri tvil om at han stod bak nei til EU-lina fullt og heilt. Nesten legendarisk var innsatsen til JJJ og Anne Enger Lahnstein i ein fjernsynsdebatt mot Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland i slutten av august 1994, tre månader før folkerøystinga om EU. Dei fleste kommentatorane var samde om at Anne vann og Gro tapte. Utfallet var viktig sidan meiningsmålingane på den tida viste at ja-sida var i ferd med å ta innpå forspranget til nei-sida.

På Stortinget var Jakobsen medlem av landbrukskomiteen i ein periode, utanriks- og konstitusjonskomiteen i tre periodar og forsvarskomiteen i tre periodar. I 24 år sat han dessutan i den prestisjetunge utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var medlem av utval for rustningskontroll og nedrustning (1978–81), Nordisk Råd (1977–83 og 1991–2001), felles parlamentarikarkomité mellom Stortinget og Europaparlamentet (1997–2001) og styremedlem i Den norske Atlanterhavskomité (1997–2001).

Som politikar er Jakobsen karakterisert som pragmatikar. I eit intervju med partiavisa Sentrum 1997 protesterer han ikkje: “Det er et uttrykk som sier at en aldri skal la det beste bli det godes fiende. For å oppnå noe i politikken, er det helt nødvendig å inngå kompromisser. Men, og det er viktig, en må hele tiden være seg bevisst at en er på riktig vei […] Ethvert seriøst politisk parti må ha ambisjoner om regjeringsmakt. En regjering har stor innflytelse, selv om det er en mindretallsregjering.”

Jakobsen og familien budde i Bærum sidan 1973, men fyrst som pensjonist hausten 2001 busette han og kona seg fast i kommunen. Garden Lønset i Namsos blei overteken av sonen Lars Jakob 1994.

Verker

  • Mot strømmen, 2000
  • Muntre minner fra ting og torg, 2001

Kilder og litteratur

  • Johan J. Jakobsen: Mot strømmen, 2000
  • R. Madsen: Motstraums, bd. 2 i Senterpartiets historie, 2001
  • portrettintervju i Sentrum, VG, Asker og Bærums Budstikke
  • opplysingar frå Johan J. Jakobsen mars 2002