Landbrukslærar og -politikar. Foreldre: Lækjar Patroclus Jacob Frederik August Hirsch (1815–87) og Caroline Brenmehl (1819–1905). Gift 1) 11.10.1870 med Johanne Pedersdatter Bolstad (17.5.1847–23.10.1930), dotter til gardbrukar Per Bolstad (1806–før 1875) og Marie Olsdotter Svenskerud (1816–før 1900), ekteskapet oppløyst 1905; 2) 21.12.1905 med Tora Selmer Eugenie Lund f. Svendby (1861–2.4.1914), dotter til kjøpmann Olaf Svendby (1833–før 1875) og hustru Elise (1834–før 1900).

Johan Hirsch arbeidde i heile sitt yrkesliv med landbruksspørsmål. Den mest banebrytande innsatsen gjorde han i utviklinga av landbruksutdanninga, men han var også aktiv i ei rekkje andre landbrukspolitiske og landbruksfaglege spørsmål.

Hirsch var fødd i Ringsaker. Faren var lækjar, og familien flytta først til Ryfylke og seinare til Sogn, der Johan voks opp. Han arbeidde først på farsgarden, før han gjekk gjennom eit kurs i landmåling. Deretter tok han landbruksskolen på Skollerud i Ådalen 1861–62 og byrja så på Den høiere landbruksskole på Ås, der han gjekk ut som landbrukskandidat 1865.

22 år gamal starta Hirsch yrkeslivet som gardsfullmektig og landbrukslærar ved Mo landbruksskole i Nordre Bergenhus. Pga. sparepolitikken i 1860-åra vart skolen lagt ned 1869, og Hirsch arbeidde etter det nokre år som landmålar i Trøndelag. Sparepolitikken ramma ei rekkje amtslandbruksskolar på denne tida. Ein av dei var Jønsberg landbrukskole i Romedal. Garden som tilhøyrde skolen, vart bortforpakta 1871. Hirsch søkte og fekk tilslaget, og han oppretta same året ein privat landbrukskole, som igjen vart offentleg 1878. Han sat som styrar fram til 1895 og gjorde skolen til ein av dei mest sentrale institusjonane i sitt slag i landet. Samstundes tok han del i den offentlege debatten om utviklinga av landbruksskolane på landsbasis, og han var pådrivar for å fremje dei som utdanningsveg for bygdeungdomen. Han la særleg vekt på teoretiske fag – historie, norsk og naturfag, m.a. for å møte konkurransen frå folkehøgskolane, og han gjekk inn i ein til dels heftig diskusjon med m.a. landbruksdirektør Jonas Smitt om både forholdet mellom allmenn- og yrkesopplæring og lengda på dei enkelte kursa.

1895 vart Hirsch utnemnt til direktør ved Aas høiere landbruksskole. Samstundes vart han formann i Den parlamentariske landbrukskommmisjon som utgreidde spørsmålet om både den høgre og lågare landbruksutdanninga. På grunnlag av dette arbeidet vart Norges landbrukshøiskole oppretta som vitskapleg høgskole 1897. Hirsch fekk hovudansvaret for å byggje han opp, og han leidde den nye høgskolen dei første åra samstundes som han hadde undervisning i jordbruks- og husdyrlære. Av personlege grunnar søkte han avskjed 1904. Han tok då over styrarstillinga ved Kristians amts landbruksskole på Storhove ved Lillehammer etter Nils Ødegaard, som vart ny direktør ved høgskolen. Han vart på Storhove til 1909 og bygde skolen vesentleg ut. Samstundes var han ei drivande kraft bak opprettinga av husmorskolen på Hunn ved Gjøvik.

Hirsch stod sentralt i arbeidet med å utvikle dei norske ferasene, t.d. dølafeet og raudkollene, og han var talsmann for ei sterk indre opprusting av jordbruket, gjennom nydyrking, bruk av meir arbeidskraft, kraftfôr og kunstgjødsel. Han hadde ei rekkje verv i offentlege utval og kommisjonar, og han redigerte landbruksspaltene i fleire aviser. 1894 var han med i organisasjonskomiteen som førebudde Norsk Landmandsforbund; han sat i styret for forbundet med nokre opphald fram til 1915 og var i tillegg medlem av ei rekkje underkomitear og utval. Han åtte og dreiv også fleire gardar i løpet av livet.

Johan Hirsch vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1895, og han fekk kommandørkrossen 1901. 1908 vart “Joh. L. Hirsch's fond for landbruksvidenskapelig forskning ved Norges Landbrukshøiskole” oppretta gjennom private gåver.

  • Fôrnød og bjørg, 1902
  • Kort Veiledning i Dyrkning av Kunepe (Turnips), 1902
  • Svinehold og Fleskeproduktion paa mindre Gaarder, 1906
  • Fra landbrukets utviklingskamp i sytti-, otti- og nittiårene. Utvalgte opsæt, taler, indstillinger, 1910
  • Hesten. Slag og raser, avl og opdræt, røkt og pleie, bruk og nytte for land og by, 1910
  • P. E. Hirsch: Slægten Hirsch, Skövde 1927
  • Joh. L. Hirsch. Et minneskrift 1843–1923, 1929
  • W. Dietrichson: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • G. Werner-Hansen: Norges Bondelag 1896–1956, 1956
  • Norges landbrukshøgskole 1859–1959, 1959
  • E. Kile: Landbruksskulen 1825–1990. Mål, innhald, arbeidsmåtar, 1997

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (hoftebilete) av Gudmund Stenersen, 1905; Jønsberg landbruksskole, Stange
  • Måleri (brystbilete) av Eyolf Soot, 1907; NLH, Ås
  • Statue (bronse, helfigur) av Gustav Lærum, u.å.; NLH
  • Byste (bronse) av Gustav Lærum, 1925; Jønsberg landbruksskole