Jurist og segnutgjevar. Foreldre: Sorenskrivar Johan Carl Penne Nielsen (1794–1865) og Wilhelmine Charlotte Margrethe Colbjørnsen (1798–1879). Gift 24.8.1871 på Kongsberg med Anna Kathrine Abel Hartmann (30.3.1851–16.8.1918), dotter til apotekar Paul Ernst Wilhelm Hartmann (1802–76) og Johanne Mathilde Baumann (1814–88).

Johan Eberhard Nielsen var embetsmann, men målsak, Det Norske Samlaget og segnutgjeving var hjartesakene hans. Han var ein føregangsmann i det å gje ut segner på dialekt.

Nielsen var fødd i Grue, men då han var tre år, vart faren utnemnd til fut i Råbyggjelaget og 1841 til sorenskrivar i Ryfylke. Johan Eberhard gjekk på latinskulen i Stavanger og tok examen artium 1845. 1850 vart han cand.jur. og arbeidde deretter som eidsvoren sorenskrivarfullmektig 1851–55, kopist 1855–63 og fullmektig 1863–71 i Indredepartementet. 1871–84 var han politimeistar på Kongsberg og 1884–1912 sorenskrivar i Sand.

Frå tidleg ungdom interesserte Nielsen seg for kulturelle og politiske spørsmål og var med i eit mållag der Ivar Aasen var det samlande midtpunkt, og i Døleringen som gav ut målbladet Vort Land. Då bladet gjekk inn 1867, var Nielsen med i redaksjonsnemnda. Då Det Norske Samlaget vart grunnlagt året etter, kom han med både i styret og i utvalet som avgjorde kva bøker forlaget skulle gje ut.

På denne tida fekk Nielsen oppdraget å stå for tekstane i L. M. Lindemans 30 norske Kjæmpevisemelodier med fuldstændig Text, som kom ut 1863. Det er ikkje tale om vitskaplege tekstar, men om ei folkeutgåve. Derfor sette Nielsen saman så heilslege tekstar som råd var ved hjelp av utgåvene til Landstad og Sophus Bugge.

Nielsens viktigaste arbeid er Søgnir fraa Hallingdal frå 1868. Opptaket vart gjort av hallingdølen Sander Røo, som sjølv hadde skrive ned segner og også fått andre til å skriva ned for seg. Han samrådde seg m.a. med Aasen og truleg med Hans Ross og H. E. Berner, som skulle bli formann i Det Norske Samlaget. Berner fekk Nielsen til å ta på seg utgjevinga, og Nielsen var truleg i Hallingdal 1867, i alle fall kunne han leggja til nokre eigne oppskrifter. Boka kom ut som Samlagets første bok.

Første delen, som handlar om Villandsætta, er fortalt av Sander Røo, likeeins fleire av segnene om sterke folk. Lars Reinton karakteriser han som “ein av dei beste og pålitelegaste sogemenn øvre Hallingdal har hatt. Søgnir bør ein kalle Tor Villands og hans samverk, men komposisjonen er Sanders”. Nielsen retta lite og ingenting i sjølve forteljestilen. Sander synest medvite å ha nytta sjeldsynte og gamle ord, slik at språket er blitt arkaisk. Men, legg Reinton til, boka skulle også visa “hallingmålet i all sin rikdom og alle sine avbrigde”. Dette har nok ført til at boka ikkje fekk den store lesarkrinsen, men den må likevel karakteriserast som eit gjennombrot for folkeminnesamlingar på dialekt, i motsetning til Andris Vangs samling av eventyr og segner frå Valdres (1850).

Nielsen gav seinare ut første delen av Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindsson Vang; andre delen, som også var ferdig i manuskript, forsvann, berre delar er funne igjen i Moltke Moes samlingar, men er aldri blitt utgjevne.

Johan Eberhard Nielsen høyrde til dei som meinte at kunnskap ikkje berre om den norske kulturen og historia, men også om verdshistoria var viktig for det norske folk. Han interesserte seg for den klassiske greske kulturen og gav anonymt ut Gamla Sogor um Hellas og Persarriket (1870) og Sogor um Grækarane og Turkarne (1876) på Det Norske Samlaget. 80 år gamal gav han 1907 ut ei delomsetjing av Homers Iliaden, Akillevs og Patroklos.

    Utgjevingar

  • L. M. Lindeman: 30 norske Kjæmpevisemelodier med fuldstændig Text, 1863
  • Søgnir fraa Hallingdal, 1868 (2. utg. 1926, 3. utg. ved R. Djupedal 1968)
  • Gamla Sogor um Hellas og Persarriket, 1870
  • Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindsson Vang 1, 1871
  • Sogor um Grækarane og Turkarne, 1876
  • oms. Akillevs og Patroklos. Sekstande bolk av Ilioskvæde, 1907
  • A. Aure: Nokre gamle maalmenner,1915, s. 15–20
  • L. Reinton: Villandane. Ein etterrøknad i norsk ættesoge,1939
  • K. Liestøl: biografi i NBL1,bd. 10, 1949
  • B. Birkeland m.fl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968,1968
  • R. Djupedal: etterord til 3. utg. av Søgnir frå Hallingdal,1968 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • H. Hveberg: “J. E. Nielsen. Ein norskdomsmann og sogeforteljar med røter i Grue”, i Årbok for Glåmdalen27, 1968, s. 37–43
  • N. O. Bergheim: Folkeminnesamlaren Andris Vang,1974