Joakim Grude er mest kjend som drivkrafta bak utbygginga av meieriverksemda på Vestlandet frå slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet. Han kom til å sjå på seg sjølv som ein misjonær for meierisaka. Men han kom også til å setja varige spor etter seg innan andre samfunnsområde.
Grude voks opp på garden Gruda i Klepp, i ein heim der politikk og samfunnsspørsmål i vidaste meining var ein del av kvardagen ved sida av gardsdrifta. Far hans var som ein bygdehovding å rekna og vart den første ordføraren i Klepp, og seinare stortingsmann; mora var dotter til gamlelensmannen i bygda.
Grude tok agronomeksamen på landbruksskulen til J. A. Budde på Austråt ved Sandnes 1857. Etter det arbeidde han i fleire år dels som tømmermann heime i Klepp, og dels i sildefisket ved Kinn i Sunnfjord. Allereie då fekk han nytta dei gode evnene sine som organisator og administrator, og han stod i fleire år for styringa av eitt av salteria der. Det var likevel jordbruket som stod han nærast. 1862 vart han tilsett som assistent hjå amtsagronomen i Stavanger amt, og tre år seinare fekk han ei tilsvarande stilling i Det Norske Misjonsselskap. Sidan han var landbrukskyndig, vart han sett til styrar av den garden selskapet hadde ved Stavanger.
I samband med eit større misjonsmøte på Austlandet 1873 fekk Grude høve til å sjå Drammens meieri. Dette vekte meieriinteressa hans, og då Stavanger Meieri vart skipa 1875, vart han den første styraren der. Her gjorde han eit så godt arbeid at Selskapet for Norges Vel 1881 tilsette han i stillinga som meierimeister over heile det vestafjelske, det vil seia Stavanger amt og dei to Bergenhus-amta. Ei tid låg også Lister og Mandals amt og Romsdals amt til distriktet hans. Seinare vart stillinga som meierimeister lagd direkte under staten, og Grude skjøtta henne på ein framifrå måte til han gjekk av for aldersgrensa 1907.
Grude la ned eit imponerande arbeid for å vekkja forståing og interesse for meieridrift og ei meir rasjonell omsetjing av mjølk og mjølkeprodukt. Han var ofte på reisefot i det store embetsdistriktet, men han spreidde også informasjon om verksemda gjennom (delvis anomyme) artiklar i aviser og blad. Då han byrja som meierimeister, fanst det berre fem små meieri på heile Vestlandet. Då han slutta, hadde dette talet vakse til ikring 300, og mange av desse var planlagde, sette i gang og organiserte av Grude. Fleire av dei vart rekna mellom dei største i landet. Eit resultat av arbeidet hans var etableringa av ein meieristatistikk for Noreg. Det er sagt at han i åra 1881–1900 reiste 12 600 mil i statens teneste.
Grude var likevel ikkje berre oppteken av meieridrift. Også andre sider ved primærnæringa fekk nyta godt av arbeidskrafta hans. Han sat ei tid som styremedlem i Skogselskapet. Frå det vart rekonstituert 1868, var han dessutan aktivt med i Stavanger Amts Landhusholdningsselskap; han var med i styret der frå 1874, og 1876–98 var han sekretær og kasserar. Ved tre høve skreiv han eit historisk oversyn for selskapet, og 1912 vart han heidra med æresmedlemskap.
Grude hadde stor glede av å skriva, og skriveverksemda hans var omfattande. Han tok naturleg nok særleg føre seg meieristell og landbrukshistoriske emne. Men med bakgrunn i ei sterk interesse for natur- og kulturhistorie reint allment, kom det også skriftstykke med anna innhald frå hans hand, t.d. eit oversyn over Stavanger amt si verksemd 1838–1918. Viktigare i så måte er nok likevel dei grundige personalhistoriske granskingane hans av jærslekter, hans eige opphav. Ei tid redigerte han også månadstidsskriftet For Landmænd, og han var medredaktør i Landmandsvennen.
Dei kulturhistoriske interessene hans fann også utlaup i arbeid for Stavanger Museum, der han sat i direksjonen i åra 1905–15, av dei seks år som viseformann og to år som formann, noko museet takka han for ved å utnemna han til æresmedlem 1915. Gjennom fleire år samla han gamle reiskapar, som gjerne enda opp på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Også her vart han æresmedlem.
Joakim Grude var heller ikkje berre eit fagmenneske. Han hadde religiøse og sosiale interesser, var prestens medhjelpar i Domkirkens menighet i Stavanger, diakon i byens fattigpleie og formann der, og endeleg med i styret for Det Norske Misjonsselskap i fleire år. Grude var eit evnerikt og allsidig menneske med eit førekomande vesen. Han var grundig og uthaldande, og det var lett å samarbeida med han.