Prest, diktar og opplysningsmann. Foreldre: Regimentsfeltskjær Sigismundus Zetlitz (1725–62) og Mette Christine Magnus (1735–72). Gift 1) 10.9.1791 i Lye med Maren Elisabeth (“Elisa”) Bull (11.9.1761–20.1.1801), dotter til prost Jens Bull (1718–1804) og Axeliane Christine Smith (1737–62); 2) 31.3.1802 i Vikedal med Christiane Sophie Fasting von Krogh (9.2.1780–11.2.1867), dotter til oberst, seinare generalmajor Søren de Fine von Krogh (1724–95) og Catharina Nicolava Frørup (1741–1803). Svoger til Gabriel Schanche Kielland (1760–1821).

Jens Zetlitz var diktar og prest. Han har fått tilnamnet “Glædens muntre Sanger” og var mellom dei unge studentane som kring 1780 slutta seg til krinsen i Det norske Selskab i København. Ein annan var venen Jonas Rein. For ettertida er Zetlitz særleg kjend for sine drikkeviser og dikt om bondestanden.

Zetlitz voks opp i Stavanger. Faren døydde tidleg, og mora gifta seg opp att. Stefaren sytte for at Jens vart elev ved Bergen katedralskule, men då òg stefaren døydde, tok prest og seinare biskop Johan Nordahl Brun seg av han. Utan tvil hadde Brun stor innverknad på Zetlitz, som vart den første som skreiv biografien hans (1805).

Etter å ha teke examen artium ved universitetet i København 1780 tok Zetlitz til på det teologiske studiet. Samstundes var den litterært interesserte studenten ein flittig gjest i Det norske Selskab. Her stod han fram som den glade visesongar. Drikkevisene hans vart mykje populære, t.d. Til Livets Lykke blev Druen til og Mit fulde Glas og Sangens raske Toner. Men dikta hans kunne òg formidle kritikk og opposisjon, som t.d. i At Slyngler hæves til Ærens Top. I tillegg til dei glade drikkevisene og dei opposisjonelle dikta fanst det ei tredje line i forfattarskapen hans: den forteljande diktinga. Alt som 20-åring forfatta han diktet En norsk Vinter, som han leverte inn til Det norske Selskab. For ettertida er det særleg naturdiktet Til Vaaren som har vorte ståande.

Økonomiske vanskar gjorde at det første opphaldet i den dansk-norske hovudstaden vart kort. Zetlitz reiste heim til Noreg og var huslærar eit par stader før han vende attende til Stavanger 1786. Der vart han trulova med prestedottera Elisa Bull frå Lye. Den komande svogeren hans, Gabriel Kielland, hjalp han med pengar så han kunne fullføre sitt teologiske studium. Dermed vart det mogleg med eit nytt opphald i København frå 1788. Det var i denne perioden han stod fram som “Glædens muntre Sanger” i Det norske Selskab. 1789, same året som han tok teologisk embetseksamen, gav han ut ei diktsamling, Poesier, som han tileigna Johan Nordal Brun, hjelpesmannen frå Bergen. Samlinga viser stor breidde i forfattarskapen med høgst ulike sjangrar representerte. Diktet Mine Længsler ('Hvor saare lidet vil der til for lykkelig at være'), som prisar livets enkle gleder, er vel blant dei versa han enno blir hugsa for.

1790 vart Zetlitz tilsett som personellkapellan hjå sokneprest Jens Bull i Lye på Jæren, og året etter gifta han seg med Elisa. Dette innleidde ei lukkeleg og aktiv tid som diktar og prest. Og det var eit stort vonbrot då kona døydde 1801. Gleda i samlivet med henne hadde vore ei viktig inspirasjonskjelde for diktinga hans, men då ho vart borte, tok diktaråra i han til å tørke ut.

Det beste Zetlitz skreiv, høyrde 1790-åra til. Hans Sange for den norske Bondestand frå 1795 vann stor popularitet. Zetliz prisar den norske odelsbonden og forkynner ei varm fedrelandskjensle. I så måte var han representativ for dei som hadde vanka i Det norske Selskab. Same året kom Psalmer, ei samling med salmar inndelt etter dei tre trusartiklane. Dei fleste salmane høyrer med til den første trusartikkelen – “Gud som far, skaper og opprettholder”. Dette er uttrykk for den skapingsteologiske tilnærminga til det kristne trusinnholdet som prega den tidas opplysningsteologar. Fire av salmane til Zetlitz kom med i Evangelisk-Christelig Psalmebog (1798).

Karakteristisk for den prestegenerasjonen Zetlitz høyrde til, opplysningsprestane, var at dei såg på si gjerning som allmennyttig. Dei ville vere folkeopplysarar, folkelærarar. I tråd med dette idealet skreiv Zetlitz Læse-Bog for fremvoxende Bønder-Børn. Preikesamlinga Prædikener og Leilighedstaler vart gjeven ut etter han var død. Preikene vitnar om ei lys og glad kristendomsforkynning. Han prisar Gud som skapar og skildrar Guds godhug mot menneska.

Frå 1800 var Zetlitz sokneprest i Vikedal i Ryfylke og frå 1811 i Kviteseid i Telemark. Som prest gjekk han inn mellom bygdefolket som ein av dei og tok del i arbeidet for kultur og folkeopplysning. Han døydde 1821, to veker før han skulle ha fylt 60 år, og er gravlagd på kyrkjegarden ved Kviteseid gamle kyrkje.

  • Sjå òg verkliste i NFL, bd. 6, 1908, s. 712–716

    Eit utval

  • Poesier. Første Samling, København 1789
  • Egenæs. Et Digt med Anmærkninger, i Topographisk Journal, hf. 5, 1793, s. 63–127 (ny utg. Stavanger 1969)
  • Psalmer, København 1795
  • Sange for den norske Bondestand, Bergen 1795 (3. utg. 1842; også prenta i Norske Almuesangeres kløverblad (saman med dikt av J. N. Brun og C. Frimann), Ekset 1853)
  • En norsk Høst. Et Digt, København 1800
  • Læse-Bog for fremvoxende Bønder-Børn, i Archiv for Skolevæsenets og Oplysnings Udbredelse i Christiansands Stift, bd. 1, København 1800, s. 105–152
  • Johan Nordahl Brun, Biskop over Bergens Stift, i G. L. Lahde (utg.): Portrætter med Biographier af Danske. Norske og Holsteenere, hf. 3, København 1805
  • Prædikener og Leilighedstaler, (posthumt) 1822
  • Jens Zetlitz's samlede Digte, utg. ved C. N. Schwach, 1825
  • Reyse fra Stavanger til Wigedahl i Aaret 1800, Stavanger 1968
  • NFL, bd. 6, 1908
  • E. Breen: Jens Zetlitz – gledens muntre sanger?, mag.avh. UiO, 1973
  • d.s.: biografi (med bibliografi) i NBL1, bd. 19, 1983
  • d.s.: Jens Zetlitz – et tohundreårsminne, med et utvalg av Jens Zetlitz' dikt, 1990
  • Silhuett (brystbilete) av ukjend kunstnar, u.å.; attgjeve i Stavangeren 15.2.1936