Faktaboks

Jakob Sande
Fødd
1. desember 1906, Fjaler, Sogn og Fjordane
Død
16. mars 1967, Oslo
Verke
Diktar
Familie
Foreldre: Lærar, klokkar og gardbrukar Andreas Sande (1874–1964) og Ragna Margrete Barsnæs (1882–1951). Gift 1942 med lektor Solveig Yttrelid (10.7.1906–1.12.1998), dotter til lærar og skulestyrar Karl Severin Yttrelid (1873–1916) og lærar Margit Krogh (1876–1972), ekteskapet oppløyst 1952.
Jakob Sande
Jakob Sande
Av /NTB Scanpix ※.

Jakob Sande var ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet. Han kunne vera både grotesk og gripande, og spennvidda i diktinga hans gjorde han til ein svært folkekjær forfattar. Dei fleste vil kjenna att dikt som Gjenta, Kallen og katten og, ikkje minst, Etter ein rangel (“I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, / trur eg. / Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv, / trur eg”).

Sande var fødd i Dale i Fjaler. Etter mellomskule og gymnas på Sandane og Eid flytte han til Oslo, der han tok hovudfag i norsk 1931 med ei avhandling om to av dikta til Welhaven.

Fyrste diktsamlinga til Sande, Svarte næter, kom medan han studerte. Stemma hans skilde seg frå mykje av dåtidas lyrikk. Dikta fortalde gjerne ei historie med eit humoristisk poeng, dei hadde groteske element, og språket var forfriskande og kraftfullt. Eit eksempel er Likfunn: “So fann dei han Ole Johan, / langt burte i Håsteins-hagen. / Der låg han og rotna og brann, / med solsteiken rett i magen. / Og magen var grøn og blå, / av steinklaka gorr og slim, / og flugor og kvitmakk små, / aula i yrjande stim”. Sande fekk mange lesarar, men han fekk òg sterk kritikk. Frå religiøse miljø vart det hevda at det saftige språket og raljeringa med kristendomen gjorde boka uleseleg.

Då Sande var ferdig med utdanninga 1932, reiste han eitt år til sjøs. Undervegs skreiv han mange dikt, og den tredje diktsamlinga, Frå Sunnfjord til Rio, hentar helst motiv frå sjølivet.

Som bondestudent fall Sande mellom to stolar. For folk i heimbygda var han akademikar, medan det for andre akademikarar var tydeleg kvar han hadde bakgrunnen sin frå. Dette vart ekstra tydeleg i yrkeslivet, der han var lektor i Fredrikstad frå 1935 og på Ullern i Aker frå 1945. For elevar og mange kollegaer var han annleis, og han sleit med å finna nok entusiasme for lektoryrket. Spesielt tysktimane var lange også for læraren, medan han treivst betre i norskfaget. Der las og song han ofte eigne dikt og fekk dermed formidla sidemålet på ein fornuftig og god måte.

Sande vitja heimbygda så ofte han kunne, og etter krigen fekk han seg hytte ved Kobbeskjeret i Dalsfjorden. Her heldt han til store delar av feriane, og han treivst betre her. Det var ikkje snakk om noka diktarhytte – han skreiv lite medan han var på hytta.

1942 gifte Sande seg med Solveig Yttrelid, som då arbeidde som lektor i Moss. Ho fekk seg seinare stilling på Ski, slik at dei ikkje budde saman. Dei fekk ei dotter, Siri, som budde hjå mora. Ekteskapet vart oppløyst 1952.

Dikta til Sande har faste rytmar og rim, slik at dei kan setjast tone til. Komponisten Geirr Tveitt sette tone til minst 25 dikt av Sande, og også Ivar Medaas og radarparet Kurt Foss og Reidar Bø sette tone til dikta hans og gjorde desse songane populære. På denne måten vart ikkje berre dikta til Sande betre kjende, men det gav han også ekstra inntekter. At han fekk stempel som visediktar og trubadur, kan likevel ha vore med å gje han eit dårlegare namn i litterære krinsar. Sande var sjølv musikalsk og spelte gitar, lutt og fele.

Som lyrikar skreiv Sande seg inn i ein tradisjon, men han fornya denne tradisjonen ved å gje dikta eit sterkt personleg stempel. Det folkelege og enkle språket har gjeve mange som elles ikkje les lyrikk, mange gode diktopplevingar. Han hadde ein levande penn, og kunne vera både grotesk og gripande, mjuk og makaber, eller stemningsskapande og sjokkerande. Humoren var med på å dra nye lesarar til lyrikken, men like viktig var det at han kritiserte religiøst hykleri og maktbruket til dei rike. Best er Sande i samlinga Guten og grenda, som mellom anna inneheld Fløytelåt og Da Daniel drog.

Samstundes som han kunne kritisera presteskapet, skreiv han òg fleire religiøse dikt. Det best kjende av desse er Det lyser i stille grender. Eit lokalt jolehefte, Jol i Sunnfjord, bad 1931 Sande om eit dikt, og ein varm sommardag sette han seg i skuggen av eit tre og skreiv ein av dei varaste og finaste jolesongane me har. Han skreiv òg fleire salmar, to av desse er med i Nynorsk Salmebok. I dikta hans er mange metaforar henta frå Bibelen.

Den litterære produksjonen til Sande er dominert av lyrikken, men han gav òg ut tre novellesamlingar. Dikta til Sande har eit tradisjonelt formspråk, og det same gjeld novellene, som alle har ein tradisjonell forteljestil. For Sande var novellene like viktige som dikta, og saman skapar dei ein heilskap – også i novellene ligg sympatien hjå dei svake i samfunnet. I mange av novellene spelar barn hovudrolla. At Sande er betre kjend for dikta enn novellene, kan rett og slett skuldast lesesituasjonen – dikt og songar kan ein lesa saman med andre, medan lesing av noveller oftast skjer i einsemd.

1960 var Sande innstilt til Statens diktarløn, men nådde ikkje opp. Dette gjekk inn på han og kan vera ein av grunnane til at han stagnerte som diktar. Den siste samlinga, Det kveldar på Kobbeskjer, kom 1961, men fekk relativt dårleg omtale. Sande heldt fast ved dikt med rim og stram rytme, og dette fall ikkje i god jord hjå modernistane i 1960-åra.

Sande sat som styremedlem i Den norske Forfattarforening i 7 år rett etter krigen og var varamedlem i Det litterære Råd.

Verker

  • Svarte næter, dikt, 1929
  • Storm frå vest, dikt, 1931
  • Frå Sunnfjord til Rio, dikt, 1933
  • Straumar i djupet, noveller, 1935
  • Villskog, dikt, 1936
  • Krossen og sleggja, dikt i utval, 1939
  • Eit herrens vér, noveller, 1943
  • Guten og grenda, dikt, 1945
  • Skarlagensnora, noveller, 1946
  • Korn og klunger, dikt, 1950
  • Dikt i utval, 1950
  • Sirius, dikt, 1955
  • Dikt i samling, 1956 (fleire rev. utg.)
  • Det kveldar på Kobbeskjer, dikt, 1961
  • Noveller i samling, 1964

Kilder og litteratur

  • Stud. 1926, 1951
  • R. Skrede: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • HEH 1964
  • årbøker frå Jakob Sande-selskapet, Fjaler 1992– (årboka kjem annakvart år)
  • H. Sørebø og L. Eikaas: Fløytelåt. Eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande, 1996
  • E. Økland: Etterord, i J. Sande: Dikt i samling, 1999
  • H. Sørebø: Ein storm frå vest. Jakob Sande – veit eg, 2000

Portretter m.m.

  • Byste (bronse) av Waldemar S. Dahl, mellom 1935 og 1945, avduka 1966; Dale i Fjaler; same byste (bronse) i NBO
  • Skulptur Vesle Daniel (som monument over Sandes dikting) av Sivert Donali, 2002; Dale sentrum