Faktaboks

Ivar Bodde
Levetidskommentar
Fødselsår, fødestad og foreldre er ukjende; Død etter 1223; nemnt 1199–1223
Verke
Hirdgeistleg og rådgivar

Ivar Bodde er ein tidleg representant for sjiktet av hirdgeistlege som tente kongen i viktige rådgivande og administrative funksjonar. Han utvikla sin tenesteprofesjon under fem kongar, frå Sverre Sigurdsson til Håkon Håkonsson.

Ivar Bodde var blant Håkon Håkonssons fremste rådgivarar under kongehyllinga i Bergen sommaren 1217, da også den første riksdelingsavtalen mellom kongen og jarlen Skule Bårdsson vart inngått. Ved dette høvet rådde Ivar kongen til å kalle attende eit brev med kongens segl, som Skule utan kongeleg samtykke hadde sendt til orknøyjarlen. Ivars aksjon førte til harme og våpenlarm i Skule jarls flokk; han vart skulda for å setje vondt blod mellom kongen og jarlen og øydeleggje den skjøre fredssemja. Ivars forsvarstale, slik den er gjengitt i Hákonar saga, gir i stutte drag dei viktigaste biografiske data vi i dag kjenner om hans liv: Han kom til kong Sverre Sigurdsson 1199 og var i god vørdnad hos han så lenge kongen levde. Tilhøvet mellom dei to var ifølgje Ivar så tillitsfullt at han til slutt hadde kunnskap om dei fleste “løynlege saker” hos kongen.

Same posisjonen hadde Ivar hos dei følgjande kongane – Håkon Sverresson, Guttorm Sigurdsson og Inge Bårdsson – og hos jarlen Håkon Galen. Hos alle desse fekk han dessutan oppgåva å setje ihop brev. Forsvarstalen blir avslutta med ei fyndig understreking av at barnekongen treng gode og trufaste rådgivarar. Sjølv vil han reise frå kongsgarden, så ikkje hans person skal valde strid mellom konge og jarl. Vi møter han att berre ein gong, nemleg på det store riksmøtet i Bergen 1223, da kong Håkons arverett vart endeleg fastslått.

Før 1217 er Ivar nemnt to gonger i sagaene: Han var sommaren 1207 ein av hovudmennene på borga i Bergen, truleg mest for å ha tilsyn med kongssonen. Kong Håkon omtalar nemleg uttrykkeleg Ivar som “min fosterfar”. Det inneber at han hadde ansvar for fostring av og tilsyn med kongsbarnet, kan hende også privat verjemål. Da Skule 1213 reiste tronfølgjespørsmålet under Inge Bårdssons sjukdom, var Ivar blant dei gjævaste mennene han søkte råd hos.

Ivar Boddes karriere er særskilt interessant fordi den illustrerer korleis geistlege no utgjorde eit forretningsdyktig tenesteelement kring kongen. Ivar skreiv brev og gav fortrulege råd. Tidvis har han truleg også tatt vare på kongsseglet. Desse oppgåvene vart seinare viktige kanslarfunksjonar, og alt P. A. Munch kalla Ivar Bodde for “et Slags Kantsler”. Halvdan Koht argumenterte for at Ivar ikkje berre var den første namngitte norske kanslaren, men at han også stod i brodden for “eit fastskipa kongeleg kanselli”. Verken kjeldematerialet, eller det vi elles veit om politisk organisering i det aktuelle tidsrommet, gir grunnlag for slike slutningar. Det vi derimot kan seie, er at Ivar Boddes politisk-administrative virke representerer eit viktig trinn i den prosessen som under dei siste kongane i Sverreætta utvikla ein definert kanslarfunksjon med tilhøyrande kanselli.

Kjelder og litteratur

  • Soga om birkebeinar og baglar, Bǫglunga sǫgur, utg. av H. Magerøy, bd. 1–2, 1988
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger,bd. 4, 1979
  • NFH, del 3, 1857
  • E. H. Lind: Norsk-isländska personbinamn från medeltiden, Uppsala 1920–21
  • H. Koht: “Um kjeldegrunnlage for soga um Håkon Håkonsson”, i HT, rk. 5, bd. 6, 1927
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • N. Bjørgo: “Om skriftlege kjelder for Hákonar saga”, i HT, bd. 46, 1967
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring 1150–1319, 1972
  • S. Bagge: Den kongelige kapellgeistlighet 1150–1319, 1976