Faktaboks

Irene Dalby
Irene Carina Dalby
Fødd
31. mai 1971, Hamar
Verke
Symjar
Familie

Foreldre: Sjåførlærar Bjørn Dalby (1932–) og seljar Inga-Lill Birgitta Andersson (1939–).

Irene Dalby

Irene Dalby etter EM-seieren på 400 m fri i 1991.

Av /NTB Scanpix ※.

Irene Dalby er ein norsk tidlegare symjar, som er ein av Norges fremste gjennom tidene. Ho har blant anna vunne to EM-gull og delteke i to OL for Noreg.

Klubb: Hamar IL.

Karriere

Allereie som junior var ho eit stort symjetalent, og i 1986 tok ho bronsemedalje i EM for juniorar. Same året tok ho òg sin fyrste kongepokal i seniorklassa. Då var ho berre 15 år gamal.

Toppåra

1991 var det store året for Dalby. Då vart ho dobbelt europameister, med siger både på 400 m og 800 m fri. I europameisterskapen hadde ho fleire gode resultat. Åra 1989, 1991, 1993 og 1995 tok ho til saman sju medaljar på 400 og 800 m fri. I VM og OL-samanheng nådde ho aldri heilt opp på pallen, men to 4.-plassar i VM i 1991 og 5. plass både i OL i 1992 og OL i 1996 er absolutt resultat det står stor respekt av i ein av verdas største idrettar, der store idrettsnasjonar som USA, Tyskland og Australia har dominert. Ho vart og verdscupvinnar på langdistanse samanlagt 1996.

Samtida

Irene Dalby var på topp i ein idrett som på slutten av 1980-åra og starten av 1990-åra vart påverka av det internasjonale politiske klimaet. Særleg var Berlinmurens fall 1989 og samanslåinga av dei to tyske statane i 1990 viktig. Medan DDR dominerte denne idretten i 1980-åra, har ikkje det samla Tyskland vore så dominerande i symjekonkurransane i 1990-åra.

Viktigare var kanskje dopingfokusen og dopingavsløringane på slutten av 1980-åra og i 1990-åra. Innan symjing har det i 1990-åra vore fleire dopingavsløringar, men Irene Dalby har alltid vorte sett på som ein rein idrettsutøvar. Ho har i tråd med det norske antidopingarbeidet vorte testa mange gonger, både på trening og i konkurranse, og det har aldri vore mistanke om doping knytt til henne.

Meisterskap og rekordar

Irene Dalby er den norske symjaren som har flest norske meisterskap, til saman 124. Sjølv om det var fri som var den store øvinga hennar, er ho noregsmeister i alle symjeartane (fri, bryst, rygg, butterfly, medley og lag). I løpet av karriera vann ho seks kongepokalar (1986, 1987, 1989, 1991, 1993 og 1995). Sjølv i nordisk samanheng var Dalby ein stor symjar, noko som kjem tydleg fram ved at ho framleis (2023) har nordiske rekordar på følgjande distansar: 400 m fri (4.11.51), 800 m fri (8.28.59) og 1500 m fri (16.42.87). Alle desse rekordane vart sett på langbane (50 m). I tillegg har ho nordisk rekord på 800 m fri (8.26.81) på kortbane (25 m). Rekordane vart sett 1989 og 1990.

Trening

Irene Dalby trente ganske mykje og heldt på ganske lenge. Gjennom 17 sesongar dreiv ho konkurransesymjing, og vart etter kvart rekna som ein veteran i ein idrett der unge utøvarar med relativt korte karrierar er mest vanleg. Ho hadde sine daglege økter ved det store symjeanlegget ved Ankerskogen på Hamar. Der hadde ho tilgang til symjehallen omtrent når ho ville. I alle feriane vart det som regel to økter dagleg. Saman med trenaren Håkon Iversøn la ho planar for, og utførte, eit grundig treningsarbeid. 1994 ville ho prøva noko nytt og reiste til Australia for å få nye impulsar. Der trena ho fire månader saman med den dobbelte olympiske meisteren Kieren Perkins. Dessverre gav ikkje dette treningsopphaldet ynskt effekt, og sesongen 1991 vart for all tid ståande som den mest vellykka for Irene Dalby.

Dalby vart ikkje rik av å driva toppidrett, men ho var blant dei norske utøvarane som fekk støtte av Olympiatoppen i perioden 1987–96. Denne støtta gjorde det muleg å satse på symjing og samtidig ta utdanning ved Norges Markedsføringshøyskole utan studielån. 1997 la ho opp som konkurransesymjar.

Av utmerkingar har ho vorte tildelt Morgenbladet sin gullmedalje 1991, Porsgrunds Porselænsfabrik sin ærespris for kvinner 1991 og Judith Floors minnepokal 1986, 1987, 1989, 1990, 1991 og 1992.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2
  • Norsk Svømming nr. 6/1997
  • H. Slettan: Olympiske sommerleker i navn og tall, Asker 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg