Inger Alver Gløersen

Faktaboks

Inger Alver Gløersen
Inger Wenche Alver Gløersen
Født
15. mai 1892, Fåberg (nå Lillehammer), Oppland
Død
2. mars 1982, Borre, Vestfold
Virke
Forfattar og småbrukar
Familie
Foreldre: Adjunkt Johan Ludvig Alver (1848–97) og Isabella Vibe (1870–1937; ho gift 2) 1897 med Sigurd Høst, 1866–1939). Gift 1919 med skogbrukskandidat Toralf (el. Thorolf) Gløersen (31.7.1884–1959), son til kontorsjef Christen Dahl Gløersen (1846–1907) og Michaeline Louise Fridrichsen (f. 1849 el. 1850), ekteskapet oppløyst. Brordotter til Amalie Skram (1846–1905); sonedotters dotter til Frederik Ludvig Vibe (1803–81).
Inger Alver Gløersen
Inger Alver Gløersen
Av /NTB Scanpix ※.

Inger Alver Gløersen var kjend som kunstformidlar. Med ei rekkje bøker om kunstnarar, og særleg med ei svært personleg bok om Edvard Munch, vann ho frå 1950-åra ein stor lesarkrins. Ho skreiv jamleg artiklar og kåseri i m.a. kvinnebladet Urd. Ved sida av skribentgjerninga var ho òg ein hardt arbeidande småbrukar.

Dei første barneåra budde Inger Alver i Kongsberg og Kristiania. Faren hadde vore lærar ved ulike skular på Austlandet då han 1891, 43 år gammal, gifte seg med den 22 år yngre Isabella Vibe. Han døydde da Inger var fem år gammal; mora gifte seg om att med filologen Sigurd Høst, og tre år etter flytte familien til Bergen.

Enda faren døydde medan ho var lita, må Inger ha kjend seg knytt til farsslekta. Det går fram av boka ho i eldre år gav ut om fastera Amalie (Min faster Amalie Skram, 1965). Halve boka er via historia om faren og foreldra hans, fortald med grunnlag i farens dagbøker og forfattarens minne om farmora. Boka vitnar om kor viktig det har vore med ein slektsbasert identitet knytt til ein biologisk far, også når ei kvinne har gjort slekta kjend.

Ein får elles inntrykk av at det var stefaren som hadde mest å seie for kva retning livet hennar tok. Han var forutan pedagog ein framståande kunstkjennar og mangeårig formann i Bergens Kunstforening. Kunstnarar som Inger Alver fekk møte mens ho var barn, vekte ei livslang interesse hos henne for kunst og kunstnarar.

Inger Alver tok middelskoleeksamen i Bergen og studerte deretter engelsk i Oxford. 1919 gifte ho seg i Canada med forstmannen Toralf Gløersen, som same året hadde emigrert dit. 1920 fekk dei ein son, Gløer Gløersen. Etter nokre år reiste Inger med sonen tilbake til Noreg. Ho overtok den vesle garden Glenne i Borre i Vestfold, og der budde ho i lag med sonen til ho døydde. Ektemannen flytte også tilbake til Noreg, men dei budde ikkje saman.

Inger Alver Gløersen omtala seg sjølv som småbrukar. Garden hadde berre 42 dekar dyrka mark og 10 dekar produktiv skog. Her dreiv den kunstengasjerte, språkkyndige og vidfarne Gløersen gardsarbeid i samarbeid med sonen. Ho heldt fjøs med kyr og hest. I bygningen var alle vegger dekte av kunst, kan folk fortelje som kjende henne.

Frå Glenne var det ikkje langt til Edvard Munchs hus i Åsgårdstrand. Gløersen, og sidan sonen, vart engasjerte av kommunen for å drive dette huset da det frå 1947 vart kommunalt museum.

Det var først etter ho fylte 60 år at Gløersen begynte å utgi bøker. 1954 kom ei bok om Nikolai Astrup, og to år etter kom boka om Edvard Munch, Den Munch jeg møtte, som ho er mest kjend for. Boka vart trykt i fleire utgåver og opplag, og ei engelsk utgåve vart utgitt etter forfattarens død. Kjeldene er minne, brev og gamle notat. Forfattaren ser Munch i lys av eigne opplevingar og stefarens engasjement for Munch og kunsten hans. Gløersen utgav også ei bok, Lykkehuset, om Munch-huset i Åsgårdstrand, og ei om målaren Ludvig Ravensberg, som var i slekt med Munch. Ho var dessutan skribent i Urd og andre blad, t.d. Frisprog, og omsette som ung ei bok frå engelsk.

Verker

  • Nikolai Astrup, 1954 (2. utg. 1967)
  • Den Munch jeg møtte, 1956 (2. utg. 1962, eng. utg. Munch as I knew him, Hellerup 1994)
  • Mefisto i djævelklubben. Boken om maleren Ravensberg, 1958
  • Min faster Amalie Skram, 1965
  • Lykkehuset. Edvard Munch og Åsgårdstrand, 1970
  • omsett G. A. Birmingham: Spanske dukater, 1915

Kilder og litteratur

  • Gløersens eigne bøker (sjå ovanfor)
  • Bio-bibliografisk arkiv og klipparkiv i NBO
  • brev i Handskriftsaml., NBO
  • Norske landbrukskandidaters årbok 15, 1931
  • E. Lillevold (red.): Borre bygdebok, Borre 1954
  • artiklar i Arb.bl. 25.9.1954 og Aftenp. 24.3.1982
  • opplysningar frå Kulturkontoret i Borre kommune (2000)