Faktaboks

Ingebrigt Belle
Ingebrigt Engebret, Emret Syversen Belle
Fødd
1. desember 1773, Lesja, Oppland
Død
29. mars 1845, Drivstua i Oppdal, Sør-Trøndelag
Verke
Bondeoppviglar
Familie
Foreldre: Bonde Syver Olsen Belle (1746–74) og Brit Ingebrigtsdotter Drivstuen (1754–1818). Gift med Anne Sivertsdotter Drivstuen (1787–1875), dotter til bonde Sivert Ingebrigtsen Drivstuen (1758–1806) og Mari Torstensdotter Tofte (1764–1804).

Ingebrigt Belle vart kjend som politisk urostiftar i tiåra etter 1814, og vart til sist dømd til straffarbeid trass i at han tydeleg var i mental ubalanse, plaga av religiøs grubling.

Han voks opp på garden Nordistugu Belle i Lesja, men flytte til fjellstua Drivstua i Oppdal 1808 da han gifte seg med søskenbarnet sitt, Anne Drivstuen. Belle vart kjent både i Oppdal og Lesja som ein uvanleg sterk person, fysisk sett. Men den psykiske helsa hans var ikkje god, og det kan knapt vere tvil om at mentale forstyrringar i lange periodar påverka tenke- og handlingsmåten hans.

Tidleg vart Belle oppteken av religiøse spørsmål, og han knytte seg til Hauge-rørsla – mellom anna gjorde han sporadisk teneste som lekpredikant. Før han drog til Oppdal, fekk han utbetalt ein forholdsvis stor farsarv. Men tidene var vanskelege og pengane gjekk tapt, og Belle var ein fattig og truleg frustrert mann da han 1814 forlet Oppdal og drog attende til Lesja. På denne tida var han komen i sterk mental ubalanse, farga av religiøs grubling og openberringar om nettene.

Fire år seinare, våren 1818, gjekk Belle inn i rolla som politisk urostiftar. Han slo opp proklamasjonar med opprørsk innhald på kyrkjedørene i Lesja og Oppdal og på domkyrkja i Trondheim. Her retta han kritikk mot lover som Stortinget hadde vedteke, og spådde at det snart ville bryte ut krig mellom bondestanden og embetsmennene i Noreg. Første søndag i juli skulle det møtast eit bonderåd i domkyrkja, som sidan skulle velje ein “Bondens Stadtholder”. Styresmaktene var klar over den mentale tilstanden til Belle, men da det på denne tida var urotendensar blant bøndene fleire stader på Austlandet, fann dei det nødvendig å reagere. Belle vart kalla inn til forhør, og rapport om saka vart sendt til regjeringa. Han slapp tiltale, men fekk ei skarp åtvaring mot å gjenta slik lovstridig åtferd.

For å roe Belle ned og pense tankane hans inn i andre spor, fekk slektningar overtalt han til å flytte attende til Oppdal. Men etter noen år begynte han å gjere turar til Lesja og forfatte klageskriv mot ei rekke embetsmenn i distriktet, stila til regjeringa. I første omgang valde styresmaktene å halde ein låg profil og oversjå dei mange skriveria frå den mentalt ustabile Belle. Men da han fekk støtte frå velrenommerte bønder, frykta dei lokale embetsmennene at situasjonen kunne utvikle seg til ei krise. Det vart reist sak, og ved dom i februar 1825 vart skuldingane mot embetsverket kjent ugyldige. Belle og to medunderskrivarar måtte betale sakskostnadene.

Men Belle let seg ikkje stogge av dette nederlaget. Kort tid etter at dommen hadde falle, forfatta han og fekk underskrifter på eit nytt klageskriv, der bøndene mellom anna lova å stå mot “med Legeme og Blod” det dei meinte var eit resultat av “ulovlige Forretninger” frå embetsmennene si side. Konflikten nådde eit høgdepunkt om hausten, da det vart halde auksjon over husdyr som ved dommen i februar var teke i pant for sakskostnader. Ein av bøndene nekta å levere frå seg dyra, og det vart bruka fysisk makt mot lensmannen og futen.

No reagerte styresmaktene med full tyngde. Ved kongeleg resolusjon vart det sett ned ein kommisjon som skulle granske uroa i Lesja og dømme dei skuldige. Dei endelege dommane avsa Høgsterett i 1828, og for Belle sitt vedkomande vart straffa sett til seks års festningsarbeid – dette trass i at retten slo fast at han var “belasted med Vanvid”. Etter at Belle hadde sona straffa på Akershus festning, budde han for det meste i Oppdal, til han døydde 1845.

Mye tyder på at ein god del bønder både i Oppdal og Lesja såg med positive auge på Belle og kritikken hans av embetsmennene. Den såkalla Belle-visa, som han skreiv sjølv, skal ha blitt bruka ein del.

Kilder og litteratur

  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • E. Dørum: “Ingebrigt Belle – farverik lesjing som mange år bodde i Oppdal”, i Bøgda vår. Årsskrift for lokalhistorie, Oppdal 1985
  • d.s.: “Rettssaka mot Engebret Syversen Belle”, i Årsskrift for Lesja historielag, Lesja 1985