Forfattar. Foreldre: Bonde Karl Dahl (1911–96) og Sigrid Marie Simonsen (1913–86). Gift 23.7.1960 med sivilingeniør og direktør Søren Sem (4.9.1935–), son til bonde William Sem (1903–85) og Gunborg Rød (1907–2000).

Ingebjørg Sem har fornya den kristne barneromanen i Noreg og målbore eit moderne syn på kjønnsrollene. Eit sentralt tema hos henne er spørsmålet om korleis eit menneske skal realisere kristendomen i kvardagen. Til ein viss grad er ho merkt av 1970-åra, då barnebøker helst skulle ha ein didaktisk funksjon, men målet hennar er å få born og unge til å reflektere over religion, gudstru og tvil. Ho har verdispørsmål som litterært program, men legg vekt på ei handlingsmetta forteljing der hendingane ofte tek ei anna retning enn det som var tenkt.

Ingebjørg Dahl voks opp på ein gard i Gjerpen og tok examen artium på engelsklina i Skien 1955. Seinare har ho studert ved Journalistakademiet (1958–59), tatt nordisk grunnfag ved UiO (1971) og hospitert på Nansenskolen, Lillehammer (1984–85). Etter artium byrja ho som journalist i skiensavisa Varden og var der med utdanningsavbrot til 1961.

Vegen til forfattarskapen gjekk gjennom redigering av barnesida i avisa, der ho skreiv forteljingar for born. I 1960-åra var ho heimeverande småbarnsmor, men kombinerte det med å skrive og framføre seriar for NRKs Barnetimen for dei minste. Totalt har det blitt 40 barnetimeseriar, og Øyvind Bluncks opplesing av Leve mallinkene! vil bli hugsa av mange. Mallinkene bur på loftet og rotar fælt, medan passilurkene held nøye orden på sine ting i kjellaren. Vesle Trine bur midt imellom og veit ikkje kven ho skal høyre på. Sem skreiv også for NRKs Barne-TV og laga manus til den kjende Labbetuss-serien.

Bokdebuten hennar kom fyrst 1973 med barneboka Tenk på Columbus!. Her slår ho fast kvinners rett til arbeid utanfor heimen, eit tema som går att i fleire av småbarnsbøkene hennar. Boka viser ei handlekraftig mor som steller til eit samlingslokale for den tilsynelatande rampegjengen, og til slutt blir ho medlem av bystyret. Boka er blitt omtalt av Ying Toijer-Nilsson som ein “forbilledlig kristen barneroman [...] pekepinnen merkes sjelden”.

Neste bok, Angår dette meg?, skildrar kristent ungdomsmiljø og ei ung ikkjekristen jente som forelskar seg i ein kristen ungdomsleiar. Spørsmålet blir om det å tru angår henne. Forfattaren stiller her viktige spørsmål for ungdom, men utan å kome med ferdige løysingar. Likevel les ein mellom linene at kristendomen kan vere svar på ungdomens eksistensielle problem.

Sems bøker er for det meste realistiske, og dei seinare bøkene, som t.d. ungdomsnovellene Bak neste sving, tek opp det å vere ung, kopla mot alvorlege etiske spørsmål i samband med kjærleik, sjalusi, familieliv, skilsmål og rasisme. Bøkene er blitt omtalte som litt vel moralske, men forfattaren har fått ros når det gjeld skildring av forholdet mellom vaksne/foreldre og unge menneske.

Fløyten og tårnet skil seg ut; det er ein fabel om makt og er halden i allegorisk form. Her har kampen mellom det gode, representert ved fløyta, og det vonde, som tårnet står for, fått ei fiktiv ramme, men verdiproblematikken er like tydeleg, og det er klare parallellar til faktiske diktaturstatar.

I 1970- og 1980-åra var Sem, som så mange andre forfattarar, radikal, og ho sympatiserte med kristensosialistane. Ho hadde også sitt opprør, men det var mest mot den “søte” barnelitteraturen frå 1960-åra. Til det fekk ho solid støtte i Ungdomslitteraturens forfatterlag, der ho var styremedlem. Kristendom har for henne også vore eit sterkt engasjement utanom skrivearbeidet. Frå ungdomen av var ho merkbart lågkyrkjeleg og leiar i det kristelege skolelaget. Seinare har ho vore med og starta Grenland Kirkeakademi og orientert seg meir mot open kulturkristendom, der det også kan vere plass for austerlandsk mystikk.

  • Tenk på Columbus!, barnebok, 1973
  • Angår dette meg?, ungdomsbok, 1976
  • Jeg – og de andre, barnebok (saman med Erik Kullerud), 1978
  • Da Siri fikk dagmamma, barnebok, 1980
  • Jeg kan også være sta, ungdomsbok, 1981
  • Mathias og bestemor, barnebok, 1982
  • Mathias og Jan, barnebok, 1983
  • Bamble før og nå. Heimstadlære for 3. klassetrinn, 1984
  • Leve mallinkene!, barnebok, 1986
  • Trylleringen, ungdomsbok, 1990
  • Gullfuglen, barnebok, 1991
  • Fløyten og tårnet, ungdomsbok, 1993
  • Bak neste sving, ungdomsbok, 1995
  • Historien om Barrabas, barne- og ungdomsbok, 2002
  • Gjerpen kirke (saman med Magne Kortner), 2003
  • A. Thorsen: Noveller for born, i Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur, 1979, s. 52
  • Y. Toijer-Nilsson: Tro og tvil i moderne barnelitteratur, 1980, s. 108f., 131f.
  • K. Gisholt: Hva har en barnebokforfatter å fare med?, Varden, 23.8.1986
  • E. Breen: Slik skrev de, 1995, s. 210, 237, 270
  • T. Birkeland, G. Risa, K. B. Vold: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997, s. 359f.
  • NLH/Beyer, bd. 7, 1997, s. 678, 715, og bd. 8, 1998, s. 231f