Faktaboks

Inge 1. Haraldsson
Inge I Haraldsson, Inge Krokrygg
Fødd
1135
Død
4. februar 1161, isen i Bjørvika, Oslo
Levetidskommentar
fødd 1134 eller 1135; nøyaktig fødselstid og fødestad er ikkje kjent
Verke
Konge
Familie

Foreldre: Kong Harald 4. Gille (ca. 1102–1136) og dronning Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1105–ca. 1170).

Ugift.

Halvbror til kongane Øystein 2. Haraldsson (ca. 1125–1157) og Sigurd 2. Haraldsson Munn (1133–1155) og til Brigida Haraldsdotter (død etter 1202).

Dronning Ingerid og Gregorius egger kong Inge

Mora Ingerid og lendmannen Gregorius Dagsson hadde stor påverknad på Inge Haraldsson. Teikning av Erik Werenskiold.

Inge 1. Haraldsson var norsk konge frå 1136 til 1161. Han vart kalla Krokrygg på grunn av ei ryggskade han skal ha fått som treåring i slaget ved Minne.

Inge var son av Harald Gille og Ingerid Ragnvaldsdatter. Etter at faren døydde i 1136, vart Inge konge saman med halvbroren Sigurd Munn. Frå 1142 delte dei riket med ein tredje bror, Øystein, som var fødd i Skottland. Medan brørne var små, førte hirdmennene eit formyndarstyre og slo tilbake angrep frå tronkrevaren Sigurd Slembe og den avsatte kongen Magnus Blinde (ved slaget ved Holmengrå i 1139).

Rundt Inge utvikla det seg etter kvart ein krins av dei framste lendmennene i landet, mest frå Vestlandet og Vika (særleg Erling Skakke og Gregorius Dagsson). Dei verkar å ha prøvd å gjere Inge til einekonge, og kom dermed i konflikt med Sigurd og Øystein. Inge hadde fysiske handikap frå han var liten og hadde nok lite personleg makt, men partiet hans vann i første omgang striden med tilhengarane av dei to halvbrørne. Sigurd falt i 1155 og Øystein i 1157. Sjølv vart Inge drepen i eit slag mot Sigurds sønn, Håkon Herdebrei, på isen utanfor Oslo i 1161.

Barnekonge

Slaget ved Minne
I slaget ved Minne ved sørenden av Mjøsa sumaren 1137 slåsst barnekongen Inge Haraldssons menn mot Sigurds Slembe og Magnus den blinde. Ifølgje Snorre Sturlassons fortelling var Inge, som då berre var eit par år gamal, med i slaget, båre av lendmannen Tjostolv Ålesson. Inges menn vann slaget, men den unge kongen skal ha vorte så hardt kvesta at han seinare fekk tilnamnet Krokrygg. Bildet viser slaget ved Minne, slik Wilhelm Wetlesen førestilte seg det.
Slaget ved Minne
Av .

Kongssonen Inge var i Vika hos fosterfaren Åmunde Gyrdsson då far hans, kong Harald Gille, vart drepen i 1136. Inge var då på det andre året. Hans to år eldre halvbror Sigurd var til fostring i Trøndelag hos Såda-Gyrd Bårdsson. Dronning Ingerid og lendmennene til den avdøydde kongen sendte straks beskjed til Trøndelag om å gje Sigurd kongsnamn der, medan dronninga sjølv reiste til Vika og fekk Inge teken til konge på Borgarting.

Dei to barnekongane hadde felles hird den første tida, og det ser ut til at krinsen av stormenn kring dei to kongssønene har vore innstilt på samarbeid. Sentralt i formyndarstyret stod, forutan fosterfedrene til dei unge kongane, Ogmund Deng frå Støle i Sunnhordland. Ogmunds far hadde fostra Magnus, ein annan son av Harald Gille, som døydde i ung alder. I tillegg finn vi trøndaren Ottar Birting i ein sentral posisjon. Han vart Inges stefar ettersom han gifta seg med dronning Ingerid etter Haralds død.

Sagaforfattarane skildrar Inge som vakker, vennleg og veikhelsa. Tilnamnet Krokrygg (også Kropp eller Kryppill) fekk han av di ryggen hans var krum og den eine foten kortare enn den andre. Ifølgje tradisjonen vart han slik etter at han vart boren i fosterfaren si kappe under slaget ved Minne i 1137.

Konflikt med brørne

I 1142 kom Øystein, ein fjerde son av Harald, frå Skottland og vart tilkjent sin tredjedel av farsarven. Han heldt si eiga hird, og etter kvart som Inge og Sigurd vart vaksne, skilde også dei hirdane sine. Dei gamle rådgjevarane var gått bort, medan dei nye menn som no gjorde seg gjeldande, ser ut til å ha ført ein meir offensiv politikk. Dei fremste leiarane blant Inge sine menn i denne tida var Gregorius Dagsson frå Bratsberg og Erling Skakke, bror til den omtala Ogmund Deng frå Støle.

I den felles regjeringstida til Inge og brørne vart den norske kyrkja i 1152/1153 løsrive frå erkesetet i Lund og organisert som eigen kyrkjeprovins med ein erkebiskop i Nidaros.

Samarbeidet vart etter kvart avløyst av væpna strid mellom brørne i andre halvdel av 1150-åra. Sagaskrivarane legg skulda for striden på Øystein og Sigurd, som i 1155 planla å avsetje Inge, av di dei meinte han ikkje hadde helse til å vere konge. Men mellom linjene kan vi lese at Gregorius’ uforsonlege haldning i konflikten må ta ein del av skulda. Etter egging frå Gregorius la Inge til slag mot Sigurd midtsommars 1155, der Sigurd fall. Øystein heldt stand ei stund til, sjølv om mange av mennene hans gjekk over til Inge og Gregorius. I 1157 vart også Øystein felt, men restane av flokken hans utropte snart den 10-årige sonen til Sigurd, Håkon Herdebrei, til konge. I ein kamp mot Håkons menn ved Konghelle i januar 1161 vart Gregorius drepen, og berre ein månad etter fall Inge sjølv i kamp mellom hans menn og Håkon Herdebreis flokk på isen utanfor Oslo.

Ettertidas vurdering

Mot slutten av kong Inges styringstid ser det ut til at skilja mellom dei stridande partane har vorte klarare. Hovudvekta av lendmennene i Vika og på Vestlandet har følgt Inge, medan Sigurd, Øystein og seinare Håkon har fått størst oppslutnad frå Trøndelag og dei indre delane av Austlandet. Fleire, vesentleg eldre historieskrivarar, har tolka den sterke lendmannsgrupperinga kring Inge og hans påståtte venskap med kardinalen Nicolaus Brekespear som eit uttrykk for ei aristokratisk og universalkyrkjeleg samling mot antiaristokratiske og nasjonalkyrkjelege krefter. Mot dette kan det innvendast at Inges motstandarar, blant dei også Håkon Herdebrei, henta si støtte frå dei øvre sosiale laga, og at det er lite i kjeldene som tyder på motstand mot universalkyrkjelege krefter i dette tidsrommet.

Men i lendmannssamlinga omkring kong Inge lå kimen til meir varige «partier». Det er forbindelse frå krinsen rundt Inge via Magnus Erlingssons kongedømme til baglarflokken, som under biskop Nikolaus Arnesson reiste seg mot kong Sverre sist på 1100-tallet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • A. Bugge: «Kirkepolitik og politiske partier i Norge 1152–1164», i Historisk tidsskrift, bind 24, 1916, s. 169–187
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bind 6, 1934
  • K. Helle: Norge blir en stat 1130–1319, bd. 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • E. Gunnes: Rikssamling og kristning 800–1177, bind 2 i Cappelens Norgeshistorie, 1976
  • B. Opheim: biografi i NBL2
  • Fagrskinna, utgjeven av Finnur Jónsson, København 1932
  • Heimskringla, utgjeven av Finnur Jónsson, 1911
  • Morkinskinna, utgjeven av Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Ágrip, utgjeven og omsatt av G. Indrebø, 1936

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg