Faktaboks

Ida Hansen
Ida Hermanna Hansen
Fødd
13. august 1853, Ringsaker, Hedmark
Død
28. april 1938, Santa Ana (California), USA
Verke
Redaktør
Familie
Foreldre: Gardbrukar Wern Jensen (1820–82) og Anne Pedersdatter (1825–1908). Gift i Chicago 8.1.1875 med bladmannen Niels Fredrick Hansen (6.5.1854–21.9.1935).

Ida Hansen grunnla og redigerte bladet Kvinden og Hjemmet, som kom ut i Cedar Rapids i Iowa. Som redaktør av bladet i 50 år fekk ho mykje å seia for skandinaviske kvinner i Amerika. Ho redigerte også fleire kokebøker. Saman med mannen starta ho eit forlag og to bokhandlar som spesialiserte seg på skandinavisk litteratur.

Ida Hansen blei fødd på Lille-Ringsaker gard og døypt Idda Hermanna. 1863 selde faren garden og tok over Kommerstad i Veldre, og familien flytta dit. I mai 1870 emigrerte ho til Amerika saman med foreldra og tre småsysken. Då var ho 17 år. Tre brør hadde reist tidlegare.

I Amerika trefte ho Niels Fredrick Hansen frå Flensburg i det som den gongen var danske Slesvig. Dei gifta seg 1875 og fekk etter kvart sju barn. 1882 flytta dei til Davenport i Iowa. Både i Chicago og i Davenport var Niels Fredrick Hansen involvert i ulike bladforetak, og då dei 1884 flytta til Kenwood Park i Cedar Rapids, starta han familiebladet Fra Alle Lande. Her fekk Ida Hansen ansvaret for spalta Husmoderen, mens systera Mina Jensen arbeidde som typograf. Då bladet gjekk inn 1888, bestemte systrene seg for å bruka desse erfaringane til å starta eit eige blad for kvinner under leiing av kvinner. Målet skulle vera å gje ut eit blad som kunne hjelpa dei skandinaviske kvinnene som kom til Amerika med mangelfull kunnskap i engelsk og om amerikanske forhold.

Kvinden og Hjemmet (1888–1947), med undertittelen “et månedsblad for den skandinaviske kvinde i Amerika”, kom ut første gong mai 1888. Det var skrive på norsk-dansk og sett i gotisk skrift. Frå 1893 kom det også ut på svensk. Ei engelsk utgåve blei lansert 1896, men det fekk ikkje nok abonnentar og gjekk inn året etter.

Bladet slo godt an, og i rekordåret 1907 hadde det eit samla opplag på 83 000. Det hadde abonnentar over heile USA, i Canada og til og med i Skandinavia. Det var det største skandinaviske kvinnebladet i Amerika og hadde truleg stor påverknad på lesarane. Slik sett fekk arbeidet til Ida Hansen mykje å seia for koss dei skandinaviske kvinnene tilpassa seg amerikanske forhold. For mange blei bladet som ein kjær venn i eit framandt land, og mange av lesarbreva er ein hyllest til gleda og nytten ved bladet. Her kunne dei lesa aktuelle artiklar om siste mote, matlaging, interiør og hagestell på sitt eige språk. Bladet drøfta emne som stemmerett for kvinner, fråhaldsrørsla og barneoppseding. Dessutan var det alltid artiklar frå “gamlelandet”. Bladet hadde også to faste bilag: Mønstertidende med mønster og oppskrifter på handarbeid, og Vort Bibliothek med ulike føljetongar.

Ida Hansen engasjerte seg for kvinner og rettane deira. Då Freja-foreininga blei stifta i Cedar Rapids 1902, blei ho den første presidenten. Foreininga skulle ta seg av trengande skandinavar og starta sjukeheimar, heimar for foreldrelause barn, samt gje økonomisk støtte til gravferder.

På grunn av helsa flytta Ida Hansen saman med mannen til California 1904. Ho heldt likevel fram som redaktør av bladet fram til ho døydde 1938. Ho ligg gravlagd på Oakhill gravlund i Cedar Rapids.

Kilder og litteratur

  • Kvinden og Hjemmet (mikrofilmar av tidsskriftet frå 1894–1947, ukomplett)
  • L. Setterdahl: “Kvinnan och Hemmet: A Women's journal written in Swedish, edited by a Norwegian, published by a Dane”, i J. R. Christianson (red.): Scandinavians in America: Literary Life, Decorah (Iowa) 1985, s. 92–103
  • E. Seip: “Ida og Mina: Ringsaker-søstre med blad-suksess i USA”, i Årbok for Ringsaker, Veldre og Brøttum historielag, 1988, s. 115–123
  • S. B. Wangsness: “Kvinden og Hjemmet: A Magazine for Scandinavian Immigrant Women, 1901–1910”, i Norse Heritage Yearbook, 1989, s. 105–116
  • www.nb.no/baser/tma/
  • www.digitalarkivet.uib.no