Biskop og riksråd. Foreldre: Ukjende.

Hoskold Hoskoldsson var den siste katolske biskopen i Stavanger (1513–37), og han fekk oppleve at tida rann ut både for den katolske kyrkja og for Noreg som sjølvstendig kongerike. Han var først og fremst kyrkjemann med klåre katolske sympatiar og la vekt på å verne om rettane til kyrkja. Men både som biskop og riksråd måtte han gje etter.

Hoskold høyrde til ei vestnorsk lågadelsætt med forgreiningar til Ryfylke, Sunnhordland, Hardanger og Voss. Han vart immatrikulert ved universitetet i Rostock 1491 og vart utskriven som magister to år seinare. Han fekk si teneste ved domkapitlet i Stavanger, er omtala som erkediakon 1512 og vart vald til biskop 1513 og innvia i Roma 19. juni s.å.

Like etter at han tok over bispestolen, kom Hoskold i klammeri med abbed Henrik på Utstein. Biskopen skulda Henrik for eit “Wskelligt leffnet” og vart møtt av motskuldingar om overgrep mot abbeden sjølv og mot klosteret. Gjennom heile bispetida si var Hoskold på vakt for å sikre rettane til kyrkja. Han reagerte på at Christian 2 kravde utteljingar frå kyrkja då han skreiv ut den dryge tiandepengeskatten 1519. Han klaga over stor naud i bispedømet og forfall ved domkyrkja, og med same grunngjeving vegra han seg også mot å betale skatt 1525 og 1529. Like eins var han motviljug då Vincens Lunge bad om hjelp mot den øydeleggjande kapertrafikken langs sørlandskysten. I brev til erkebiskopen hausten 1526 klaga Vincens Lunge over at stavangerbiskopen alltid var avvisande når han vart bedt om hjelp.

I oppgjeret med Christian 2 var Hoskold tidleg ute og tok parti for Frederik 1. Her kan det ha spela inn at han såg på kong Christian som ansvarleg for at frenden Orm Eiriksson vart avretta 1521. Saman med biskop Olav i Bergen og rikshovmeisteren Niels Henriksson, som døydde like etter, kalla Hoskold hausten 1523 inn til møte i Bergen for å tinge slottslova på Bergenhus inn under Frederik. For innsatsen sin vart han saman med erkebiskopen, biskop Olav og Vincens Lunge utpeika til statthaldar nordafjells. Han fekk også utlagt to mindre len – Midtsysle og Råbyggelag – men dei vart kalla tilbake 1529.

I striden mellom dei to kongerivalane 1531–32 prøvde Hoskold å halde seg nøytral, til stor irritasjon for Eske Bille. Grunngjevinga for å sleppe å sende hjelp var den gamle: stor naud i bispedømet. Men vel så viktig var nok otten for kva som kunne kome til å skje med den katolske kyrkja. Hoskold vart forstøkt over framgangen for “lutheriet”, som han opplevde under eit møte i København 1531. Det opprørde han også at Vincens Lunge var i gang med å sekularisere Utstein kloster; dei tørna saman under møtet i København, med det resultatet at dei skildest “ukompane” eller som uvener.

Sin uvilje mot å ta klåre standpunkt avslører Hoskold i eit brev til erkebiskopen i mai 1535. Han orsaka seg med at han på grunn av alder og urolege tider ikkje kunne kome til den tillyste herredagen i Trondheim, men sa seg på førehand samd i alle vedtak erkebiskopen måtte gjere på møtet. Så seint som 8. mai 1536 hadde Hoskold ikkje gjeve tilsagn om å hylle Christian 3, og då han gav etter, var det fordi det ikkje var nokon utveg. Under press sette han seglet sitt under det hyllingsbrevet som vart ferda ut i Bergen 1. juni s.å., men han var truleg sjølv ikkje til stades på møtet; anten hadde han sendt fullmektigen sin med seglet, eller så innsigla han i etterkant. Derimot var han deltakar på eit avsluttande møte i Bergen 27. november 1536, som vart halde i Hoskolds eige herberge; men då var utviklinga førd til endes og det norske riksrådet avskaffa.

Eit oppgjer med den aldrande stavangerbiskopen var ikkje nødvendig. Han fekk sitje i ro på bispestolen sin til hausten 1537, då han vart teken hand om av høvedsmannen på Bergenhus Tord Roed og førd til Bergen. Her døydde han truleg like etter.

  • DN, bd. 1 nr. 1047, bd. 2 nr. 1093 og 1096, bd. 3 nr. 1085 og 1121, bd. 5 nr. 1039, bd. 7 nr. 539–540, 580 og 618, bd. 8 nr. 650, bd. 9 nr. 653 og 704, bd. 10 nr. 593, 595 og 681–683, bd. 11 nr. 613, bd. 12 nr. 565 og 568, bd. 13 nr. 531 og 555, bd. 16 nr. 556, bd. 17B og bd. 22 nr. 250, 271–272, 294, 298, 303, 337, 339 og 398
  • NRR, bd. 1
  • L. Daae: “Om Stavanger Stift i Middelalderen” i HT, rk. 3, bd. 5, 1899, s. 218–336
  • A. W. Brøgger: Stavangers historie i middelalderen, Stavanger 1915
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • Ø. Rian: Den nye begynnelsen 1520–1660, bd. 5 i ANH, 1995
  • H. Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bd. 4 i ANH, 1996
  • L. Hamre: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998