Hans Skjervheim var som filosof særleg oppteken av forholdet mellom samfunnsvitskapane og naturvitskapane. Hans filosofiske essay har brakt filosofiske problemstillingar ut til eit breidt publikum.
Han voks opp på garden Skjervheim i Myrkdalen som den eldste av ein syskenflokk på tre. 17 år gammal begynte han på Voss Landsgymnas, der han tok examen artium 1947. Han var også russeformann. Deretter avtente han verneplikta – først i Fredrikstad og så i Tysklandsbrigaden. Hausten 1948 begynte han studiet ved Universitetet i Oslo. Han studerte først samfunnsvitskap med sikte på magistergraden i sosiologi. 1952 tok han bifag i pedagogikk. Han skifta studieretning og tok magistergraden i filosofi 1957 med avhandlinga Objectivism and the Study of Man. Støttefaga var psykologi og sosiologi.
Hausten 1958 og våren 1959 var Skjervheim forskingsstipendiat ved Fridtjof Nansens Institutt og lærar ved Nansenskolen på Lillehammer. Hausten 1959 reiste han til Maximilian-Universität i München. Der blei han til hausten 1963 med tysk statsstipend og stipend frå NAVF. 1964–69 var Skjervheim universitetsstipendiat ved Filosofisk institutt, Universitetet i Oslo.
Frå hausten 1969 vikarierte han som universitetslektor ved Filosofisk institutt, Universitetet i Bergen, der han fekk fast tilsetjing 1971. Våren 1973 var han gjesteprofessor ved Universitetet i Tromsø. Han blei tilsett som professor i teorihistorie og vitskapsteori ved Roskilde Universitetscenter (RUC) 1974, men slutta alt 1975 etter konfrontasjon med den danske universitetsmarxismen. Deretter var han tilbake i Bergen. Stillinga hans ved Filosofisk institutt blei omgjort til professorat 1982. Same året var han også med på å starte Nytt Norsk Tidsskrift, som Rune Slagstad blei redaktør for.
Boka Ideologianalyse, sosiologi, dialektikk frå 1973 er rekna for å vere Skjervheims hovudverk, sjølv om den engelskspråklege avhandlinga hans er mest kjend. Men det beste han laga, kom berre på norsk (nynorsk). Det er ei form for filosofisk essayistikk, som la grunnlaget for ei ny form for sakprosa. Det er uråd å halde denne delen av forfattarskapet hans fast i anten kategorien for populariserande formidling eller kategorien for original fagfilosofi, for essaya representerer begge delar på ein gong. Her kombinerer han vitskapsteori, samfunnsfilosofi og etikk innanfor ein skrivemåte som er tilgjengeleg for andre enn fagfilosofar og sosiologar. Det skjer ei formidling mellom ulike ekspertkulturar og mellom ekspertkulturane og lekfolk.
I 1960-åra var Skjervheim verksam som positivismekritikar. I skrifter frå denne perioden tok han for seg visse former for sosiologi. Det han då fokuserte på, var den implisitte filosofien i vitskapen. Poenget var at dei filosofiske ideane i sosiologien i 1950- og 1960-åra hindrar samfunnsvitarane i å få kontakt med den sosiale realiteten. Det han kritiserte var scientismen, den då rådande positivistiske filosofien. Hovudsiktemålet hans var å vise at der er ein prinsipiell skilnad mellom naturfenomen og sosiale fenomen, og at det følgjeleg også må vere ein prinsipiell skilnad mellom samfunnsvitskap og naturvitskap.
I løpet av 1970-åra dreiv Skjervheim mykje med offentleg kritikk av marxismen. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane. Men på slutten av 1980-åra og ved starten av 1990-åra skjedde det ei politisk nyorientering hos Skjervheim – han oppdaga at det var ei heilt anna gruppe enn venstreradikalarane som var verkeleg farleg for samfunnet. Det var nyliberalistane med sine bedriftsøkonomiske organisasjonsmodellar.
Ein grunntanke i Skjervheims filosofi er at praktiske problem, for eksempel moralske og rettslege, utgjer eit eige område som aldri fullt ut kan hentast inn av teoretiske disiplinar, og at det berre er mogeleg å forhalde seg til dei gjennom omgrep som er særeigne og høvelege for dette området. Det store mistaket i samtidskulturen går ifølgje Skjervheim ut på å oversjå skiljet mellom teoretiske og praktiske problem. Dermed trur ein at det er mogeleg å utvikle teoretiske vitskapar som dekkjer det praktiske feltet slik at ein kan avleie ei teknisk eller instrumentell løysing. Den politiske konsekvensen av dette mistaket er maktovergrep. Skjervheim argumenterer for at positivismen, marxismen og nyliberalistisk reformisme er variantar av dette mistaket. Jamvel om den politiske skilnaden er stor, verkar dei – ifølgje han – destruktivt på same vis.
I slike stykke har han, parallelt med Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas og andre, vidareutvikla ei side ved Kants filosofi. Eit hovudsynspunkt er at det ikkje er tillate å handsame personar berre som middel, men at dei er mål i seg sjølve. I grunnleggjande tyding dreiar det seg om symmetri mellom personar og respekt for det faktum at vi forstår verda på ulike måtar.
Eit av arbeidsfelta til Skjervheim gjeld det å trekkje grensene for det Paul Ricoeur kallar “mistankens hermeneutikk”, dvs. det å avsløre falskt medvit og skjult ideologi. Skjervheim hevdar at mistankens hermeneutikarar går utanom grunngivingsspørsmålet. Han gir ei mengd døme på dette; somme er innfløkte, andre enkle, men strukturen er den same i alle tilfella.
Prinsippet om sjølvrefererande konsistens er sentralt hos Skjervheim. Føresetnaden for slik konsistens er at vi reflekterer over kva prinsipp vi sjølve er nøydde til å gjere bruk av når vi utarbeider ein teori og set den fram. Det gjeld då å sikre seg mot at utsegner vi kjem med i teorien, inneber noka nekting eller undergraving av desse prinsippa. For gjer dei dét, destruerer teorien seg sjølv.
Skjervheim er på sitt beste som filosofisk essayist. Framstillinga hans verkar enkel og essaya hans kan lesast av lekfolk. Dei er effektive på fleire nivå. Men først etter at ein har studert filosofi i ein del år, anar ein kor treffsikre merknadene hans er.
1988 fekk Skjervheim Forbundsrepublikken Tysklands fortenestekors av 1. klasse. Han blei verande professor i Bergen fram til 1991, då hjerneinfarkt gjorde han permanent ufør. Han døydde 1999, 72 år gammal.