Fiskar og fiskebåtreiar. Foreldre: Gardbrukar og fiskar Ole Olsen Vindenes (1870–1932) og Brita Hansdotter Algrøy (1867–1953). Gift med Anna Grimina Haganes (14.9.1895–13.3.1974), dotter til gardbrukar og fiskar Grim Hansen Haganes (1851–96) og Anna Kristina Nordahl (1853–98).

Hans O. Vindenes – på folkemunn “Vinnesen” – er gått inn i historia som ein av dei store fiskarhovdingane på Vestlandet på 1900-talet, kanskje den største. I tillegg til å vera storfiskar skulle han bli ei viktig drivkraft i arbeidet med å modernisera fiskeria.

Alt i førskulealder gjorde han gagns arbeid på sjøen, men ingen visste då at småfisket skulle peika framover mot ei eventyrleg karriere i fiskebåten. Startkapitalen var heller mager – ei skøyte han og broren arva etter faren. På høgda av karriera sat han som gjeldfri eigar av ein fiskeflåte som på det meste talde fem moderne fartøy.

Det var landnotfisket etter sild og makrell, saman med brislingfisket, som dominerte i Hordaland då Hans O. Vindenes voks opp. Som læremeistrar hadde han faren Ole og onkelen “Liaskjæren”, Hans P. Lie, som tidleg fekk auga på Hans O. Vindenes' talent. Alt som 18-åring vart han bas og kommanderte mennene med stor autoritet. Gode fangstar vart det også. 1918 gjorde han eit kast på 30 000 hektoliter sild sør på Sotra, og etter ein halv times arbeid var det sild for 450 000 kroner i nota.

Vindenes lukta tidleg at framtida låg i snurpenot. 1925 braut han av landnotfisket og tok hyre som bas på ein ålesundsbåt. Strilebasar var etterspurde, og “Vinnesen” var alt kjend langt utanfor heimetraktene. Han gjorde det særs godt, og både han og mørereiaren tente gode pengar. I tillegg til å finna silda hadde han eit særleg talent for å pønska ut effektive og meir moderne fiske- og fangstmetodar. Han var den første som brukte notrullar i staden for å kasta nota ut for hand, og han var først ute med djup snurpenot. Motoriserte doryar dreiv han igjennom, og nye mekaniske løysingar. Etter kvart kom kraftblokka og gjorde ende på noko av blodslitet. Båten hans, Texaco, var første båten i Hordaland med ekkolodd. Ny teknologi hadde han tru på.

Pengane Vindenes tente, gjekk til investeringar i båt og bruk. 1931 kjøpte han sin første fiskebåt, Sørfold, seinare følgde Texaco (1936), Gerd II (1941), Stril (1945), Poseidon (1945), Anna G. (1950) og endeleg Hans O. (1957). Nye Sørfold kom 1963. Sesong etter sesong var “Vinnesen” blant toppfiskarane. Somme meinte han hadde magiske evner.

Etter at vintersildfisket svikta totalt 1957 og utover i 1960-åra, gjekk det tyngre for Vindenes og reiarlaget hans. Det kunne likevel ikkje rokka ved ryet og prestisjen til storfiskaren frå Fjell.

Hans O. Vindenes var ein streng herre, som dreiv seg sjølv og mennene sine hardt. Han vart vald inn i styret i ei rekkje fiskeriorganisasjonar. I Fiskebåtredernes Forbund sat han som nestformann og formann i nesten 20 år. Han var ein dugande skribent, og dagbøkene hans frå storsildfisket – sakprosa av ypperste klasse – vart i mange år trykte som vedlegg til Fiskeridirektørens årsrapport. 1956 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

  • K. E. Johansen: Men der leikade fisk nedi havet. Fiskarsoge for Hordaland 1920–1990, Bergen 1989
  • H. Nordstrand: Havstril. Menneske og levemåte i Austevoll, Sund og Fjell, Bergen 1998
  • opplysningar frå Einar Vindenes