Hans Abel

Faktaboks

Hans Abel
Hans Holtermann Abel
Født
17. oktober 1830, Farsund, Vest-Agder
Død
11. desember 1903, Løten (el. Kristiania)
Virke
Kunstforleggjar
Familie
Foreldre: Prokurator, seinare sorenskrivar Fredrik Christian Thrane Abel (1798–1881) og Margrethe Christine Schjelderup (1804–95). Gift 1) med Christine Mathilde Abel (1836–1863), adoptivdotter til sokneprest Georg Daniel Barth Abel (1789–1859) og Elisabeth Henriette Bøckmann (1802–72); 2) 1864 med fotograf Louise Doris Sophie Pauline Kleffel (5.11.1841–2.5.1907), dotter til fotograf, kunstforleggjar og forfattar Ludwig Gustav Kleffel og Emilie Fredenhagen.

Hans Holtermann Abel var ein pionér innan portrettfotografi og kunstfotografi. Han var også ein av dei første som i stor stil produserte norske julekort og fotografiske kunstreproduksjonar.

Han voks opp i Farsund, der faren var sakførar og byens første ordførar. 1846 blei faren byfogd i Kragerø, og frå 1846 til 1850 var Hans lærling ved apoteket der. Etter å ha tatt medhjelpareksamen 1850 arbeidde han dei neste to åra som medhjelpar ved Svaneapoteket i Christiania. 1853 tok han cand.pharm.-eksamen. Dei ti åra som følgde arbeidde han ved fleire apotek og var m.a. styrar ved apoteket i Farsund.

Ei veksande interesse for fotografi gjorde at han 1863 – same året som han miste både den første kona si og det einaste barnet han hadde med henne – braut opp og drog til Tyskland for å lære meir om emnet hos Ludwig Kleffel, ein kjend forfattar av fotografiske lærebøker. Her møtte han Louise, utdanna fotograf og dotter til Kleffel. 1864 gifte han seg med henne. Utan kapital i ryggen opna det nygifte paret same året eit fotografisk atelier “i Hoppes Gaard ved Torvet i Christiania” og byrja i tillegg handel med fotografiske artiklar.

Det var ei gunstig tid for ei slik verksemd. Interessa for den nye kunsten, fotografien, var stor. Eit veksande publikum ønskte å fotografere seg og å kjøpe fotografi, og stadig nye fotografar etablerte si eiga verksemd. Abel var den første i Noreg (1867) som byrja å lage portrett i “cabinet”-format (16,5 cm × 11 cm, eit større format enn det ordinære såkalla visittkort-formatet). Firmaet H. Abel gjorde det godt, og etter nokre flyttingar hadde det frå midten av 1880-åra adresse Karl Johans gate 45. Mellom dei som kjøpte sitt fotografiske utstyr hos Abel, var vidgjetne forskarar som egyptologen Jens Lieblein, Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup.

Frå starten av hadde Louise og Hans Abel fordelt dei interne arbeidsoppgåvene mellom seg, slik at ho tok seg av det fotografiske atelieret, medan han styrte handelsverksemda: sal av kjemikaliar og fotografiske artiklar. Men sidan ektemannens verksemd såg ut til å vekse og det auka på med konkurrerande fotografar, og fru Abel såleis fekk mindre å gjere – og sidan ho var ei driftig og foretaksom dame – grunnla ho 1. desember 1884 firmaet Abels Kunsthandel og Forlag.

Om firmaet H. Abel gjerne har blitt oppfatta som éin person, var det heilt frå starten av to temmeleg likestilte og samarbeidande personar som stod bak. I tillegg til atelierfotograferinga og handelen med kjemikaliar og fotografisk utstyr byrja den nye verksemda kring 1885 å produsere ein ny artikkel, norske julekort. Firmaet var eit av dei første i Noreg som tok opp julekortutgjeving i større målestokk. Motiva blei tinga hos norske biletkunstnarar og var prega av kunstnarleg kvalitet og god smak. Eit siktemål var å utkonkurrere dei “dårlege” utanlandske korta.

Eit anna nytt produkt var store fotografi som synte kunstverk frå Nasjonalgalleriet, først ein serie på 20 i 1888 og ein på 26 året etter. Desse fotografiske reproduksjonane var kommersielt vellykka og blei snart sagde å finnast i dei fleste danna heimar. Handelen med masseproduserte reproduksjonar auka på, slik at kunstforlaget blei ei betydeleg og likestilt verksemd for Abel. 1890 blei det fotografiske atelieret seld til Sine Kraft frå Ålesund, tilsett medarbeidar sidan 1882.

Både i samtida og ettertida har det blitt hevda at kunstforlaget i høg grad blei drive av Louise Abel, som skulle ha eit svært godt lag med kunstnarane og dertil kunstforstand. 1898 overtok dei to sønene Gustav (1872–1936) og Louis (1874–1932) hennar verksemd (som etter 1911 heitte A/S Abels Kunstforlag og Reproduktionsanstalt, og var heilt fråskilt firmaet H. Abel). Same året trekte ekteparet Abel seg attende og flytta frå sine verksemder i Kristiania til eit liv som pensjonistar på garden Birkely ved Hørsand stasjon i Løten.

Sjølv om Hans Abel også gjorde ein innsats som kunstfotograf, kjenner fotobransjen han mest som ein gründer, ein tidleg og sentral norsk importør og leverandør av fotografisk utstyr til fagfotografar og amatørar.

Mellom dei få større norske kunstforlaga (Damm, Mittet og Oppi) stod ekteparet Abel for ei pionérverksemd m.o.t. masseutbreiing av kunstreproduksjonar av ymse slag (fotografiske, litografiske, einskildvis og i mapper, raderingar, julekort, kunstnarleg illustrerte hefte o.l.). Men i begge tilfelle var det eigentleg tale om ei formidlingsverksemd: Ettertida minnest betre dei mange fotograferte motiva, dei mange fotografane som gjorde opptaka, dei kjende kunstverka og dei interessante kunstnarane enn han som “forsynede hele Norges Fotografverden med alt til faget hørende Artikler” eller som stod for utbreiinga av kunstreproduksjonane.

Hans Abel var interessert i friluftsliv og fjellklatring og stod som medlem av Den Norske Turistforening. Posthumt kom det ut to mapper med hans naturfotografi.

Verker

    Fotografimapper

  • Paa Ski i Nordmarken, 1904
  • Vinterbilleder, 1906

Kilder og litteratur

  • J. W. Flood: Norges Farmaceuter 1815–1890, 1890
  • S. H. Finne-Grønn: Abel, den store mathematikers slegt, 1899
  • R. Johnsen: “Louise Abel”, i Folkebladet 1907, s. 144f.
  • “A/S Abels Kunstforlag”, i Folkebladet 1914, s. 385f.
  • H. Stenstadvold: “Norske julekort 1883–1900”, i C. Just (red.): 100 år N. W. Damm & Søn 1843–1943. Et firmas historie, 1947
  • S. Bonge: Eldre norske fotografer, Bergen 1980
  • R. Meyer: Den glemte tradisjon, 1989

Portretter m.m.

    Fotografiske portretter

  • Portrett av H. H. Abel og Louise Abel, u.å.; gjengitt i S. H. Finne-Grønn: Abel, den store mathematikers slegt, 1899