Forfattar. Foreldre: Bonde Iver Aanrud (1818–1900) og Olea Kristoffersdotter (1827–78). Gift 30.10.1893 i Kristiania med Vilhelmine Louise Figenschou Schjoldager (12.7.1862–12.3.1928), dotter til tollbetjent Hagbart Nilsen Schjoldager (1823–73) og Anna Martha (Margrethe) Figenschou (1832–74). Svoger til Dorothea Margrethe Schjoldager (1853–1938).

Hans Aanrud var først og fremst kjend som forfattar, spesielt av stutte forteljingar frå bygdemiljø prega av heimbygda hans, Vestre Gausdal. Men han verka også som kritikar, litterær konsulent, og var ein periode teatersjef.

Aanrud voks opp på garden Aanrud i Vestre Gausdal. I barneåra arbeidde han heime på garden, og om somrane var han gjetargut på setra. Den naturen og det arbeidslivet han skildrar i barnebøkene sine, hadde han såleis opplevd på nært hald som barn. Etter folkeskolen heime i Gausdal gjekk Aanrud på latinskolen på Lillehammer og tok middelskoleeksamen 1880. To år etter tok han examen artium og 1883 andreeksamen. Han tok til å studere jus, men braut av og vart huslærar i Øyer eit år før han drog attende til Kristiania og ville bli forfattar. 1890 vart han litteratur- og teatermeldar i Verdens Gang, men gjekk alt 1891 over til Norske Intelligenssedler, der han heldt fram med stutte avbrot fram til 1903.

Etter at Aanrud 1895 fekk trykt det første skodespelet sitt, kom han i kontakt med teateret. Da det 1896 vart starta eit reisande norsk teaterselskap, vart han beden om å innstudere repertoaret her. Dette førte til at han 1899 fekk tilbod om sjefsstillinga ved Bergens teater, og der vart han i halvtanna år. 1903 slutta han som journalist og levde seinare som forfattar. Ved sida av forfattarverksemda var han litterær konsulent ved Nationaltheateret 1911–23 og litteraturkritikar i Aftenposten 1925–28. Han hadde kunstnarløn frå 1923. Hans Aanrud var elles formann i Den norske Forfatterforening 1910–13 og formann i Forfatterforeningens sakkyndige utval ei rekkje år.

Den første forteljinga til Aanrud vart trykt i eit hefte av Nyt Tidsskrift 1888. Dette var forteljinga Hvordan Vorherre fik Høet til Amund Bergmellom. 1891 kom Fortællinger, som førte til at han fekk eit lite stipend over eit par år, som han brukte til eit par stutte utanlandsreiser. 1892 kom Fra Svipop til Venaasen, 1896 En Vinternat og andre Fortællinger, 1901 Seminaristen og andre Fortællinger, 1912 Farvel Fantdal og 1923 Jokarene i Skarvangen. Fra Fjeldbygden i ældre Dage.

Aanrud skreiv også gode barnebøker som Storkarer (1896), Smaafæ (1906), En odelsbonde og andre fortællinger for barn (1917) og spesielt dei stemningsfulle bøkene Sidsel Sidsærk (1903) og Sølve Solfeng (1910). Han markerte seg også som dramatikar med dei komiske folkelivsskildringane Storken (1895) og Høit til Hest (1901) og med komedien Hanen (1906) med ein lun og vittig brodd mot teologane. 1895 var han medutgjevar av tidsskriftet Tidssignaler. Mange av bøkene hans kom seinare ut i samleverk, og mange er omsette til tysk, engelsk, svensk, finsk og russisk.

Forteljingane til Aanrud er prega av humor og forteljarglede, og han er rekna som ein av grunnleggarane av heimstaddiktinga i Noreg. Naturskildringane er noko av det finaste hos denne forfattaren. I alt skreiv han 95 forteljingar. Dette gjer Aanrud til ein av dei mestproduserande kortprosaforfattarane i norsk litteratur. Den mest kjende forteljinga hans er truleg En odelsbonde, som er brukt i mange leseverk saman med forteljinga En vinternatt.

I nesten alle forteljingane har han brukt inntrykk frå heimbygda Gausdal som utgangspunkt for person- og miljøskildringar, mest frå 1860- og 1870-åra da Aanrud sjølv voks opp. Det er mykje humor i forteljingane hans, men mest dempa og underfundig. Språket er enkelt, og han heldt seg til datidas riksmålsnormal, men med innslag av dialektord i replikkar og når det gjeld arbeidsmåtar og -reiskap. Stilistisk skal han ha vore påverka av Asbjørnsen og Moes eventyrdikting. Aanruds litterære ideal var den objektive kunstnaren, naturalisten som observerte det verkelege livet og skildra samvettsfullt og utan lidenskap det han såg.

I Aanruds miljø er det eit klart klasseskilje, men ikkje klassemotsetnad. Både husmannen og odelsbonden er kvar for seg ein del av eit fasttømra samfunnssystem. Aanruds husmenn erkjenner plassen sin på den sosiale rangstigen, men menneskeverdet har dei ikkje mista. Mange som har skrive om Aanrud, karakteriserer litteraturen hans som harmonisk. Uttrykket harmonisk realisme er også brukt, i den meininga at Aanrud framhevar harmonien i det bygdesamfunnet han skildrar, harmonien mellom menneske og natur, mellom menneske og dyr, og menneska i mellom. Men nyare litteraturforsking har påvist at også konfliktane kan ha ein sterk plass i enkelte av tekstane hans.

Hans Aanrud vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1911.

    Forteljingar

  • Hvordan Vorherre fik Høet til Amund Bergmellom, i Nyt Tidsskrift, 1888
  • Fortællinger, 1891
  • Fra Svipop til Venaasen, 1892
  • En Vinternat og andre Fortællinger, 1896
  • Seminaristen og andre Fortællinger, 1901
  • Farvel Fantdal 1912
  • Jokarene i Skarvangen. Fra Fjeldbygden i ældre Dage, 1923

    Barnebøker

  • Storkarer, 1896
  • Sidsel Sidsærk, 1903
  • Smaafæ, 1906
  • Sølve Solfeng, 1910
  • En odelsbonde og andre fortællinger for barn, 1917

    Skodespel

  • Storken, 1895
  • Høit til Hest, 1901
  • Hanen, 1906

    Samleverk

  • Samlede fortællinger, 2 bd., 1905
  • Samlede verker, 6 bd., 1914–15
  • Fortællinger for barn, 2 bd., 1917
  • Fortellinger, utval, 1963
  • Stud. 1882, 1920, 1932
  • K. Elster: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • HEH 1953
  • A. Thorsen: Den norske barnelitteraturs historie, 1979, s. 91–94
  • G. Haugsbakk (red.): En reise i Hans Aanruds og Sidsel Sidsærks rike, Bjørnson-årbok nr. 3, Aulestad 2001
  • K. Imerslund: “Harmonisk realisme? Om Hans Aanruds fortellinger”, i NLÅ 2001, s. 52–67

    Eit utval

  • Teikning av Olaf Gulbransson for heftet 24 karikaturer, 1901
  • Måleri (brystbilete) av Ragnhild Thrane, 1904; Gyldendal, Oslo; attgjeve i Norske portretter. Forfattere, 1956, s. 194
  • Måleri (knestykkje) av Karl Konow, u.å.; attgjeve sst
  • Teikning (halvfigur) av Pedro (Salo Grenning); VG 12.1.1953