Friidrettsutøvar. Foreldre: Ingeniør Terje Haugland (1944–) og Berit Jorun Vikse (1943–). Gift med Håkon Särnblom (3.3.1966–), sønn av Ernst Särnblom og Turid Husa.

Hanne Haugland er ein av fleire norske friidrettsutøvarar som har gjort det godt på friidrettsbana i 1990-åra. Saman med utøvarar som Håkon Särnblom, Steinar Hoen, Geir Moen, Vebjørn Rodal, Mette Bergmann og Trine Hattestad har ho vore med på å løfta norsk friidrett og sørga for at det norske friidrettslandslaget gjennom 1990-åra har vore å rekna med i store internasjonale meisterskap.

Hanne Haugland starta tidleg med friidrett, og ho fann inspirasjon av dei tidlegare gode resultata i familien. Faren Terje Haugland var i slutten av 1960-åra norsk meister både i høgde og lengde. Bestefaren Eugen Haugland hadde fleire noregsmeisterskap og 4. plass i EM i tresteg frå 1946. I ungdomsåra var Hanne svært aktiv i friidrettsgruppa i Haugesund IL. På klubb- og kretsnivå deltok ho i lengde og høgde samt sprintøvingane 60 meter og 100 meter.

Det viste seg ganske snart at Haugland var eit talent av stort format. Allereie som 16-åring kom ho med på det norske friidrettslandslaget i høgde. Som 18-åring flytta Hanne Haugland til Oslo, der ho vart med i Idrettslaget til BUL og fekk Bruce Longden som trenar. Før ho kom til Oslo, hadde faren vore trenaren hennar. 1989 vann ho sølvmedaljen i innandørs EM med ny norsk rekord, 1,96 m. Dette året vann ho òg kongepokalen i NM.

Hanne Haugland har alltid vore oppteken av å vera sjølvstendig og ta ansvar for eiga utvikling. 1993 valde sambuarane (seinare ektefellane) Håkon Särnblom og Hanne Haugland å bli personlege trenarar for kvarandre og dermed trekkja seg litt ut av treningsopplegget til friidrettslandslaget. Dette vart ikkje heilt godt motteke hjå dei ansvarlege for landslaget, men paret hadde gode framgangar med eige opplegg og murringa la seg fort.

Haugland har vore den suverent beste norske kvinnelege friidrettsutøvaren i høgde sidan 1986, men ho har òg gjort det skarpt i lengde og tresteg. Ho har 12 norske meisterskap i høgde, tre i lengde og eitt noregsmeisterskap i tresteg.

For Hanne Haugland var 1997 det store året. Det starta i mars med bronsemedalje i innandørs-EM, der ho hoppa 2,00 m, held fram med noregsrekord utandørs på 2,01 m og enda med gullmedalje i VM, der Hanne Haugland hoppa 1,99 m. Haugland har òg delteke i olympiske leikar både 1996 og 2000, utan å nå heilt opp. Ein skade i 1998 sette henne langt tilbake. Seinare kom ho seg aldri opp att på 1997-nivå og valde etter sesongen 2000 å gje opp friidrett på toppnivå.

I perioden 1983–2000 var Haugland fast på det norske seniorlandslaget og må seiast å vera ein av dei som har lengst fartstid i friidretten på relativt høgt nivå. At ho i tillegg ikkje har vore redd for å seia ifrå om kva ho meiner, har gitt henne ein viktig posisjon i utøvargruppa. Dette kjem fram ved at ho i fire år har sete som utøvarrepresentant i Norges Friidrettsforbund, samt at ho for perioden 2000–04 er innvald som ein av tre kvinnelege utøvarar i utøvarkommisjonen i det europeiske idrettsforbund.

  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (hovedred.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon, 1990
  • intervju med Hanne Haugland 30.11.2000