Forfattar og gardbrukar. Foreldre: Gardbrukar Johannes T. Sandsdalen (1848–1941) og Hæge Vetlesdotter Kjøta (1874–1956). Gift 4.4.1938 med forfattar Ingebjørg Kasin (1915–2003; sjå Ingebjørg Kasin Sandsdalen).

Halvor J. Sandsdalen har som forfattar for det meste henta emne frå natur og folkeliv i heimbygda Seljord. Trass i mange stemningsfulle skildringar kan han ikkje kallast romantikar; til det er hans proletære utgangspunkt for tydeleg i mange tekster. Dikta hans er ofte merkte av dobbel botn og ironi.

Sandsdalen voks opp på eit småbruk som nummer 17 i ein barneflokk på 20. Han var aktiv i Seljord frilynde ungdomslag og skreiv skodespel 17 år gamal. Einaste vidare skulegang vart Søve jordbruksskole på Ulefoss 1931 og Sagavoll ungdomsskule på Gvarv 1937. Han sleit med dysleksi, men tok fleire brevkurs for å lære skrivekunst.

Som ung skifta Sandsdalen ofte arbeidsplass, då var han skogs- og gardsarbeidar i Aker og Telemark. Arbeidarrørslas agitatorar nådde ikkje fram til han; det var utnytting av arbeidsfolk på store gardar som gjorde at han tok eit klassestandpunkt. Han var med og starta skog- og landarbeidarforeining i Seljord 1935, men sa sjølv det var mest for å få treffe Elling M. Solheim. Denne tida har han skildra i den sjølvbiografiske romanen Ein grøn stein, der hovudpersonen kjøper dikt av Olav Nygard i staden for sko. Lengten etter å bli kunstnar er elles det sentrale temaet i boka.

Sandsdalen dreiv farsgarden 1937–52 og var bibliotekar i Seljord 1946–52. Dessutan var han journalist på deltid 1945–62 som korrespondent for Telemark Arbeiderblad (TA), seinare som redaktør av Telemark Tidend, eit vedlegg til avisa Varden (1958–80). 1962 hadde han full stilling som journalist i Varden/Telemark Tidend. Som kulturaktivist kunne han bli freista til å blande referat og kommentar, men det var signerte artiklar, og lesarane forventa at han hadde sin eigen måte å presentere stoffet på. Varden var då Høgre-avis, og han blei av sine eigne kritisert for overgangen, men roste likevel denne avisa meir enn TA.

For eigen kostnad trykte han 1945 diktsamlinga Det syng i skog og li, men den eigenlege lyrikkdebuten var 1946 på Fonna forlag med Mannen og moldi. Parallelt med fleire diktsamlingar gav han ut barnebøker med rot i lokal forteljartradisjon og nokre høyrespel/skodespel, særleg einaktarar for ungdomslag. Skodespela manglar nok ein fast dramaturgi, men har sin styrke som tablå med folkelivsbilete. Dikta er i dei fyrste åra mest i bunden form og mange med relevans til folkedikting. Dei har ofte naturskildrande utgangspunkt og ein underfundig humor, men ein politisk undertone kan òg merkast.

Fyrstepremien i tevlinga om kantate til Skien bys 600-årsjubileum 1958 vart eit gjennombrot. Generelt sett skreiv Sandsdalen ikkje vanskelege, metaforiske dikt, og han hadde ofte ei enkel forteljing som utgangspunkt. Likevel var diktsamlinga Relieff frå 1968 merkt av samtida med nokre modernistiske dikt, haiku-dikt og kortdikt utan tittel. I den sjangeren blei det med denne eine, men med åra blei dikta meir og meir frie i forma.

Gjennomgåande er likevel trongen til å bruke lydlege verkemiddel og refreng. Dette har inspirert Ivar Medaas og Sigmund Groven til tonesetjing. Nokre har også blitt folkeeige, som t.d. Gje meg jorda til bustad og Kom sol.

Journalisten Sandsdalen kjem til syne i folkeminnebøkene. Her vil han ikkje vere diktar og kallar Ormen i Seljordsvatnet frå 1976 for dokumentarbok. Å “dikte” i tydinga “finne på ting” baud han elles imot; han sa også om fiksjonen sin: “Eg diktar ikkje, eg fortel berre sanninga.”

Dei siste åra brukte Sandsdalen mykje tid på biletkunst. Han var god ven med målarane Harald Kihle, Nanna Kiønig og Ture Holm, og var med i Seljord Målarklubb, men blei aldri godteken som biletkunstnar av dei profesjonelle.

Sandsdalen var formann i Seljord Arbeidarparti og i 15 år sekretær i Telemark Mållag. Han fekk m.a. Norsk kulturråds lesarpris 1969, kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979, Telemark fylkes kulturpris 1990 og Kongens fortenestmedalje i gull 1996.

    Dikt

  • Det syng i skog og li, 1945
  • Mannen og moldi, 1946
  • Ved Vallarå, 1951
  • Svarte strender, 1952
  • Lyset frå andre sida, 1956
  • Kantate ved Skien 600 års jubileum, 1958
  • Etter eit menneske, 1960
  • Bogen og fløyta, 1964
  • Drakevind, 1966
  • Relieff, 1968
  • Strofer frå lirekassa, 1976
  • Kom sol på alle mine berg, 1978
  • Ein trekkspelbelg med stjønnur på, 1981
  • Det sprang eit rådyr forbi, 1985
  • Eg fann eit vers på vegen, 1987
  • Ei skål med måneskin, 1992

    Skodespel, barnebøker og romanar

  • Gygra i Skorvefjell, barnebok, 1952
  • Du greier deg nok, barnebok, 1953
  • Silketørkledet, skodespel, 1955
  • Anne Gonge, skodespel, 1957
  • Kari Sulto, skodespel, 1958
  • Under eventyrhatt, barnebok, 1964
  • Det store fesjået, barnebok, 1965
  • Ein grøn stein, roman, 1969
  • Det grøne huset, barnebok, 1979

    Folkeminne

  • Ormen i Seljordsvatnet, 1976
  • Hundre folkeminne frå Seljord, 1982
  • Trollebotn, 1983
  • Drivarbekkdalen, 1984
  • Langs Svorteåi, 1986
  • Seljord, 1989
  • Frå Kivlemøyan til Brurebergi, 1989
  • K. Åsen: “Sandsdalen, båten og vatnet”, i Årbok for Telemark, Skien 1969
  • H. Stenersen: “De rir sin tandem-Pegasus”, i Nationen 19.1.1970
  • I. Orgland: “Jorda er min romstasjon”, kronikk i Nationen 12.1.1971
  • H. Sandsdalen: “Det syng i skog og li”, i SogS nr. 1/1981
  • G. H. Gvåle: “Bygdeandlet i Halvor J. Sandsdalens forfattarskap”, i NLÅ, 1981
  • Ikkje berre sol. Festskrift til Halvor J. Sandsdalen 1911–1981, Seljord 1981
  • M. A. L. Klæbo: “Ordet er der – og må gripes i det rette øyeblikk”, i Kulturnytt nr 3/1983
  • K. O. Selman: “Det kvasse og det mjuke”, i Varden 11.1.1991
  • O. Lunde: “Skal eg ønskje noko godt –”, i Telemark Historie nr. 16, Bø 1995
  • O. Mosdøl: “Tema i relasjon til diktarparet Sandsdalen”, i Årbok for Telemark, Skien 1997
  • Måleri av Nanna Kiønig, 1946; p.e. hjå Halldis Sandsdalen
  • Teikning av Karl Mydske Berger, u.å.; p.e. hjå Halldis Sandsdalen
  • Teikning av Wenche Øyen, u.å.; p.e. hjå Odd Jan Sandsdalen
  • Fotografisk portrett av Arne Aas, 1983; p.e. hjå Halldis Sandsdalen