Hallkjell Ogmundsson Krøkedans stod sentralt i formyndarrådets antikyrkjelege politikk i førstninga av 1280-åra og vart bannlyst. Frå 1285 var han høvedsmann i Oslo for hertug Håkon Magnusson.
Hallkjell Ogmundsson kom med i rådsregjeringa etter kongeskiftet 1280, og same haust spela han ei leiande rolle i forsøket på å skattleggje kyrkjegods i Nidaros bispedøme. Saman med to andre aktivistar vart han innkalla til erkebiskopen, der han oktober 1280 fekk ei kraftig åtvaring mot å krenke kyrkjas gods og eigedomar. Hallkjell var blant gjestene da kong Eirik 2 Magnusson og prinsesse Margrete gifte seg i Bergen ettersommaren 1281. Han var da blitt bannlyst for si antikyrkjelege framferd, og ifølgje den islandske biskop Arnes saga truga erkebiskopen med å forlate gjestebodet dersom ikkje Hallkel vart vist bort.
Hausten 1283 drog Hallkjell som rådets utsending til den tyske kongen Rudolf av Habsburg. I juni same året hadde nordtyske fyrstar og handelsbyar skipa eit forbund, som seinare gjennomførte handelsblokade mot Noreg. Situasjonen var altså svært spent, og sendeferda tilsvarande høgt prioritert i riksstyrets søraustvende utanrikspolitikk. Den diplomatiske misjonen til Tyskland vitnar såleis om ei sterk og høgt profilert stilling for Hallkjell Ogmundsson i krinsen kring kong Eirik. Vi har ingen kunnskap om dei tingingane han førte i Tyskland, men ei brevveksling mellom rådmennene i Lübeck og Stralsund vinteren 1283–84 syner at dei tyske klagemåla mot norske overgrep hadde tilteke i styrke. Den meir imøtekomande haldninga riksstyringa i Noreg synte overfor tyske krav i eit brev frå mars 1284, byggjer truleg på situasjonsrapportar og råd frå Hallkjell. Enno i juni–juli 1284 oppheldt han seg i Rostock, men vende straks etter heimatt til Noreg.
I eit brev datert 29. august 1285, utferda av hertug Håkon Magnusson, er Hallkjell titulert som hertugens borgherre (castellanus) eller høvedsmann i Oslo, og han får instruks om å ta vennleg imot alle tyske kjøpmenn som kjem dit. I dette brevet understrekar hertugen at han aldri hadde hatt nokon del i den tidlegare striden mellom nordmenn og tyskarar, og det er naturleg å tolke dette som kritisk skepsis mot den tysklandspolitikken kong Eirik og hans rådsregjering hadde ført. Truleg har Hallkjell Ogmundsson vore eksponent for denne kritikken etter sin heimkomst frå Tyskland, noko som skapte grunnlag for eit tettare politisk samvirke med hertugen. Frå 1285 framstår han som hertug Håkons fremste embetsmann og rådgivar.
Hertug Håkons haldningar i tysklandspolitikken skapte eit motsetningsforhald til Alv Erlingsson, som gjennom fleire år dreiv ein aggressiv kapertrafikk i danske og tyske farvatn. Da Alv gjorde opprør 1287, vart derfor Hallkjell Ogmundsson som hertugens høvedsmann i borga på Akersneset eit naturleg angrepsmål. Hallkjell vart teken til fange, sperra inne på Isegran og drepen der same året.
Både i si konge- og hertugteneste nytte Hallkjell stor tillit. Eit vitnemål om hans nære tilknytning til kong Eirik gir biskop Arnes saga i beretninga om islendingen Lopt Helgesson, som gav Hallkjell 500 alnar vadmål for å tale hans sak for kongen. Det har vore gissa på at Hallkjell og ætta hans hadde basis i Skiensområdet, der bygarden Danzen er nemnt på 1400-talet, m.a. som sete for lagmannsstemnet. Dette er likevel usikkert.