Skald. Foreldre og ættebakgrunn er ukjende.

Guttorm Sindre er ein norsk skald som vi veit svært lite om. I Skáldatal, ein islandsk katalog frå 1200-talet over skaldar som var knytte til ulike kongar, er han nemnd som skald hjå Håkon den gode. Tilnamnet Sindre er i norrøne kjelder elles kjent som eit dvergenamn, men vi kjenner ikkje bakgrunnen for at skalden har fått dette tilnamnet.

Det einaste som er overlevert av diktinga etter Guttorm Sindre, er seks strofer og to halvstrofer i drottkvætt som har tilhøyrt ei dråpa (hyllingsdikt med stev) om Håkon den gode. Dei bevarte fragmenta av diktet viser at Guttorm Sindre har dikta i ein frodig stil rik på kjenningar. Diktet fortel om eit krigstog til Danmark der Håkon den gode vann siger. Det vert opplyst at han sette “den modige krigar” (brorsonen Tryggve Olavsson), som tidlegare hadde kome med mannskapet sitt på skip frå Irland, til å styre i Vika. Det vert vidare fortalt om slag (mot Eirikssønene), at Eirikssønene ofte hadde fått merke kongens overmakt, og at alle Erikssønene hadde rømt unna for han.

Diktet, som Snorre kallar Hákonardrápa, ser ut til å ha vore ei viktig kjelde for det Snorre har å fortelje om Håkons krigstokt til Danmark etter at danane hadde herja i Vika, og han siterer eit par strofer frå diktet som kjelde der han fortel om slaga mellom Håkon den gode og Eirikssønene som førte til at Guttorm Eiriksson fall, og noko seinare Gamle Eiriksson. Strofer av Guttorm Sindre er ikkje siterte i kongesogene som kjelder til seinare hendingar enn Gamle Eirikssons fall.

Snorre fortel i Heimskringla at Guttorm Sindre var i flokken til Halvdan Svarte, ein av sønene til Harald Hårfagre, og tidlegare hadde han vore hjå kong Harald. Han hadde dikta kvad om begge kongane, og var ein kjær ven av dei begge. Kongane hadde bode han skaldeløn for kvada, men Guttorm Sindre hadde takka nei, og bad om at dei i staden ein gong seinare skulle oppfylle ei bøn frå han. Dette lovde kongane. Noko seinare vart det uvenskap mellom far og son fordi Halvdan Svarte hadde prøvt å brenne Eirik Blodøks, bror sin, inne. Då det såg ut for at det skulle kome til open strid mellom kong Harald og Halvdan Svarte, mekla Guttorm Sindre mellom dei, og oppnådde forlik ved at han minte dei om kva dei begge hadde lovd han. Snorre seier i Heimskringla at Jorunn Skaldmøy nemner denne hendinga i diktet Sendibít, og siterer ei halvstrofe frå dette diktet som belegg, men utan at Guttorms rolle i meklinga går fram av sitatet.

Forteljinga i Heimskringla har eit noko segnaktig preg. Men dersom det stemmer at Guttorm Sindre hadde vore skald hjå Harald Hårfagre og Halvdan Svarte før han vart skald hjå Håkon den gode, har han levd i første halvdel av 900-talet. At strofer etter Guttorm Sindre ikkje er brukte som kjelder til hendingar etter Gamle Eirikssons fall, peikar i same retning.

  • Heimskringla
  • Finnur Jónsson (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning,København 1912–15 (utg. av Hákonardrápa: tekst etter handskrifta i bd. A1, s. 61–63, retta tekst i bd. B1, s. 55–56)