Faktaboks

Guttorm
Død
6. februar 1224
Levetidskommentar
ukjent fødselsår
Verke
Erkebiskop
Familie

Foreldra er ukjende.

Guttorm var ein norsk geistleg av ukjend herkomst, muligens av trøndersk ætt. Han var erkebiskop av Nidaros frå 1215 til 1224. Guttorm starta si embetsgjerning med å delta på det fjerde laterankonsilet i Roma hausten 1215. Han styrte kyrkjeprovinsen med fast hand og presiderte på riksmøtet i Bergen 1223, der arveretten til den norske trona vart endeleg avgjord i Håkon 4. Håkonssons favør.

Vigsla til erkebiskop

Etter at erkebiskop Tore Gudmundsson døydde i 1214, vart Guttorm vald til ny erkebiskop. Våren 1215 dro han via England til Roma for å bli vigsla av pave Innocens 3. Det har truleg skjedd før det fjerde laterankonsilet åpna i november. Dei islandske annalane fortel at han først kom heim att til Nidaros i 1216. Ein har derfor rekna med at den nyvigsla erkebiskopen deltok på konsilet. Ingen ting er kjend om hans geistlege bakgrunn, og opplysninga i ein annalredaksjon om at han hadde vore abbed, står heilt isolert.

Reiser og konfliktar

Mange av dei embetsoppgåvene Guttorm fekk som erkebiskop, var knytte til føresegner utferda av konsilet, og vi kjenner til sju fullmakter, brev og rundskriv frå pavestolen til erkebiskopen. Elles var Guttorm flittig på visitasreiser, og det er mogleg han heldt provinssynode i tilknyting til riksmøta i Bergen 1218 og 1223. Mykje arbeid fekk han med islandske kyrkjesaker. Særskilt gjaldt dette langvarige stridar kring den vidløftige Hólar-bispen Gudmund Arason. Gudmund oppheldt seg i Noreg gjennom store deler av Guttorms embetstid, og i 1222 stemna erkebiskopen islandske høvdingar til Noreg i eit fåfengt forsøk på å bilegge konflikten.

Tilhøvet til Håkon Håkonsson

Da Håkon Håkonsson vart hylla til konge våren 1217, var erkebiskop Guttorm på visitasreise i Hålogaland. Først i 1218 kom erkebiskopen på banen, på eit riksmøte i Bergen der Håkons kongsætt skulle provast ved at kongsmora Inga av Varteig bar jernbyrd. Erkebiskopen hadde ein presiderande funksjon på møtet, og var saman med Skule Bårdsson jarl sjølve drivkrafta bak jernbyrden. På denne måten fekk han demonstrert at tronskiftet året før (då Håkon Håkonsson vart vald til konge etter Inge Bårdsson) hadde vore i strid med kyrkjas tronfølgjerettslege syn, samtidig som omsynet til indre fred kravde sterkare legitimitet for kongens rettsgrunnlag. Det var erkebiskopen som kunngjorde utfallet av jernbyrden, og han fornya samtidig riksdelingsavtalen mellom kongen og jarlen.

Fram til dette tidspunktet skildrar Håkon Håkonssons saga fleire episodar som i sum teiknar eit heller grått bilete av forholdet mellom kongen og erkebiskopen. At det har vore eit anstrengt tilhøve treng ein snautt tvile på, men samtidig må det understrekast at soga gir ei utprega partsframstilling. Det ser ut til at ei meir gjennomgripande forsoning mellom konge og erkebiskop kom i 1222. Det har vore vanleg å datere det såkalla myntprivilegiet – der kongen gav erkestolen eksklusiv rett til å slå mynt – til dette året. Samtidig tok kong Håkon erkestolen med alt tilhørande gods i sitt vern.

Forsoninga i 1222 var ei forutsetning for den breiare politiske avklaringa som kom på det store riksmøtet i Bergen sommaren 1223. Etter kong Håkons ønske var det erkebiskop Guttorm som presiderte. Etter at landets lagmenn hadde gitt samrøystes orskurd for at Håkon var næraste arving til trona, erklærte erkebiskopen Håkon Håkonsson som rettmessig norsk konge. I dei følgjande forhandlingane mellom kongen og Skule jarl om delinga av landet, var Guttorms meklingsinnsats avgjerande. Avtalen vart skriftfest, og besegla av kongen, jarlen, erkebiskopen og biskopane.

Ettertidas vurdering

Erkebiskop Guttorms embetstid fall saman med ein politisk uroleg tidbolk i norsk rikshistorie (ofte kalla borgarkrigstida). Som kyrkjepolitikar var Guttorm smidig og fast på same tid, og hans pragmatiske forhandlingsevner verka utan tvil dempande på konfliktane kring arveskifte og riksdeling. Den norske kyrkjeorganisasjonen vart styrkt i hans tid, og han arbeidde målretta for å gje domkapitlet ved erkestolen ei sterkare stilling. Byggjearbeidet på Nidarosdomen fekk også eit nytt løft med erkebiskop Guttorm.

Fleire historikarar har gissa på at erkebiskop Guttorm hørte til den mektige Reinsætta i Trøndelag, men det fins ingen rimelege belegg for dette. Det einaste vi veit om hans slektsforhold, er at han var bror til ein birkebeinarhøvding med namnet Hallvard Skygna, som vart drepen av baglane i Nidaros i 1200. At han skal ha vore utdanna ved St. Victor-klosteret i Paris, slik enkelte har meint, er også utan kjeldegrunnlag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg