Gustav Indrebø

Faktaboks

Gustav Indrebø
Gustav Ludvig Indrebø
Født
17. november 1889, Samnanger, Hordaland
Død
3. august 1942, Bergen
Virke
Filolog og historikar
Familie
Foreldre: Overlærar Ludvig Johannes Indrebø (1864–1921) og Severine Malene Frøysland (1861–1943). Gift 12.1.1918 med lærar Astrid Ruth Louise Olsen (19.1.1885–14.12.1956), dotter til fabrikant Johan Olsen (1849–1928) og Selma Kristine Holmquist (1856–1920). Bror til Ragnvald Indrebø (1891–1984).

Livsverket åt Gustav Indrebø femnde vidt i norsk målgransking og soge, frå saga- og kjeldeskriftutgåver over retts- og administrasjonshistoriske studiar til studiar av norske målføre og stadnamn. I språkdebatten var han ein av dei fremste talsmenn for den tradisjonelle Aasen-lina.

Båe foreldra til Indrebø var frå Førde i Sunnfjord, og dei flytte attende dit 1892 då Gustav var tre år. Dei flytte til Vestre Aker (no Oslo) 1901, der faren sist var overlærar på Tåsen. Gustav tok examen artium som privatist 1908 og vart preseterist. Deretter tok han lærarskuleeksamen 1910 og var lærar nokre år før han braut av 1913 og tok til å studere filologi ved universitetet i Kristiania. Han vart cand.philol. 1917 med historie hovudfag og tysk og morsmål som sidefag. Hovudoppgåva hans, om det gammalnorske handskriftet Fagrskinna, vart straks prenta og vekte åtgaum mellom fagfolk.

Etter eksamen fekk Indrebø stilling som amanuensis ved Riksarkivet og var der til 1921, med avbrot for eit ni månaders studieopphald 1919–20 i København og Berlin. 1919 tevla han med Jac. S. Worm-Müller om eit dosentur i historie ved universitetet i Kristiania. Han fekk ikkje det, men vart i staden 1921 tilsett i eit nytt dosentur i norrøn filologi. Same året vart han styrar for det nyskipa Norsk Stadnamnarkiv. 1930 vart han utnemnd til professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Det var han til han døydde 1942.

Gustav Indrebø verka vitskapleg over vide felt. I hovudoppgåva tok han opp intrikate problem i norrøn filologi, og så seint som 1981 skreiv Ludvig Holm-Olsen at dette arbeidet var “blant de betydeligste i kongesagaforskningen”, både på grunn av metodisk styrke og dei varige resultat det hadde gjeve. I utgåver av Sverris saga (1920) og Gamal norsk homiliebok (1931) synte Indrebø at han rådde suverent med edisjonsteknikken. Ei avhandling om samleverket Ágrip (prenta i Edda 1922) la ein grunn som granskarane slutta seg til.

Som historikar arbeidde Indrebø mest med gammal norsk soge, der han særleg samla seg om rettsleg og administrativ inndeling. Det var om rettsstell og rettsstader, om fylkesgrenser og fylkesnamn og toppa seg med det store verket Fjordung (1936), der han ut frå eit breitt geografisk tilfang gav ein analyse av tilstand og vilkår for denne administrative eininga. I skrifter om Chr. M. Falsen som generalprokurør og om Krigshospitalskassa 1679–1814 bygde han på kjelder frå Riksarkivet.

Med eit arbeid 1921 om stadnamn i Haukedalen la Indrebø ein metodisk grunn for denne disiplinen, som vitskapen bygde på etter det. Doktoravhandlinga hans frå 1925 var eit arbeid om innsjønamn i Oppland. 1929 kom eit band om stadnamn frå Oslofjorden og 1933 eit om innsjønamn i Buskerud. I Norsk namneverk (1927) gav han eit historisk utsyn over stadnamn og stadnamngransking. Som statens konsulent for stadnamn frå 1923 la Indrebø grunnlaget for den offentlege normeringa av stadnamna våre. I polemiske skrifter om namn det var målstrid om, ville han syne at formene Noreg og Nidaros var historisk rette som landsnamn og bynamn. I desse skriftene kombinerte han kunnskapar i norrøn filologi, historie og stadnamn. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1930.

Ei rad mindre tilskot om norsk språkhistorie toppa seg i det store verket Norsk Målsoga, som Indrebø arbeidde med den siste tida han levde. Han vart ikkje heilt ferdig, men boka kom ut posthumt 1951 og i ei 2. utgåve 2001. I den andre utgåva er det med eit nytt kapittel etter ein kladd som var funnen 1990: Målbrigdingar (1525 til notidi). I målsoga gjev Indrebø den indre lina i norsk målvokster frå gammalnorsk til og med Ivar Aasen. Også målpolitisk er det ei viktig bok.

Etter å ha vakse opp med riksmål i skulen skifte Indrebø til nynorsk i studietida. Frå 1920-åra gjekk han heilhuga inn i nynorsk målreising, som debattant, folketalar og lagsmann. Indrebø var formann i Det norske Samlaget 1923–29 og i Noregs Mållag 1929–31 (nestformann til 1942). Han var ein sterk mann i målrørsla — som ideolog og meiningsbyggjar, som strateg og praktikar og som arbeidsmaur. Han hevda med overtyding og styrke at idégrunnlaget for målreisinga ikkje var sosialt eller pedagogisk, men det nasjonale omsynet å skaffe Noreg eit norsk skriftmål.

Indrebø la mykje vinn på å gje nynorsk meir rett i samfunnet. For å skapa vørdnad for mållova av 1930 skulda han to offentlege tenestfolk i Bergen for å ha sabotert lova. Dei reiste søksmål, og i ei rettssak vart Indrebø 1934 dømd for injuriar. Målfolk protesterte hardt mot domen. Mange tok opp att skuldingane, og dei samla pengar til å betala bota; dei vart Indrebø-fondet for nynorsk skulemål.

I ordskiftet om rettskrivinga av 1917 var Indrebø fyrst ikkje med, men 1929 skreiv han for ei meir einskapleg norm. Han gjekk imot dei som ville setja a-mål i staden for i-mål for å koma nærare talemålet i aust og nord og nærare bokmål. Med stor kraft leidde han i 1930-åra striden mot ny rettskriving, for han meinte ho ville øydeleggje nynorsk. Då ho var vedteken, prøvde han å få til forandringar. Striden var lagd daud av krigen då Indrebø døydde av hjernesvulst 1942, men etter krigen har han vore eit samlingsmerke for dei som vil ha inn eldre former i nynorsknorma.

Verker

  • Fullstendig bibliografi finst i G. Indrebø: På norsk grunn (sjå nedanfor), 1989, s. 77–109

    Eit utval

  • Fagrskinna, 1917
  • Det norske generalprokurørembættet. Chr. M. Falsen 1822–1825, 1919
  • utgj. Sverris saga etter Cod. AM 327 4°, 1920 (faksimileutg. 1981)
  • Stadnamni i ei fjellbygd, i Maal og Minne 1921, s. 113–210
  • Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke, dr.avh., VSK Skr. II 1923 nr. 7, 1924
  • Den norske kvæsthuskassa (Krigshospitalskassa) 1679–1814. Med eit tillegg um den Norske Officers-enkjekassa. Eit blad av vaar militære administrasjonshistorie, 1927
  • Norsk maalsoge, 1927 (2. auka utg. Bergen 1935)
  • Norsk namneverk, 1927
  • oms. Orknøyingasoga, Norrøne bokverk 25, 1929
  • Stadnamn fraa Oslofjorden, DNVA Skr. II 1928 nr. 5, 1929
  • Nidarosnamnet og Trondhjemsnamnet i Noreg. Nye granskingar um bynamnet, 1930
  • utgj. Gamal norsk homiliebok. Cod. AM 619 4°, 1931
  • Fylke og fylkesnamn, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1931 nr. 1, Bergen 1932
  • Nynorsk og bokmål, Bergen 1932
  • Norske innsjønamn. 2. Buskerud fylke, DNVA Skr. II 1933 nr. 1, 1933
  • Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1933 nr. 1, Bergen 1934
  • Rett og urett. Tenestemennene og dei offentlege påbod um målbruk, Bergen 1934
  • Fjordung. Granskingar i eldre norsk organisasjons-soge, BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1935 nr. 1, Bergen 1936
  • oms. Ågrip. Ei liti norsk kongesoge, Norrøne bokverk 32, 1936 (2. utg. 1973)
  • God norsk. Innlegg i målbrigdesaki, Bergen 1937
  • Norsk og norsk, 1939
  • Norsk Målsoga, (posthumt) 1951
  • Kva er målreising? Ei artikkelsamling, utg. ved J. Bondevik og O. Nes, 1976
  • På norsk grunn, artikkelsamling, Bergen 1989
  • Maalbrigdingar (1525–til notidi), utg. ved O. Nes, Bergen 1990

Kilder og litteratur

  • Stud. 1908, 1933, 1958
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • HEH 1938
  • H. Johannessen, R. Skre og P. Thorson (red.): Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939, Bergen 1939
  • P. Hovda: nekrolog i Maal og Minne 1943
  • M. Olsen: “Minnetale over Gustav Indrebø”, i DNVA Årbok 1945
  • S. Eskeland: “Gustav Indrebø”, i Fram daa, frendar 1951
  • K. Venås: For Noreg og Ivar Aasen. Gustav Indrebø i arbeid og strid, 1984
  • I. Indrebø Eidissen: Gustav Indrebø. Ei livsskildring, Bergen 1993

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Teikningar i BTid. 6.11.1930 og 19.3.1934
  • Byste av Dyre Vaa, 1955; Årdal, Jølster