Kanslar, biskop og riksråd. Foreldre: Storbonde og væpnar Tjostulv Gunnarsson Holk (truleg 1380-åra–etter 1454); moras namn er ukjent.

Gunnar Tjostulvsson Holk var ein av dei framståande geistlege som i andre halvdelen av 1400-talet arbeidde for å styrkja den norske kyrkja som samfunnsmakt. I hans tid som kanslar, biskop og riksråd oppnådde kyrkja auka fridomar.

Gunnar Holk hadde same sosiale bakgrunn som den samtidige stavangerbispen Alv Torgardsson, og det er mykje likt i deira karriere. Far til Gunnar, Tjostulv Gunnarsson, hadde væpnarstatus og var storbonde og lagrettemann; han var utsending frå Oslo bispedøme til fredsmøtet med Amund Sigurdsson Bolt i Oslo bispegard 18. februar 1437, og han er nemnd saman med menn som var sentrale i krinsen rundt Amund. Tjostulv førde Bolt-våpenet (todelt skjold med halv lilje i eine feltet og to sparrer i det andre) og kan etter det Henning Sollied har påvist, høyre til denne ætta.

Sosialt kan vi plassera både Gunnar Holk og Alv Torgardsson i gråsona mellom adel og odel, ei sosialgruppe som rekrutterte til leiande stillingar innan kyrkja, rettsvesenet og byadministrasjonen. Gunnar hadde tre brør; ein av dei, Amund, var rådmann i Oslo (nemnd 1475–83), og i alle fall ein av dei to andre, Gest, hadde væpnarstatus som faren. I andre halvdelen av 1400-talet høyrde både erkebiskopane og alle biskopane til denne sosialgruppa, dessutan mange av kannikane ved domkapitla. Dei hadde solid ættebakgrunn og eit landsdekkjande nettverk å støtta seg til.

Gunnar Holk vart immatrikulert ved universitetet i Rostock 1437, men kan ikkje ha studert her meir enn eit par år, for alt 1439 var han kannik ved domkyrkja i Oslo. Han kalla seg då Gunnar Tjostulvsson, seinare nytta han berre slektsnamnet Holk. 1441 er han omtala som prost i Follo, eit distrikt som høyrde inn under Mariakyrkja i Oslo. Samstundes med overflyttinga hit vart han kanslar (omtala første gong 1442) og vart sikra plass i riksrådet.

Under stridane om den norske trona etter Christoffer av Bayerns død 1448 heldt Gunnar Holk seg i bakgrunnen, men han deltok på riksrådsmøtet i Marstrand 1449, som valde Christian av Oldenburg til konge. Seinare stilte han seg lojalt bak Christian 1, og han var ein av dei 24 riksrådane som 1450 dømde kroninga av Karl Knutsson til norsk konge ulovleg. Same år oppnemnde kongen han i den kommisjonen som forkasta valet av Olav Trondsson til erkebiskop, og som opna for val av kongens kandidat Marcellus. Det var såleis ein kongetru mann som 1453 vart vald til biskop i Oslo, den første nordmannen på bispestolen her på 45 år.

Eit seinare innskot i biskop Øysteins jordebok (Raudeboka) opplyser at Gunnar var “electus” då han drog til Roma for å få paveleg godkjenning på valet. Men for å demonstrera at han stod fritt, kasserte pave Nicolaus valet og utnemnde så den nye biskopen ved provisjon. Samstundes gav han Gunnar i oppdrag å fungera som paveleg skatteoppkrevjar i Noreg.

Som si første embetshandling utverka Gunnar, alt medan han var i Roma, eit pavebrev som fordømde verdsleg innblanding i kyrkjelege saker, og som påla erkebiskopen i Lund og to andre geistlege å ha tilsyn med at urett ikkje skjedde. Bakgrunnen var dei farseaktige stridane som hadde gått føre seg ved erkesetet i Nidaros i åra før, med Marcellus som hovudaktør.

Dei øvste geistlege utgjorde ei sterk gruppe i riksrådet, og denne stillinga utnytta dei. Med politisk kløkt oppnådde dei på riksrådsmøtet i Skara 1458, der Gunnar Holk var til stades, å få fornya sættargjerda i Tønsberg frå 1277, og 20 år seinare vann kyrkja sin kanskje aller største siger i seinmellomalderen: På riksrådsmøtet i Oslo 1478 fekk kyrkja godteke og i nokon monn utvida sin jurisdiksjon og rett til bøter i saker som høyrde inn under kristenretten. Målet for bispekollegiet var riksrådskonstitusjonalisme, men bortsett frå dei framgangane kyrkja vann, vart det få varige resultat.

Biskop Gunnar må ha vore ein mann i 70-åra då han drog seg tilbake 1483. Han hadde stridd for at kyrkja skulle få auka rettar, og i si bispegjerning var han på vakt mot utglidingar. 1461 gav han såleis refs til bøndene i Sande i Vestfold, som hadde teke seg til rette overfor kyrkja og handla i strid med soknepresten sin.

  • DN, bd. 1 nr. 771, 827 og 854, bd. 3 nr. 842, bd. 4 nr. 935, bd. 5 nr. 675, bd. 6 nr. 543, bd. 8 nr. 312–313 og 342–345, bd. 10 nr. 177, bd. 13 nr. 126, bd. 17 nr. 604–605 og 730
  • O. Kolsrud: Den norske Kirkes Erkebiskoper og Biskoper indtil Reformationen, tillegg til DN, bd. 17, 1913
  • NHfNF, bd. 3, del 2, 1917
  • E. Bull d.e.: Kristianias historie, bd. 1, 1922
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • H. Sollied: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. II. Bolt”, i NST, bd. 8, 1942, særlig s. 79–81