Forfattar. Foreldre: Bonde Ivar Håvardsson Prestegård (1835–1906) og Herborg Olsdotter Berjaflot (1847–1940). Gift 1908 med ingeniør og biletkunstnar Olav Paulson Holm (8.6.1884–22.1.1971), son til direktør Ove Immanuel Holm (1851–1907) og Petrine Hagerup Paulson (1855–1898).

Gro Holm var nær knytt til bygdekulturen i Hardanger. Med hovudverket Løstølsfolket står ho som den store talskvinna for bondekonene i vår litteratur. Men Gro Holm var også ingeniørfrue, og i andre bøker skildrar ho med sakkunnskap den harde omformingsprosessen frå bondebygd til fabrikkstad.

Gro Holm fekk ikkje meir teoretisk utdanning enn folkeskulen. I unge år las ho mykje og var aktiv i ungdomslaget, som skribent i lagsavisa og med folkevisedans og skodespel. Ho tok etternamnet Prestgaren, medan resten av familien heitte Prestegård.

Som “odelsgut” – eldst av fire systrer – var Gro med faren i gardsarbeidet, og ho merka raskt at det rådde ei klar nedvurdering av kvinnearbeidet. Mennene hadde sine føremoner, dei hadde sine faste kvilestunder og søndagsfri. Gro hadde elles støtt øyra og auga opne for folkelivet slik det tedde seg kring henne, ikkje minst for småsoger og gode replikkar. Ho fortalde sogene i godt venelag. Forma vart fast og knapp. Småstubbane kom ikkje på papiret før ho hadde nådd fram til det minimum den gamle forteljemåten krev.

1908 gifta hardangerjenta seg med bergensaren Olav Holm. Han var ingeniør og var med på å byggja ut mange fossar i distriktet. Ekteparet budde fleire periodar utanlands. 1920 overtok Gro Holm slektsgarden på morsida på Berjaflot i Odda og dreiv sidan garden.

Ein stor nordisk romankonkurranse i 1931 vart tilskuven til å skriva bok. Gro Holm fekk ikkje nokon pris for Sut, men boka vart utgjeven og kom i nytt opplag. I rask rekkjefølgje kom Odelsjord og Kår, beinveges framhald av Sut. For første gong i norsk litteratur vart bondemiljø skildra frå kvinneperspektiv i ein eg-roman. Kårkona Brita Løstøl fortel om livet sitt som bondekone på ein liten vestlandsgard på slutten av 1800-talet. Med sakkunne og innleving, krast og kjærleg på same tid, med humor og beisk ironi skildrar Gro Holm kvinnetilværet, eit liv med mange sorger og få gleder. Bondekonene er jamnast nedslitne av hardt arbeid og mange barnefødslar, og dei får korkje takk eller vørdnad frå omgjevnadene. Gro Holm kler av bygdesamfunnet og viser kor trongt det kunne vera både materielt og åndeleg. Når Løstølsfolket likevel slett ikkje blir berre ei sørgjeleg soge, er det fordi Gro Holm på ein makelaus måte skapte eit rikt og levande kulturbilete kring meiningane sine. Ho var vyrk for mykje i det gamle livsmønsteret slik det var – i helg og kvardag. Gjennom Britas refleksjonar får kvinna sin rettkomne plass i biletet – og i vår historie. Det er i mangt eit æreminne.

Kritikarane omtala boka som “ekte og truverdig”, “i si art eit fullkome lite kunstverk”, men i nærmiljøet var det ikkje berre glede. “Bondekonor” skreiv i avisene at Sut var eit vrengjebilete og hadde lite med livet i bygdene å gjera. Også to menn protesterte offentleg. Dei brende Sut for at ikkje døtrene skulle få koma til og lesa.

I boka Takk så var det ikke mer (1937) møter vi hushjelper i mellomkrigstida, kvinner utan oppseiingsvern, med luseløn og minimal fritid. Einaste hushjelplova den tid var bolken om tyende i Christian 5s Norske Lov frå 1687. Boka er ein beisk kontrast til romantikken i Sigrid Boos bestseljar Vi som går kjøkkenveien frå 1930.

Bøkene til Gro Holm vart lagt godt merke til då dei kom, men så vart det stille om forfattarskapet. Gro Holm var av dei som vart gjenoppdaga i kjølvatnet av kvinnerørsla i 1970-åra. Bøkene vart lesne med nye augo, og lesarane likte det dei las. “Et grepa kvinnfolk og en nådeløs realist” er overskrifta på kapitlet om Gro Holm i Norsk kvinnelitteraturhistorie (1989). Sterke ord om ein forfattar som nettopp ikkje brukte dei sterke orda, men “fortalde” med nøkterne ord og let hendingane og replikkane tala for seg sjølv.

  • Sut, 1932
  • Odelsjord, 1933
  • Kår, 1934
  • Løstølsfolket (samla utg. av Sut, Odelsjord og Kår), ill. av Olav Holm, 1951
  • De hvite kull, 1936
  • Takk så var det ikke mer, 1937
  • Hjelpelaus, 1946
  • Monsens hotell, 1948
  • J. A. Dale: “Gro Holm”, i SogS 1949, s. 19–28
  • O. Alsvik: “Gro Holms hovedverk”, i Vinduet 1951, s. 615–621
  • A. Hageberg: Gro Holm. Folkelivsskildrar og tendensdiktar, h.oppg. UiO, 1963
  • M. Slommerud: En analyse av Sigrid Boo: 'Vi som går kjøkkenveien', Gro Holm: 'Takk så var det ikke mer', h.oppg. UiT, 1977
  • N. L. Dannemark: “Gro Holm – ei av dei glømte kvinnene i den nynorske litteraturen”, i SogS 1978, s. 603–620
  • A. Hageberg: “Mannssamfunn og kvinnekår i Gro Holms Løstølsfolket”, i Kvinner og bøker. Festskrift til Ellisiv Steen på hennes 70-årsdag 4. feb. 1978, 1978, s. 211–224
  • J. Øverland: “Kjerringråd og kjerringdåd”. Eit etterord til Løstølsfolket, 1978
  • L. I. Norendal: Myter og medvit. Gro Holms Løstølsfolket sett frå kvinnelitterær og resepsjonshistorisk synsstad, h.oppg. UiB, 1982
  • M. Handegård: Tendens, verdi, ambivalens. Kvinneperspektiv i og på Gro Holms forfatterskap, h.oppg. UiTø, 1987
  • T. Steinfeld: “Et grepa kvinnfolk og en nådeløs realist. Gro Holm”, i Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2, 1989, s. 198–205

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Olav Holm, Berlin 1909; Norsk Portrettarkiv, Riksantikvaren
  • Byste utført av dottera Herborg Holm Kiberg, avduka 1951; minnestøtte i parken i Odda

    Fotografiske portrett

  • Foto i Bildesamlingen, NBO