Filosof og religionshistorikar. Foreldre: Sokneprest Rasmus Lyng (1801–70) og Urbina Jacoba Willumsen (1806–44). Ugift.

Georg Vilhelm Lyng var ein ihuga hegelianar i det norske filosofiske miljøet i andre helvta av 1800-talet, men han var òg grundtvigianar og freista å sameine dei to tankesystema.

Avgjerande for filosofen Lyng vart hans tidlege møte med Marcus Jacob Monrad. Lyngs far førebudde son sin til studenteksamen, men overlet sjølve innspurten til den unge stipendiaten Monrad. Så kunne Lyng alt 1845 få sin eksamen og ta fatt på brødstudiet filologien. Han vart cand.philol. 1851 og var så i nokre år knytt til Heltbergs Latinskole, samstundes som han dreiv filosofiske studiar. Monrad fylgde han støtt med kveik og råd, og 1853 oppnådde Lyng å få kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Forskjellen mellem Platons og Aristoteles's Psychologi. 1858 vart han utnemnd til universitetsstipendiat i filosofi.

Lærehug og utferdstrong skunda på, og snart drog Lyng utanlands. I Danmark fekk han gode vener, særleg i Grundtvig-miljøet, m.a. den seinare så kjende folkehøgskulemannen Ludvig Schrøder og magister i filosofi F. C. B. Dahl. 2. mai 1859 skriv Lyng til sistnemnde frå Berlin, der han nett har teke til med filosofistudiet. Han har alt gjort seg opp si eiga meining om dei ulike førelesarar. Frå antihegelianaren professor Trendelenburg ventar han lite, men finn han på sett og vis interessant nett fordi han er Hegels motstandar. Særmerkt for Lyng er i det heile nytten han ser av tenkjarar han ikkje sympatiserer med. Tanken arbeider i motstand og motsetnader og vinn på det. Indirekte tener difor Trendelenburg Hegels motsetningsspel, som Lyng tidleg vart fengd av og som han såg seg kalla til å berga frå forflating og forfall: Framgangen i tilværet skjedde ikkje trass i motsetnadene, men på grunn av dei.

Det bar vidare til Italia, der Lyng må ha opphalde seg fleire månader 1860–61. Heimkomen fylgde så det årelange strevet med Kritiske Studier over Schelling, avhandlinga som 1867 gav han den filosofiske doktorgrad. Her hevdar han at Schelling må prøvast på Hegel. Schelling er på rett veg så lenge han byggjer på Hegel, men på rang når han rek frå han og hamnar i sin såkalla “positive” filosofi, som berre vert spark i det tome rom. Det “nyschellingske System” vert ei villfaring.

Forutan doktorarbeidet leverte han i denne tida to interessante religionsfilosofiske verk: Hedenskabets Levnetsløb og Jødedommen. Særleg i den fyrste er Grundtvig merkande som formidlar til den norrøne religionen, som Lyng sette høgast av alle ikkje-kristne religionar. Lyng var ein vidsynt mann, men likevel tidt bunden til dei kristne dogma som han prøvde å forsvara ut frå ein filosofisk ståstad. Og slett ikkje alltid med hell. Særleg synest han å ha fått vanskar med dei ævelege helvetesstraffene. Likevel fekk både Grundtvig og Kierkegaard vera med på å frigjera Lyngs kristenliv til større inderlegdom og personleg utfalding.

1869 vart Lyng utnemnd til professor i filosofi ved universitetet i Christiania etter Welhaven. I universitetskrinsar vart han jamt over høgt vyrd, men han var ein dårleg pedagog, og studentane fekk lite ut av hans høgttravande tankeflog. Men snill var han, ved eksamensbordet nærast dumsnill. Fleire klassisk-filosofiske utgreiingar kom i dei fylgjande åra, jamt korte av slaget, heilt ned til 2–3 sider, såleis den vesle brosjyra Die Lehre des Ammonius Sakkas, der nyplatonismen stig fram som resultat av brytingar i tidlegare tiders åndsliv. Ofte parallellfører brubyggjaren Lyng frå antikken til si eiga tid, og likså ofte med Hegels filosofi som forklaringsgrunnlag: Det nye byggjer på det som var, og alt vert med i det komande og verkar vidare der.

Afhandlinger og Kritiker er ei samling dagsaktuelle utgreiingar om problem og personar som vert sette under Lyngs skarpe lupe, mellom dei hans personlege ven, den danske grundtvigianske presten Vilhelm Birkedal, som hevda eit dualistisk syn på tilveret som Lyng fann å måtte gå imot. For grundtvigianaren Lyng var mennesket ikkje primært syndebunde, som hjå dei konservative teologane. Synda og det vonde vart snarare for det frie og gudskapte menneske ei utfordring til kamp for det gode. Og i denne kampen og til si eiga frelse verka Gud og mennesket saman, presiserer Lyng.

Lyngs siste og største verk vart det hegeldominerte Grundtankernes System. Talrike tenkjarar ber dei ulike tankesystem fram, frå dei eldste tider til dei siste. Mangt og mange heftar det manglar ved, finn Lyng; Monrad representerer såleis ikkje lenger nokon livskraftig hegelianisme. Men Hegel sjølv er heller ikkje alltid på høgd med sitt eige system. Likevel vert essensen i hegelianismen for Lyng alltid i og for seg uangripeleg, fordi systemet byggjer på mennesketankens ibuande kraft til verksemd og utfalding. Hegelianismen vert såleis vel brukande til den oppgåva Lyng set for han i føreordet sitt – løysinga av “alle Tidens brændende Spørgsmaal”.

Georg Vilhelm Lyng døydde 1884. Ifølgje Birkedal døydde han som “en ydmyg Kristen”. Kanskje byggjer han på den lange og djupt følte nekrologen over Lyng i Bergensposten om filosofens liv og siste timar.

  • Forskjellen mellem Platons og Aristoteles's Psychologi, i Norsk Tidsskrift for Videnskab og Literatur 7, 1853, s. 289–327
  • Kritiske Studier over Schelling med specielt Hensyn til Forholdet mellem Schellingianismen og Hegelianismen, dr.avh., 1865
  • Hedenskabets Levnetsløb. Atten populære Foredrag, 1866 (dansk utg. Hedenskabet, København 1872)
  • Om Mand og Kvinde i deres Forhold til Christus. Fem foredrag, 1866
  • Jødedommen. Ti populære Foredrag, 1867
  • Om Grundtvigianismen i dens dogmatiske Modsætning til Skrifttheologien, Odense 1871–72 (omarb. utg. Grundtvigianismen og Skrifttheologien, København 1872)
  • Die Lehre des Ammonius Sakkas, 1875
  • Philosophische Studien, i VSK Forh. 1877
  • Afhandlinger og Kritiker, 1880
  • Lærebog i den objektive Logik, 1881
  • Modskrift mod A. Garborg: Den religiøse Erkjendelses Princip. Foredrag i Studentersamfundet lørdag den 19de marts 1881, 1881
  • Betegner den moderne Naturalisme i Poesien et Fremskridt eller et Forfald? Foredrag holdt i Studentersamfundet lørdag den 2den november 1882, 1882
  • Grundtankernes System. En udførligere Fremstilling af Logiken, 3 bd., 1882–87
  • Lærebog i Psykologi tilligemed Etikens Fundamentalbegreber, 1884

    Etterlatne papir

  • Brevveksling millom Lyng og Bjørnstjerne Bjørnson, i Bjørnson-arkivet, NBO
  • Lyngs egne bøker (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • G. F. (Georg Fasting?): nekrolog i Bergensposten 10.6.1884
  • M. J. Monrad: nekrolog i Biographische Jahrbücher. Beiblatt zu Bursians Jahrbücher, 1885
  • V. Birkedal: Personlige Optegnelser i et langt Liv. Tredie Afdeling, København 1891
  • J. J. Jansen: Oplevet og tænkt, 1909
  • O. Arvesen: Samliv med landskjendte mænd, 1915
  • H. O. Christophersen: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • A. Veland (red.): Georg Vilhelm Lyng. Forsoningens tolker, Norsk filosofi i det 19. århundre 7, 1997
  • Portrett av ukjend fotograf, u.å.; trykt i Veland 1997 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 2