Skulemann og teologisk-filosofisk forfatter. Foreldre: Sokneprest Michael Sundt Tuchsen Fasting (1806–85) og Christiane Torbjør Bøgh (1811–62). Gift 12.5.1874 med Valborg Andrea Tidemand (17.6.1849–3.11.1933), dotter til sokneprest Wilhelm August Tidemand (1815–54) og Thora Bøgh (1814–1901). Bror til Johan Jacob Fasting (1848–1926; sjå NBL1, bd. 4) og Ole Wilhelm Fasting (1852–1915; sjå NBL1, bd. 4); morbror til Kristian Elster d.y. (1881–1947).

Georg Fasting hadde heile sin arbeidsdag i skulen, dei siste 20 åra som leiar for lærarskulen i Asker/Holmestrand. Han kjempa mot pietismen i religionsundervisninga og for fredssaka, men møtte mykje motstand for si kompromisslause haldning.

Fasting var presteson, og etter examen artium 1854 byrja han sjølv å studere teologi og vart cand.theol. 1860. Etter nokre år som privatlærar i Førde var han lærar ved Aars' og Voss' skole i Christiania 1864–68 og eit år ved Søcadetinstitutet i Horten. Deretter var han tilsett ved Tanks skole i Bergen 1869–73.

I Bergen kjempa Fasting for nyskiping av eit fullnorsk teater i byen og til folkevekking mot den forsimplinga i teaterlivet som framande teatergrupper (mest danske) hadde skapt og halde ved like i dei mange år sidan Det Norske Theater hadde mått stogga 1863. Han fekk skipa Bergens teaterforening til føremålet og vart sjølv fyrste formann der. Og 1876 vart Den Nationale Scene skipa, men då hadde Fasting alt i tre år vore styrar for mellomskulen i Sarpsborg, der han vart heilt til 1891. Tida der skildra han i boka Et aar blandt de indfødte. Deretter var han ei stutt vende styrar ved Dragefjellets skole 1891–92.

Sin lengste arbeidsbolk i skulen fekk Fasting i lærarskulen, som styrar ved Asker seminar frå 1892 og (etter at seminaret 1899 flytta til Holmestrand og skifta namn til Holmestrand offentlige lærerskole) rektor der 1902–12, då han tok avskil, 75 år gamal. I desse åra var det han for alvor tok opp kampen for frigjering frå Pontoppidans gamle katekismeforklåring, den pietistiske tvangstrøya i religionsundervisninga i generasjonar. Han hadde ein visjon om ein fri lærarstand og frie elevar som levde og anda i si eiga overtyding. Men kampen måtte vinnast innanfrå; Fasting trudde aldri tvang nytta. Difor vart oppgåva å “løsne Pontoppidan i Menneskenes Sind”, som han uttrykte det i ein artikkel i Verdens Gang 1902. Han skreiv bøker (m.a. Om Samvittigheden) og artiklar og heldt engasjerte innlegg på lærarmøte, men vann ikkje fram. Få våga å flytta den religiøse autoriteten frå kyrkja til samvitet.

Det vart kravd reaksjonar mot Fasting, særleg frå prestehald, og 1902 vart han av Kyrkjedepartementet fråteken retten til å undervisa i kristendom. Men han fekk halda fram som rektor og lærar ved skulen sin, der han var ein mykje omtykt norsklærar med særleg sans for det estetiske ved faget, slik hans art var.

Fasting var formann i Det Norske Studentersamfund 1865. Han fekk universitetet sin gullmedalje 1866 for oppgåva Kirkefaderen Irenæus' Lære om Skrift og Tro, og 1883 vart han dr.philos. på avhandlinga Til belysning af pietismen. 1894 var han med og skipa Norges fredsforening. I Holmestrand sat han i bystyret og formannskapet ei tid. Då han gjekk av som rektor, ville regjeringa gje han St. Olavs Orden, men Fasting sa nei takk.

Fasting byrja etter kvart å nytta nynorsk og skreiv mange artiklar i Syn og Segn i sine siste år, om religionsundervisning, filosofi og fredssak. I ein slik frå 1913 sender han ein varm tanke til dei “religionslærarar i vaart land som lid under det at dei meir eller minder tvilar paa det dei trur dei er plikta aa læra borni”. Han veit det er “ei mengd” av dei og minner dei om at dei “har rett til aa hava sine eigne, frie meiningar”.

Georg Fasting var av natur ein fredsæl mann. Når hans liv likevel var fylt av strid, var det fordi han kjende det som si ufråvikelege plikt til å prøva all si gjerning på samvitet, hans øvste moralske appellinstans. Så måtte sant og rett verta det ein sjølv hadde funne var det, heilt uavhengig av kva andre måtte meina, det vere seg i stat eller i kyrkje, ja, jamvel ut frå ei bokstavbunden bibellære. Hans yndlingsfilosof Kierkegaards ideal “Subjektiviteten er sandheden” vart tidleg også Fasting sitt til å tøya seg etter. Men innvove i dette livskravet låg Fastings sterke avsky for alle former for unatur og skeivferd. Vonbrota vart mange gjennom eit langt liv, men kanskje det aller største kom til slutt – utbrotet av den fyrste verdskrigen, som den varme humanisten og aktive fredsvenen måtte høyra om på dødsleget hausten 1914.

    Eit utval

  • Studier over Studenterlivet i Christiania, 1861
  • Til belysning af pietismen (opphavleg tittel Fromheden og Endeligheden), dr.avh., 1883
  • Et aar blandt de indfødte (under pseudonymet Thomas), 1886
  • Læsekunsten, København 1891
  • Det hellige liv. Kristelig tros- og sedelære, 1895
  • Om Samvittigheden, eller Om Troens og Lærens Grund, Bergen 1897
  • Lignelser, 1903
  • Kva skyldnad hev religions-læraren?, i SogS 1913
  • Søren Kierkegaard, i SogS 1913
  • Religionsfrihetens historie. En populær oversikt, 1914
  • Fastings eigne skrifter (sjå ovanfor)
  • H. Koht: “Georg Fasting”, i SogS 1915
  • H. Beyer: Søren Kierkegaard og Norge, 1924
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • H. Thorsen: Dr. Georg Fasting, 1941
  • G. F. Fasting: Slekten Fasting, Steinkjer 1960
  • A. Veland: Tid og tanke, 1991

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (knestykke) av August Eiebakke, 1904; Høgskolen i Oslo