Erkebiskop og leiar av riksrådet. Foreldre: Ukjende.

Gaute Ivarsson var erkebiskop i Nidaros i heile 35 år, frå 1475 til sin død 1510. Historikaren Absalon Taranger nyttar orda “kraftig” og “maalbevidst” for å karakterisera Gaute som erkebiskop og politikar. I si lange tenestetid som erkebiskop arbeidde han konsekvent for kyrkjeleg fridom og Noregs rettar innanfor unionen med Danmark. Hans jordebøker frå ca. 1490 er nyttige kjelder til kunnskap om erkestolens økonomi og agrartilhøve i seinmellomalderen.

Heilt sidan Ludvig Daae 1897 skreiv sin “Krønike om Erkebiskoperne i Nidaros”, har det gått att i litteraturen at Gaute var frå Aspa i Frei på Nordmøre, son til Ivar Trondsson og brorson til føremannen på erkestolen, Olav Trondsson. Men det kan no avkreftast. Det finst ei slektstavle for Aspa-ætta frå reformasjonshundreåret, der både Olav og Ivar Trondssøner er innførde, den siste med 8 born. Gautes namn vantar i lista, og det er heilt usannsynleg at ein så framståande medlem av ætta skulle bli utegløymd.

Tilkoplinga til Aspa-ætta kan ha skjedd fordi Gaute som ei av sine første handlingar som erkebiskop utnemnde Ivar Trondsson til ombodsmann for domkyrkja. Men både 1475, 1483 og 1489 er Ivar i Aspa omtala i heilt nøytrale vendingar, like eins 1484 då erkebiskopen makeskifte jord med Ivar. Derimot er det sannsynleg at Gaute høyrde til same sosialgruppe som Olav Trondsson, og det har vorte gissa på at han hadde tilknyting til den vidt forgreina Aspa-ætta gjennom ei anna sentral lågadelsætt, nemleg Teiste-ætta. Dette må førebels berre stå som ein hypotese.

Som fleire andre framståande geistlege i andre halvpart av 1400-talet fekk Gaute si utdanning ved universitetet i Rostock. Han vart immatrikulert her 1462, vart baccalaureus året etter og magister 1466. 1472 er han omtala som kannik i Nidaros, og han vart ein naturleg etterfølgjar då Olav Trondsson døydde 1474. Gaute vart vald året etter og innvigd i Roma sommaren same år. Han kom til å fungera i dette embetet i 35 år, lenger enn nokon annan norsk erkebiskop.

Som formann i riksrådet var Gaute på vakt mot kongeleg krenking av unionsavtalen og lovnadene i handfestinga, og i interregnet etter Christian 1s død 1481 nytta rådet høvet til å markera Noregs rettar. Gaute var leiar for den 9 mann sterke kommisjonen frå Noreg som 1483 møtte i Halmstad for å velja ny konge. I den handfestinga dei forhandla seg fram til, den såkalla Halmstad-recessen, fekk Noreg godteke fleire av krava sine, og Gaute må tilleggjast mykje av æra for det. At kongen seinare ikkje tok lovnadene sine så alvorleg, er ei anna sak.

Med sin autoritet vart Gaute ofte peika ut som medlem av domskommisjonar når vanskelege saker skulle avgjerast. Ei slik sak kom opp 1490, då den svære godssamlinga etter junker Hans Sigurdsson skulle delast. Mange framståande adelege hadde arvekrav – Alv Knutsson, Otte Matsson Rømer, Arald Kane på vegner av kona si fru Ingerd Erlendsdotter og hennar syster fru Sigrid – og det var erkebiskopen saman med andre geistlege og verdslege stormenn som stod for delinga.

Tre år før Gaute tok over som kyrkjeleiar, skilde paven Orknøyane ut frå Nidaros erkebispedøme og la øygruppa til den nye St. Andrews kyrkjeprovins. Dette inngrepet i rettane til Noreg reagerte Gaute på, men den protesten han 1500 sende til pave Alexander 6, førde ikkje fram.

Med si grunninnstilling og med riksrådskonstitusjonalisme som mål for riksstyringa måtte Gaute koma i konflikt med hertug Christian (den seinare kong Christian 2), som styrde som visekonge i Noreg 1508–13. Han protesterte kraftig mot fengslinga av biskop Karl på Hamar 1508, og han nekta å krona hertugen til konge medan faren levde. På desse punkta stod han fast, men når det gjaldt å nytta riksrådet som vern om Noregs interesser, streid han for ei tapt sak. Eit par brev frå 1508 kan utleggjast slik at han var innblanda i svenske opprørsplanar mot kong Hans og hertug Christian. Men opplysningane er for usikre, og erkebiskopen var då ein gamal mann. I brev til paven sommaren 1510, der kong Hans gav melding om at Gaute var død, seier kongen indirekte at erkebiskopen hadde vore ein brysam motspelar, og han poengterte at det var viktig å få ein mann på erkestolen som kongen kunne stola på.

Gaute Ivarsson var ikkje berre kyrkjefyrste, han var også verdsleg lensherre med fem av dei gamle trønderfylka i forlening. Seinare innføringar i Aslak Bolts jordebok viser at han var ein påpasseleg godsforvaltar, og han fekk også arbeidt ut eit eige register over “Stolsens” eigedomar i sitt len. Kongens eigedomar i lenet fekk han ikkje noko register over, opplyser han. Difor fekk han utarbeidt si eiga jordebok etter først å ha “granliga bespurt oc funneth ath the høre waar nadige herre kongen oc kronen till”. Såleis blir Gautes jordebøker kjelder som fortel både om den administrative oppløysinga etter Svartedauden og den byrjande stabiliseringa frå utgangen av mellomalderen.

  • DN, bd. 1 nr. 951, bd. 2 nr. 907 og 955, bd. 3 nr. 931 og 1011, bd. 5 nr. 923, bd. 8 nr. 426, 471 og 473, bd. 10 nr. 249, 260 og 269, bd. 13 nr. 148, bd. 14 nr. 141, 164 og 187, bd. 16 nr. 252 og 306, bd. 17 nr. 691, 784, 1137, 1145 og 1163, bd. 21 nr. 689 og 697 og bd. 22 nr. 72, 76 og 81
  • “Erkebiskop Gautes jordebøger”, trykt som “Anhang” i C. Brinchmann og J. Agerholt (red.): Olav Engelbrektssøns jordebog, 1926
  • L. Daae: En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros, 1897
  • NHfNF, bd. 3, del 2, 1917
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • O. Grønli: “Ei ættetavla frå reformasjonstida”, i NST, bd. 13, 1952, s. 209–244 og bd. 14, 1954, s. 345–354
  • L. Hamre: “Unionstiden 1450–1523”, i A. Fjellbu: Nidaros erkebispestol og bispesete 1153–1953, bd. 1, 1955
  • d.s.: Norsk historie frå midten av 1400-åra til 1513, 1971
  • T. H. Vigerust: Aspaseminaret, Adelsprosjektets skrifter 2, 1997