Faktaboks

Gaut Jonsson på Mel

Gaute Jonsson, Gaute Jonssøn

Død
1270
Levetidskommentar
ukjent fødselsår, truleg fødd på ættegarden Mel i Kvinnherad
Verke
Lendmann, syslemann og kongeleg rådgivar
Familie

Foreldre: Faren kan ha vore lendmannen Jon Gautsson, son til Gaut på Ænes i Kvinnherad; moras namn er ikkje kjent.

Bror til Åskell Jonsson (død 1254); kanskje bror til Arnbjørn Jonsson (død 1240).

Gaut Jonsson på Mel var ein norsk lendmann, syslemann og kongeleg rådgivar. Han tilhøyrde den indre krinsen kring kong Håkon 4. Håkonsson, og tente kongen lojalt gjennom heile hans lange regjeringstid.

Ifølge Sturlunga saga formidla han oppdraget om skriving av Håkon Håkonssons saga til islendingen Sturla Tordsson.

Familie

Om slekta til Gaut finst det ulike teoriar. Tidlegare har ein trudd at han var soneson til Gaut på Ænes i Kvinnherad, og at han skulle vere bror til lendmannen Arnbjørn Jonsson. Sagaforskaren Hallvard Magerøy har reist tvil om dette, og meiner han kan vere son til Jon Gautsson på Ornes i Sogn. Ein del resonnement i det følgjande forutset at han ætta fra Kvinnherad.

Kongeleg rådgjevar

Hovudkjelda for vår kunnskap om Gaut Jonsson er Håkon Håkonssons saga. Her opptrer han første gong – med lendmanns rang – ved konungstekja i Bergen sommaren 1217, da han svor eid til kong Håkon Håkonsson. Same hausten la han ut på ei mislykka krossferd, og var borte eit års tid. Han fekk ved heimkomsten tildelt halve Elvesysla, ein utsett styringspost i ein riksdel der det framleis var aktive opposisjonsgrupper mot det nye rikskongedømet. At Gaut vart plassert der, tyder derfor på at han alt no hadde ei nøkkelstilling i den indre krinsen kring kong Håkon.

Etter vanleg oppfatning vart han seinare syslemann i Sunnhordland, altså i sitt eige heimedistrikt. Både i og utanfor Kvinnherad rådde han over eit omfattande jordegods, mellom anna garden Mel, som seinare kom til å utgjere kjernen i Rosendalsgodset.

I 1220-åra var Gaut aktiv på Håkon Håkonssons side i kampen mot ribbungane, både i åpen strid og i taktiske drøftingar. Han var til stades på riksmøtet i Bergen sommaren 1223, da det vart gitt endeleg lovorskurd (avgjerd ved lov) om kong Håkons arverett, men utan å ha noko aktiv rolle i drøftingane.

Konflikten mellom Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson

Etter kvart som striden mellom kongen og jarlen (seinare hertug) Skule Bårdsson kvesste seg til utover i 1230-åra, synest Gaut å ha fått ei stadig viktigare rolle i utforminga av kongens politiske og militære strategiar. Da kong Håkon hausten 1235 dro til Nidaros med ein stor flåte for å møte Skule, var Gaut med. Situasjonen var no så spent at møtet ikkje kom i stand, og soga utpenslar temaet om vonde og anonyme tredjemenn som sådde splid mellom Håkon og Skule. Ein einaste gong blir ein av desse namngitt, og det er nettopp Gaut Jonsson.

Gaut hadde ifølgje soga «størst skuld» for uvennskapen mellom kongen og jarlen, og soga gjengir ei uvanleg skarp vise – nærast ei spottevise – av Snorre Sturlason, som trekkjer linja frå den einøygde Gaut til den einøygde Odin. Ikkje minst på bakgrunn av Gauts nære og spesielle vennskap med sagaforfattaren Sturla Tordsson, er det gode grunnar for å hevde at denne vurderinga av Gauts politiske manøvrar stod sterkt i samtida. Gaut deltok da også særs aktivt i den avgjerande striden som førte til hertug Skules fall våren 1240, og Gaut tok sjølv livet av hertugens stallare året etter.

Vitne i viktige avtalar

Gaut Jonssons sterke stilling blant Håkon Håkonssons næraste menn kjem til uttrykk også i andre samanhengar. Han opptrer blant vitna i eit brev, utferda til biskop Åskell Jonsson, bror hans, ein gong mellom 1226 og 1245, der kong Håkon fornyar kong Magnus Erlingssons gåve av Stavanger by til Stavanger bispestol. I den viktige freds- og handelsavtalen mellom Noreg og Lübeck frå oktober 1250 er Gaut det einaste namngitte lendmannsvitnet. Hans framskotne posisjon blir også framheva ved dei store høgtidsdagane i kongefamilien. Han er nemnd først blant lendmennene under kroningsseremonien i Bergen i 1247, og bar kroningssverdet da kongssonen Magnus (seinare kjend under tilnamnet Lagabøte) gifte seg med den danske prinsessa Ingeborg Eriksdotter hausten 1261.

Utan å vere direkte nemnd som kongens rådgivar i Håkon Håkonssons saga, representerer Gaut likevel nærast prototypen på ein slik permanent tenestefunksjon. Da kong Håkon sommaren 1263 la ut på leidangstoget til Skottland, vart Gaut att i Noreg for å hjelpe Magnus med landsstyret. I 1266 er han nemnd først blant dei lendmennene som besegla Perth-traktaten med Skottland. Dette er siste gong vi møter Gaut i offentleg samanheng; han var no blitt ein gammal mann, og døydde i 1270.

Rolle i Håkon Håkonssons saga og andre soger

I følgje Sturlunga saga var det Gaut som formidla oppdraget om skriving av Håkon Håkonssons saga til islendingen Sturla Tordsson, og det er ingen tvil om at han sjølv er heimelsmann for sentrale tekstledd i soga. Dette forholdet, og den nære vennskapen han hadde med sagaforfattaren og hans islandske ætt, bør ein nok ha in mente når ein vurderer Gauts posisjon i Håkons saga. Men stundom markerer Sturla Tordsson også ein viss kritisk distanse til Gaut. Snorres spottevise har nok politisk brodd, men først og fremst lar den Gaut tape ansikt. Same grunntema finn vi, enda skarpare uttrykt, i ein episode i den islandske Aron Hjörleivssons saga, også her med allusjonar til mannen med det eine auga. Samanlagt formidlar desse passasjane eit lite vennleg bilete av ein slu og bråsint mann.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Biskupa sögur, bind 1, København 1858
  • Bjørgo, Narve: Om kjeldene til Hákonar saga, utrykt hovedoppgåve i historie, UiB, 1964
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Bull, Edvard d. e.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 4, 1929
  • Helle, Knut: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bind 4, 1979
  • Islandske Annalar
  • Magerøy, Hallvard: «Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset», i Historisk tidsskrift, bind 67, 1988, s. 121–144
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 3 og del 4, bind 1, 1857–1858
  • Regesta Norvegica, bind 1–2
  • Storm, Gustav: «Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede», i Historisk tidsskrift, rekke 2, bind 4, 1884, s. 129–188
  • Stuland, Arne: Kvinnherad. Naturtilhøve og gardssoga, 1924, s. 199–202
  • Sturlunga saga, utgjeve av K. Kålund, bind 2, København 1911
  • Vaage, Erling: Kvinnherad. Bygdesoga, 1972, s. 160–161

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg