Godseigar og museumsmann. Foreldre: Godseigar Hans Knagenhjelm Heiberg (1832–97) og Marie Fredrikke Haslund (1839–1927). Gift 5.2.1902 med Anna Kristiane Mathilde Hjortdahl (24.11.1880–27.5.1967), dotter til postfullmektig Herman Andreas Hjortdahl (1850–1939) og Ida Augusta Johannesen (1852–1929). Far til Hans Herman Hjortdahl Heiberg (1904–2000); dotterson til Fredrik Adolf Haslund (1810–86).

Gert Falch Heiberg var ein av dei store museumsgrunnleggjarane i Noreg. Han skapte De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum i Kaupanger og utvikla det til eitt av dei fremste folkemusea i landet, særleg kjent for si samling av handverks- og jordbruksreiskap.

Heiberg voks opp som eldste son på storgarden Øvre Amble (Amla) i Kaupanger, som har vore i slekta Heibergs eige sidan 1690. Etter å ha teke utdanning som landbrukskandidat på Aas Høiere Landbrugsskole overtok han garden 1895 og dreiv den fram til 1938, då han overlet den til sonen Hans H. H. Heiberg.

Som museumsmann hadde Heiberg røter å byggja på: Faren, Hans Knagenhjelm Heiberg, hadde 1862 etablert “Det Heibergske Portrætgalleri” og teke til å samla portrett, gjenstandar og skrifter med tilknytting til slekta. G. F. Heiberg førte arbeidet til faren vidare. Han viste seg tidleg som ein ihuga samlar. At samlarinteressa hos Heiberg (som kunsthistorikaren Robert Kloster har karakterisert som ein mani) vart kanalisert inn mot museumsverksemd, skuldast både slektsarven og ein avgjerande impuls han fekk frå arkitekt Herman Schirmer, som 1900 oppmoda han om å ta til å samla gjenstandar frå daglegliv og arbeidsliv i Sogn. Heiberg fylgde oppmodinga. Etter kvart vart arbeidsreiskap av alle slag Heiberg sin spesialitet, og på dette feltet vart han ein nasjonal pionér. Han samla reiskap frå heile landet, vart sjølvlærd vitskapsmann og var den første som studerte den norske reiskapskulturen på ein systematisk vitskapleg måte.

Slik fekk Heiberg to samlingar: det gamle familiemuseet og den nye “Sognesamlingen”. 1903 sikra Heiberg seg sin første antikvariske bygning, og 1905 bygde han sin første store utstillingsbygning. Ambisjonen om eit folkemuseum for Sogn var klar. 1908 vart Heiberg oppmoda om å vera med å skipa ein organisasjon for å fremja den historiske interessa i distriktet. Han vart leiande i dette arbeidet, og 1909 vart Historielaget for Sogn skipa. Heiberg overdrog sognesamlinga si til det nyskipa laget. Museet fekk namnet De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. G. F. Heiberg styrte museet og sat som formann i historielaget frå skipinga og til han døydde 1944.

Museet utvikla han til å bli eitt av dei fremste folkemusea i landet. Ein viktig grunn til den sterke posisjonen museet fekk, særleg blant forskarar og fagfolk, var det systematiske og nøyaktige katalogarbeidet, som var eit særkjenne for Heiberg. Meir enn nokon annan i sin generasjon av museumsgründerar var Heiberg systematikaren og den nøkterne realisten. Han førte nøyaktige registreringar over alle innsamla gjenstandar. Museets handskrivne katalog er truleg Heiberg sitt største verk.

Ved sida av museumsarbeidet var Heiberg svært interessert i genealogi. Hans største trykte arbeid er verket Slægten Heiberg. Personalhistoriske og genealogiske oplysninger, som kom 1907 og i revidert utgåve 1942. Frå 1914 til sin død var han også redaktør av historielaget sitt tidsskrift, der han publiserte ei rekkje artiklar både om slektshistorie og om kulturhistoriske emne frå Sogn.

Heiberg hadde mange tillitsverv. 1899–1916 var han medlem av Sogndal kommunestyre (ordførar 1911–13). Han var styremedlem i Norske Museers Landsforbund frå 1918 til 1944, og 1942 vart han innvald som medlem i Det Norske Videnskabs-Akademi. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1912, fekk kommandørkrossen 1934, og han var storriddar med stjerne av den islandske Falkorden. Frå 1925 var han æresmedlem av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring.

Som person var Heiberg sterkt prega av sin bakgrunn som godseigar, omgitt av husmenn og gardbrukarar. Han var ein del av bykulturen, samstundes som han var djupt rotfesta i bondesamfunnet i Sogn. Han kunne såleis sjå det samfunnet han levde i med den utanforståande sine auge, og dette var ein viktig bakgrunn og føresetnad for hans innsats som museumsmann. Han hadde stor sans for humor og var glad i å fortelja historiar, stundom slik at den gode historia kunne få rang framom den absolutte sanninga. Arbeidskapasiteten var enorm. Museet dreiv han som ubetalt hobby, ved sida av drifta av skog, sagbruk og gard.

Gert Falch Heiberg døydde 1944 og er gravlagd på familiegravstaden på Kaupanger kyrkjegard.

    Eit utval

  • Sogns kirker i fortid og nutid, i Sogningen 1903
  • Slægten Heiberg. Personalhistoriske og genealogiske oplysninger, 1907 (2. utg. Slekten Heiberg, 1942)
  • Sogneslekten Hille, i Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn 3, 1915
  • Hvor lå middelalderens Lusakaupangr?, i Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn 8 og 9, 1932–34

    Etterlatne papir

  • Katalog over gjenstandar i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, 4 handskrivne bd., 1909–44, i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Kaupanger
  • privatarkiv med brevsamling, i Det Heibergske Familiemuseum, Amla, Kaupanger
  • E. Lexow: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • HEH 1938
  • R. Kloster m.fl.: Fortun fra til Sognefest. Festskrift til G. F. Heiberg på 70-årsdagen 31. mai 1941, Bergen 1941
  • H. Shetelig: Norske museers historie, 1944
  • Minneskrift um Gert Falch Heiberg, Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn 12, Leikanger 1947
  • R. Kloster og P. Lidal: Historielaget for Sogn 50 år 1909–1959, Leikanger 1959
  • T. Hegard: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, 1984

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (knestykke) av Christopher Munthe, 1917; De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
  • Byste (bronse) av Nic Schiøll, 1951; sst