Riddar, riksråd og syslemann. Foreldre: Baron og merkesmann Ogmund Sigurdsson (død 1320) og Eyvor Gautesdotter. Gift før 1321 med Gudrun Sæbjørnsdotter (nemnd 1321), dotter til baron Sæbjørn Helgesson (nemnd 1291–1322/24) og fru Ragnhild Jonsdotter. Bror til Ivar Ogmundsson Rova (før 1290–1350); far til Ogmund Finnsson (ca. 1321–1388).

Finn Ogmundsson var ein av hesbyriddarane, som i tre generasjonar (ca. 1290–1388) var sentrale aktørar i norsk og nordisk politikk. Han var stor godseigar og ein av dei fremste stormennene i landet då Noreg gjekk inn i union med Sverige 1319. Han var ein av leiarane i reisingane mot hertuginne Ingebjørg og kong Magnus Eriksson.

Finn Ogmundsson overtok Hesby (Hestbø) på Finnøy som setegard etter faren. Hesby var hovudgard i eit kongeleg godskompleks som hesbyriddarane hadde utlagt som veitslegods. Ting tyder på at dei hadde ætteband til kongehuset (sjå Ogmund Sigurdsson). I tillegg til eige arvegods fekk Finn mykje eigedom då han gifte seg med dottera til den godsrike Sæbjørn Helgesson; fru Gudrun var systerdotter til Havtore Jonsson, og gjennom giftarmålet med henne fekk Finn havtoressønene – syskenborna til kong Magnus Eriksson – til ættefrendar.

Finn og broren Ivar vart riddarar i kongstida til Håkon 5. Dei var medunderskrivarar på brevet om kongefellesskap med Sverige 1319, og mykje tyder på at dei også vart medlemmer av det tolvmannsrådet som skulle føra styret medan kongen var mindreårig. Kongemora og mennene bak henne – den såkalla varbergkrinsen – markerte tidleg at det var dei som ville styra, og at dei hadde som mål å undergrava maktposisjonen til stormennene. Det førde til konfrontasjonar 1322 (i Sverige) og 1323 (i Noreg), og resultatet vart at riksstyret i begge landa fekk ei fastare form, i Noreg under leiing av ein drottsete. Konstitusjonelt vart dette ein viktig periode; det var i denne tida den norske rådsforsamlinga utvikla seg til eit riksråd med dei leiande verdslege og geistlege stormennene som medlemmer.

Finn Ogmundsson var aktivt med i motstanden og var med på å velja Erling Vidkunnsson av Giske-Bjarkøy til drottsete. Men kort tid etter stod dei to mot kvarandre i ein feideliknande strid. Feiden er omtala i eit brev frå 1326, som diverre er overlevert i svært ufullstendig form, men det ser ut til at det var motsetningar mellom ein stormannsfraksjon leia av Finn Ogmundsson og drottseten som ombodsmann for kongemora. Langvarige konsekvensar fekk motsetningane ikkje; seinast 1328 fekk Finn den viktige stillinga som syslemann i Bergen, og han må då ha vorte forlikt med drottseten.

Den faste forma på riksstyret opphøyrde då kong Magnus vart myndig 1331–32. Det resulterte umiddelbart i ei reising i Noreg, og ei ny reising kom 1338–39. I alle fall i denne siste reisinga var Finn ein av leiarane, saman med broren Ivar og havtoressønene Jon og Sigurd. Sentralt i reisinga stod spørsmålet om disponering av dei norske riksinntektene, som kongen kravde til finansiering av den ekspansive utanrikspolitikken han førde. Motsetningane førde fram til forliket 1343 om å oppløysa unionen og ta Håkon Magnusson til norsk konge. Kunngjeringa om dette vart send ut frå Varberg 15. august 1343, men då var Finn Ogmundsson anten død eller så sjuk at han ikkje kunne vera til stades; sonen Ogmund, som då var væpnar, hadde teke farens plass i rådet.

Som rikspolitikar og syslemann i Bergen var det lite Finn Ogmundsson hadde tilhald på setegarden sin, så det var mest fru Gudrun, med nær slekt i Ryfylke, som styrde her. Ho var truleg død 1336 då framståande medlemmer av familien var samla. Som herre på Hesby vakta herr Finn på det som skjedde i nærområdet. Det kan forklåra at han 1340 kom i konflikt med lagmannen i Ryfylke om forvaltinga av godset etter hertuginne Ingebjørg. Dette vart sett på som utidig innblanding, og biskop Håkon i Bergen klaga saka inn for kongen.

Finn var til stades i Stavanger 18. mars 1343, men er ikkje nemnd seinare. Han hadde kanskje vore sjuk ei tid, noko som kan forklåra at han 1340 gav ein del av garden Råen i Hardanger til Munkeliv kloster, til sjelehjelp og bønehald for seg.

  • DN, bd. 1 nr. 202, bd. 2 nr. 137, 143, 165, 169, 172 og 226, bd. 4 nr. 156 og 227, bd. 5 nr. 162, bd. 6 nr. 128, bd. 7 nr. 95, 100 og 163, bd. 8 nr. 50, 95, 132 og 133, bd. 12 nr. 92
  • Isl.Ann.
  • G. Munthe: “Nogle Oplysninger om de i Valgacten af 1319 forekommende norske Rigsraader”, i SNFSH, bd. 1, 1833
  • NFH, del 4, bd. 2, 1859
  • NHfNF, bd. 3, del 1, 1915
  • E. Bull: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • H. Sollied: “Kritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. III. Sudrheims-ætten”, i NST, bd. 8, 1942, s. 112–132, 255–280 og 384–402
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring 1150–1319, 1972