Even Hovdhaugen

Faktaboks

Even Hovdhaugen
Født
21. juni 1941, Oslo
Virke
Språkforskar
Familie
Foreldre: Bonde og politikar Einar Hovdhaugen (1908–96) og Lidveig Wattenberg Evensen (1901–78). Gift 1) 25.5.1965 med lektor Mette Waage (22.10.1941–), dotter til seljar Walther Waage (1905–98) og Hjørdis Marie Borgerud (1908–98), ekteskapet oppløyst 1998; 2) 30.1.1999 med pianist Solveig Rokseth (28.10.1939–), dotter til kontorsjef Sverre Rokseth og hustru Randi.

Even Hovdhaugen er ein vidtfemnande lingvist, som har gjeve viktige bidrag til språkvitskapens historie i tillegg til grundige deskriptive og synkrone studiar av indo-europeiske, tyrkiske og polynesiske språk.

Hovdhaugen studerte klassisk filologi og samanliknande indoeuropeisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og vart mag.art. 1966. Han er professor i allmenn språkvitskap ved UiO frå 1974 og frå 1997 dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultet der. Hans første arbeid kan karakteriserast som strukturalistiske. Strukturalismen er den teoridanninga som dominerte språkvitskapen i store delar av det 20. hundreåret. Deretter arbeidde han ein kort periode innanfor eit generativt paradigme, der teoriane er formelt orienterte og legg vekt på lingvistikkens autonome status. I dag må han kunne seiast å høyre heime innanfor den språkvitskaplege retninga som ber namnet funksjonell typologi.

Hovdhaugen har gjort ei lang rekkje språkvitskaplege feltarbeid i svært ulike delar av verda: Ungarn, Tyrkia, det tidlegare Sovjetunionen, Mongolia, Peru, Chile og øystatane Vest-Samoa, Tokelau og Salomonøyene i Stillehavet. Han var gjesteprofessor ved Københavns universitet 1995 og har vore invitert gjesteforelesar ved universitet over heile verda. Han har halde foredrag på ei rekkje internasjonale språkvitskapskonferansar og har hatt hovudansvaret for å arrangere tilsvarande konferansar i Noreg. Han var den første redaktøren av Nordic Journal of Linguistics (1978–80).

Hovdhaugens vitskaplege produksjon er stor og mangslungen. Han har vore produktiv som forskar sidan slutten av 1960-åra, og dette speglar seg tydeleg av i den vitskaplege produksjonen hans. Ved sida av strengt vitskaplege publikasjonar har han òg gjeve ut lærebøker både for universitets- og høgskolar og for den vidaregåande skolen. Han skriv dessutan populærvitskapleg og har vore ein flittig meldar av andres språkvitskaplege publikasjonar. Sentrale utgjevingar er m.a. Transformasjonell generativ grammatikk (1969) og fleire bøker om språkvitskapshistorie, både om utviklinga av lingvistikken i den vestlege verda (Foundations of Western Linguistics, 1982) og i Norden (The History of Linguistics in the Nordic Countries, 2000). Han har vidare redigert og sjølv bidratt til eit verk om “misjonærlingvistikk” (...and the Word was God, 1996), og han har gjeve ut både tekstar av ymse slag og grammatikkar innanfor polynesisk lingvistikk, særleg samoansk og tokelauisk.

Even Hovdhaugen har vore aktivt med i universitets- og forskingspolitikken og har hatt ei rekkje fagpolitiske og administrative verv både på Universitetet i Oslo og i forskingsrådssamanheng. Han har dessutan eit svært godt ord på seg som rettleiar av hovudfags- og doktorgradsstudentar. 1992 mottok han Nansen-prisen for humanistisk forsking og same året NAVFs pris for framifrå forsking (saman med Ingjerd Hoëm, Hanne Gram Simonsen og Arnfinn Vonen).

Verker

    Eit utval

  • Transformasjonell generativ grammatikk, 1969 (ny utg. 1971)
  • Foundations of Western Linguistics, 1982
  • From the land of N'afanua. Samoan oral texts in transcription with translation, notes and vocabulary, 1987
  • A Handbook of the Tokelau Language (sm.m. I. Hoëm, C. M. Josefo og A. M. Vonen), 1989
  • Ko te kalama moamoa Tokelau (sm.m. I. Hoëm og A. M. Vonen), 1989
  • Kupu mai te Tutolu. Tokelau oral literature (sm.m. I. Hoëm og A. M. Vonen), 1992
  • Samoan Reference Grammar (sm.m. U. Mosel), 1992
  • red.: ...and the Word was God. Missionary Linguistics and Missionary Grammar, Münster 1996
  • The History of Linguistics in the Nordic Countries (sm.m. F. Carlsson, C. Henriksen og B. Sigurd), Helsinki 2000

Kilder og litteratur

  • HEH 1994
  • E. Hovdhaugen: Curriculum vitae og Bibliografi over trykte arbeider, utrykte kjelder, 2000
  • d.s. m.fl.: The History of Linguistics in the Nordic Countries, Helsinki 2000