Historikar. Foreldre: Sokneprest, seinare professor Michael Sars (1805–69) og Maren Cathrine Welhaven (1811–98; sjå Maren Sars). Ugift. Systerson til Johan Sebastian Welhaven (1807–73) og Elisabeth Welhaven (1815–1901); bror til G. O. Sars (1837–1927) og Eva Nansen (1858–1907); svoger til Thorvald Lammers (1841–1922) og Fridtjof Nansen (1861–1930); fetter til Hjalmar Welhaven (1850–1922).

Ernst Sars var den fremste norske historikaren i generasjonen etter Rudolf Keyser og P. A. Munch. Historieskrivinga hans gav legitimitet til venstre i kampen mot embetsmannsregjeringa og unionen i 1880 og 1890-åra, men fekk betydning langt ut over det partipolitiske og kom til å prege heile nasjonens historiske sjølvforståing.

Sars var fødd inn i embetsstanden. Faren var prest i Florø då Ernst blei fødd, men han hadde alltid vore mest interessert i biologi. Han hadde sett seg tvungen til å ta teologi som brødstudium, men ved sida av prestegjerninga heldt Michael Sars fram med å dyrke sine naturvitskaplege interesser. Sidan det særleg var marin biologi som opptok han, flytte han med familien til eit nytt soknekall heilt ute i havgapet i Manger i Nordhordland 1839. Her budd Ernst dei neste 10 åra. Han leika med bondegutane, men fekk pålegg om ikkje å ta etter “strilane” i veremåte og språk.

1849 blei Sars sendt til katedralskulen i Bergen. Han utmerka seg med store evner og blei 1853 dimittert som nummer to i si klasse. Same året reiste han til Christiania for å ta examen artium og bli student, og her fekk han støtte av morbroren J. S. Welhaven. Men alt året etter blei familien samla att då Michael Sars fekk eit ekstraordinært professorat i biologi og flytte til hovudstaden. Maren etablerte etter kvart Sars-heimen som ein norsk “salon” og møtestad for forfattarar, kunstnarar og akademikarar.

Som broren Georg Ossian tenkte også Ernst fyrst å gå i farens naturvitskaplege fotspor, og etter andreeksamen 1855 byrja han å studere medisin. Men etter tilskunding frå Welhaven sende han i mai 1856 inn svar på ei prisoppgåve universitetet hadde utlyst om Kalmarunionen. Han fekk gullmedalje for avhandlinga, og etter dette vigde han seg til historie.

Somrane 1858 og 1859 var han i København, finansiert av Kjeldeskriftfondet, for å gjere avskrifter av norske aktstykke i danske arkiv. 1858 byrja han også å publisere sitt fyrste betydelege arbeid, avhandlinga Norge under Foreningen med Danmark, som kom i fire bolkar mellom 1858 og 1865. Dette var den fyrste omfattande framstellinga av norsk historie i foreiningstida. Avhandlinga til Sars representerte langt på veg dei felles ambisjonane til ein ny historikargenerasjon. Dei fyrste generasjonane etter 1814 (Keyser og Munch) hadde knytt det nye Noreg direkte til det gamle. Dei hadde sett den nye fridomen som ei oppstode av den gamle, og dei hadde tolka samtidas konfliktar som meir eller mindre dei same som dei som hadde prega mellomaldersamfunnet. Etter som den samfunnsmessige moderniseringa sette inn, kom det ei vekslande kjensle av historisk distanse til fortida, og dermed blei spørsmålet om kontinuiteten i norsk historie påtrengjande. Det blei maktpåliggjande å integrere foreiningstida som ein del av norsk historie, og arbeidet til Sars var det fyrste som gjorde det.

Den nye historikargenerasjonen – Sars, Ludvig Daae, Michael Birkeland og Oluf Rygh – hadde rundt 1860 ein felles møtestad i den såkalla “hollendarkrinsen”, der Paul Botten-Hansen var sentrum. Frå 1863 og utover blei miljøet kløyvd, og rundt Sars og Vinje danna “døleringen” seg. Denne gruppa, som også var pionerar for fjellturisme, kom snart i fundamental opposisjon til resten av den gamle hollendarkrinsen, fyrst og fremst i synet på skandinavismen og unionspolitikken. 1867 byrja dei å gje ut Vort Land som eit framhald av Vinjes Dølen og som eit kamporgan mot framlegget om å utdjupe unionsfellesskapet i tråd med innstillinga frå den 2. svensk-norske unionskomiteen.

At Sars slutta seg til dei “norsk-norske” innebar også eit brot med den welhavenske familiearven. 1863 skreiv Sars ein artikkel om onkelen som heilt ut forsvarte posisjonen hans i striden med Wergeland. Seinare blei det Wergeland han gjorde til den store nasjonale gjennombrotsfiguren i norsk historie.

I åra 1860–74 var Sars tilsett som assistent i Riksarkivet. 1863 søkte han eit universitetsstipend, men Ludvig Daae blei føretrekt. 1865 var Sars tilbake i København for å kopiere kjelder, og no byrja han meir systematisk å setje seg inn i samtidas historieskriving og historiefilosofi. Han las dei store europeiske historikarane, og han følgde debatten om positivisme og andre moderne åndsretningar i britiske, franske og tyske tidsskrift. Då stipendet etter Daae blei ledig 1869, søkte Sars på ny, og denne gongen blei han tilsett. I ei førelesingsrekkje vinteren 1870–71 introduserte han positivismen ved universitetet, medan G. O. Sars om lag på same tid heldt førelesingar med utgangspunkt i darwinismen.

Snart gjekk Sars over til å førelese over norsk historie, og dette danna grunnlaget for fyrste bindet av det som skulle bli hovudverket hans, Udsigt over den norske Historie i fire bind. Mot skandinavistanes oppfatning om at det nye Noreg hadde sine vesentlege føresetnader i den politiske og sosiale utviklinga i foreiningstida, og at det var embetsstanden som fyrst og fremst danna denne kontinuiteten, ville Sars syne at der var ei djupare og viktigare kontinuitetslinje som gjekk heilt tilbake til vikingtida.

Mellomalderen hadde vore kjenneteikna av kamp på livet mellom eit gamalt ættearistokrati med rot i stammeforfatninga og eit nyare, kristent rikskongedøme. Då kongemakta nedkjempa aristokratiet, blei dette deklassert og sokk ned i bondestanden. Bondestanden blei dermed gjennomsyra av aristokratisk vilje til å verne om og kjempe for den personlege fridomen sin mot alle freistnader på å innføre føydale tilstandar. Det norske samfunnet blei kjenneteikna av at der var fleire sjølveigande bønder med uavkorta eigedomsrett enn i grannelanda, og at leiglendingane var personleg frie og ubundne: “Paa disse to Forhold [...] var den norske Samfundsorden bygget; i dem havde den sin Styrke og Herlighed.”

At det norske folket var blitt eit bondefolk var ein veikskap i seinmellomalderen, men det blei ein styrke då den demokratiske tidsstraumen sette inn på 1700-talet, og det var begeistringa for bondefridomen som dreiv frigjeringsverket i 1814. Sars nekta ikkje for at norsk historie hadde fått nye utgangspunkt i foreiningstida, i og med danninga av ei opphaveleg dansk overklasse i byane. Men han insisterte på at denne klassa i løpet av 1700-talet meir og meir hadde identifisert seg som norsk. Enno stod det mykje att, ikkje minst når det galdt skriftspråket, før dei “to samfunna” hadde smelta saman. Men Sars var viss på at utviklinga gjekk i retning av stadig sterkare nasjonal integrasjon og at dette peika fram mot fullt nasjonalt sjølvstende.

Med Udsigt hadde Sars skrive norsk historie frå vikingtid til samtid som om ho utgjorde éi enkelt handlingsrekkje som det var opp til dei samtidige å sluttføre. Han hadde omforma brot til samanheng, slump til nødvendig utvikling. Sjølvstendet var ikkje noko som primært hadde kome utanfrå, det var i hovudsaka sjølvskapt. Her stod han i motsetnad til konservative historikarar som Yngvar Nielsen.

Fyrste bindet etablerte med ein gong Sars som leiande ikkje berre i norsk historievitskap, men i norsk åndsliv, og det blei meldt også i Danmark, Sverige og Tyskland. Mange peika på fransk historieskriving, særleg Guizot, som hovudmønsteret for Udsigt, eit mønster Sars også vedkjende seg. Hovudsaka for ei historieskriving med vitskaplege ambisjonar, meinte han, var å etablere samanheng og heilskap.

På bakgrunn av fyrste bindet av Udsigt tok nokre stortingsrepresentantar frå opposisjonen til orde for å gje Sars eit ekstraordinært professorat. Framlegget møtte motbør frå konservative krinsar ved universitetet som ville halde moderne, kristendomsfiendtlege åndsretningar borte. Det gjekk likevel gjennom i Stortinget mot bare 18 røyster, etter at t.d. ein leiande konservativ akademikar som T. H. Aschehoug gjekk inn for det.

Mellom publiseringa av andre og tredje bindet av Udsigt var Sars med å gje ut Nyt norsk Tidskrift 1877–78 og Nyt Tidsskrift 1882–87, det siste med ei ny rekkje 1892–95. Tidsskrifta tok mål av seg til å orientere det norske publikummet om moderne åndsretningar, og dei blei sentrale organ for det “moderne gjennombrotet” i åndslivet. Frå 1879 blei Sars også for alvor engasjert i den politiske striden på venstres side, saman med Bjørnstjerne Bjørnson. Han hadde kjent diktaren sidan tidleg i studenttida, men fyrst etter Bjørnsons oppgjer med den tradisjonelle kristendomen 1877–78 kom dei heilt på intellektuell bølgjelengde. Under forfatningsstriden 1882 gav Sars ut ein polemisk tilspissa versjon av historietolkinga si, Historisk Indledning til Grundloven, som del av venstreagitasjonen. Historietolkinga hans blei også mobilisert til fordel for venstre i striden om unionspolitikken i 1890-åra.

Sars var såleis ein kontroversiell historikar heile tida gjennom 1880- og 1890-åra. Men han såg ut til å ha historia på si side, og 1905 aksepterte også motstandarane hans at Sars hadde “fått rett”. Då han fylte 70 år den hausten, blei han for fyrste gong feira som ein nasjonalt samlande figur, og i og med unionsoppløysinga blei versjonen hans av norsk historie den hegemoniske. Sars nådde også å skrive om norsk politiske historie 1815–1905, og han heldt førelesingar enno til 1911.

Sars var ugift, og fram til mora døydde 1898, budde han i lag med den yngre broren, Georg Ossian, heime hos henne. Deretter flytte han saman med broren og systera Mally Lammers til Bestum i Aker, der han døydde 1917.

Frå Ernst Sars går der to politisk-intellektuelle utviklingslinjer inn i mellomkrigstida. Sars sjølv enda opp i Frisinnede Venstre, som førte vidare den elitistiske førardyrkinga som hadde vore eit element i venstreideologien, og som leidde til skepsis mot det parlamentariske massedemokratiet. Sentral her var også svogeren Fridtjof Nansen. Halvdan Koht representerer ei anna linje. Han ville integrere klasse og nasjon, “Sars og Marx”, og førte med det tradisjonen frå Sars og venstre inn i sosialdemokratiet.

  • Udsigt over den norske Historie, 4 bd., 1873–1891
  • utg. Nyt norsk Tidskrift, 1877–78
  • utg. Nyt Tidsskrift, 1882–87
  • Historisk Indledning til Grundloven, 1882
  • Samlede Værker, 4 bd., Kristiania og København 1912 (bibliografi i bd. 4)
  • Sjå også bibliografi i Fulsås 1999 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder)

    Etterlatt materiale

  • Brev og manuskript i NBO
  • HEH 1912
  • T. Ræder: Ernst Sars, 1935
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • K. Mykland: Grandeur et décadence. En studie i Ernst Sars' historiske grunnsyn, 1955
  • H. Koht: “Innleiing”, i J. E. Sars:Brev 1850–1915, 1957
  • O. Dahl: Norsk historieforskning i 19. og 20. århundre, 1959 og seinare utg.
  • T. Sirevåg: “Frigjørelse af Nationens Kræfter”. Ernst Sars i venstre-agitasjonen 1878–1884, h.oppg. UiO, 1972
  • K. M. Stokker: Nyt norsk Tidsskrift and J. E. Sars. Their influence on the modern breakthrough in Norway, Ph.D.-avh., Madison 1978
  • B. P. Falk: Geschichtsschreibung und nationale Ideologie. Der Norwegische Historiker Johan Ernst Sars, Heidelberg 1991
  • N. Fulsås: Historie og nasjon. Ernst Sars og striden om norsk kultur, 1999
  • D. Jenssen: Ernst Sars. Norsk historie som eksistensiell og europeisk erfaring, Kristiansand 2002
  • Måleri (brystbilete) av Hans Heyerdahl, 1886; NG
  • Byste (bronsert gips) av Mathias Skeibrok, ca. 1886; NBO
  • Kolteikning (heilfigur) av Erik Werenskiold, 1905; foto i Norske Portretter, 1965, s. 251
  • Måleri (knestykkje) av d.s., 1906; UiO
  • Måleri (halvfigur) av d.s., 1906; Venstres Hus, Oslo