Erlend Torfinnsson

Faktaboks

Erlend Torfinnsson
Levetid - kommentar
Fødselsår og fødestad er ukjende; Død 1098 i Bergen, gravlagt der
Virke
Jarl over Orknøyane
Familie
Foreldre: Orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson Rike (død 1064) og Ingebjørg Finnsdotter. Gift med Tora Sumarlidesdotter, dotter til Sumarlide Uspaksson. Bror til Pål Torfinnsson (død 1098); far til Magnus Erlendsson (død 1115); dotterson til Finn Arnesson (død ca. 1065).

Erlend Torfinnsson var jarl på Orknøyane i meir enn 30 år, men verken han eller broren Pål makta i lengda å halde riket i hop eller verne det mot den norske kongens ekspansjonspolitikk.

Brørne Pål og Erlend overtok som samjarlar då faren døydde 1064. Dei delte ikkje landet mellom seg slik det vart gjort ved jarleskiftet femti år tidlegare, og Orkneyinga saga understrekar at samstyret fungerte fredeleg og godt i lang tid. Splid og usemje vart det først då sønene deira voks opp; soga legg største skulda for dette på sonen til Pål, Håkon Pålsson. No var det ei formidabel oppgåve å halde i hop farens vidsveimde rike, frå Shetland til Irland, og med store landområde på det skotske fastlandet. Den maktkonsentrasjonen Torfinn jarl hadde bygd opp, og som representerer sjølve glansperioden for det orknøyske jarledømmet, forutsette også ein kløktig balansegang i forholdet til skotsk og norsk kongemakt. Erlend og Pål må ha innsett at det berre var mogleg å aksle desse utfordringane om dei stod saman.

Samtidig har det vore hevda at nettopp strevet med å sameine ulike styringsinteresser i eit så geografisk spreidd rike innebar latente interessekonfliktar på topp-planet, og at sagaenes personifisering av konfliktstoffet i nokon monn tildekkar dette. Ifølgje Orkneyinga saga vart då også jarledømmet delt ein gong i Olav Kyrres regjeringstid. Erlends del hadde sitt tyngdepunkt i det austlege Mainland og på øyane nordanfor. Jarleætta var dermed splitta i to greiner, noko som skapte store indre styringsproblem i meir enn hundre år framover.

I dei norrøne sagaverka som skildrar jarlestyret til Erlend og Pål, er forholdet til dei norske kongane – frå Harald Hardråde til Magnus Berrføtt – gjort til berande grunntema. Då Harald Hardråde hausten 1066 drog vestover for å vinne den engelske trona, gjorde han Orknøyane til base for felttoget, og han fekk støtte frå heile det norrøne vesterhavsveldet. Dette understrekar for det første eit godt forhold mellom jarlemakt og kongemakt (ein arv frå siste del av Torfinn jarls regjeringstid); det inneber truleg også at jarlane har akseptert ei form for kongeleg overhøgd. Dessutan er kongens reise via Orknøyane i seg sjølv eit vitnemål om det militære potensialet orknøyjarlane no rådde over. Begge brørne stilte med flåtestyrkar då kong Harald drog vidare til England (visse avvik i sagatradisjonen), men i det avgjerande slaget ved Stamford Bridge var dei ikkje med. Dei tilhørte då avdelinga til Olav Haraldsson (seinare Olav Kyrre), som vakta leidangsflåten ved Riccall.

Forholdet til det norske kongedømmet synest å ha vore særleg godt i Olav Kyrres regjeringstid. Kongen og jarlane var i nær slekt på morssida, og skotsk press frå sør gjorde relasjonane til Noreg stadig viktigare. Men det er også i kong Olavs tid Håkon Pålsson ifølgje sagatradisjonen begynner å intrigere ved det norske og det svenske hoffet, og samhaldet mellom jarlane slår sprekker.

Den labile situasjonen vart utnytta av Magnus Berrføtt på hans første vesterhavstog 1098–99. Hans mål var tydeleg å gjere slutt på jarledømmets halvautonome stilling, og leggje området direkte under den norske krona. Slik sett ville han fullende ei politisk handlingslinje med røter tilbake til Olav Haraldssons tid kring 1020. Både Erlend og Pål vart fanga straks Magnus kom til Orknøyane 1098, og deretter deporterte til Noreg. Der døydde dei same året – Erlend i Bergen og Pål i Nidaros. Kongssonen Sigurd (seinare Sigurd Jorsalfar) vart sett over øyane, og det synest klart at Magnus Berrføtts mål no var å gjenreise Torfinn jarls norrøne vesterhavsvelde under direkte norsk styring.

Ifølgje Heimskringla døydde Erlend på sotteseng i Bergen. Men det faktum at begge jarlane brådøydde straks dei som fangar kom til Noreg, førte naturleg nok til spekulasjonar om kva avferd dei eigentleg hadde fått. Orkneyinga saga fortel at Magnus Berrføtt betalte ei klekkeleg farsbot til Erlends dotter Gunnhild då ho gifta seg 1099. Det kan tyde på at Erlend ikkje hadde lidd ein naturleg død.

Både Erlend og Pål er skildra som høge og vakre menn, utstyrte med visdom og klokskap. Det vert sagt at dei liktest mest på morsætta frå Giske.

Kilder og litteratur

  • Kjeldematerialet er kronologisk tilrettelagt og gjengitt (på engelsk) i A. Orr Anderson (red.): Early Sources of Scottish History, bd. 2, Edinburgh 1922/1990
  • Heimskringla, i Noregs kongesoger, bd. 2, 1979
  • Orkneyinga saga, utg. av Finnbogi Guðmundsson, Íslenzk Fornrit, bd. 34, 1965, omsett i Norrøne Bokverk, bd. 25, 1929
  • NFH, del 2, 1855
  • NHfNF, del 2, bd. 1, 1915
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • J. S. Clouston: A History of Orkney, Kirkwall 1932
  • P. Sveaas Andersen: Samlingen av Norge og kristningen av landet 800–1130, Handbok i Norges historie, bd. 2, 1977
  • W. P. L. Thomson: History of Orkney, Edinburgh 1987