Riddar, riksråd, syslemann og lensherre. Foreldre: Faren var riddar og riksråd Eindride Erlendsson (nemnd 1384–1440); mora er ukjend. Gift med Gudrun Olavsdotter (ca. 1415–etter 1472), dotter til riddar og riksråd Olav Håkonsson til Nesøya (ca. 1374–1458) og fru Ingebjørg Jonsdotter av den eksklusive Giske- og Sørumætta. Far til Ingerd Erlendsdotter.

Erlend Eindridsson er den siste kjende representanten for Losnaætta. Han høyrde til toppsjiktet innan aristokratiet i Noreg i første halvdel av 1400-talet, var stor godseigar og hadde fleire viktige ombod.

Som faren kom Erlend tidleg i kongsteneste. Eit brev frå 1429 fortel at Erlend av Losna var på oppdrag i Perth, og han er då kalla “kongens tenar”. Seinast 1434 kom han inn i riksrådet, og i dei følgjande åra møtte han jamt saman med faren. I oppgjeret med Amund Sigurdsson Bolt var dei to til stades både på Jersøya utanfor Tønsberg 1436 og på forliksmøtet i Oslo med representantar for allmugen året etter. Same dag som forliksbrevet vart oppsett, 18. februar 1437, sende “rikets råd i Noreg” ut eit stadfestingsbrev med kunngjering om evig fred, og det var herr Eindride, sonen Erlend, erkebiskop Aslak Bolt og biskop Audun i Stavanger som då representerte rådet. Etter to brev frå 1438 hadde Erlend gjort forsøk på å fengsle Amund Sigurdsson, men vart hindra av allmugen i Oslo. Erlend må på den tid ha fungert som høvedsmann på Tønsberghus, truleg i staden for eller saman med faren, som var ein tilårskomen mann. Erlend gleid såleis naturleg inn i stillinga som høvedsmann og tok over åleine då faren døydde.

Den framskotne stillinga Erlend hadde, vart overtydande slått fast 1439, då han vart lansert som kandidat til stillinga som drottsete saman med Sigurd Jonsson til Sørum og Giske og Olav Håkonsson på Nesøya. Som den mest høgætta vart Sigurd Jonsson utnemnd, men det var sterke slektsband mellom dei tre: Morbror til herr Sigurd (Håkon Sigurdsson) var gift med faster til Erlend (Sigrid Erlendsdotter), Olav Håkonsson var gift med herr Sigurds søster, og dei var svigerforeldre til Erlend. Dei tre var kongetru menn, men den politiske situasjonen tvang dei og resten av rådet til å sende oppseiingsbrev til kong Erik på Gotland 1440 og 1441. Like etter, truleg i samband med Christoffer av Bayerns kroning i Oslo 1442, fekk Erlend riddarslaget. Det praktfulle seglet hans, som viser våpenmerket til Losnaætta (sjå Erlend Filippusson) med to omslynga dragar som hjelmmerke, finst på unionsbrevet frå 1450.

Det ser ut til at herr Erlend hadde høvedsmannsstillinga på Tønsberghus i alle fall fram til 1445, og ei tid må han også ha vore syslemann i Råbyggjelag; eit brev frå 1440 fortel såleis at hans ombodsmann der dømde i ei drapssak på vegner av kongen. Seinare flytte han vestover, truleg for lettare å kunne administrere godsa sine. Han fekk syssel i Sogn, og 1450 gav Christian 1 han Valdres og Romsdal som pantelen, som trygd for eit større pengelån. Herr Erlend var ein halden mann, han kjøpte jord i Sogn og på Færøyane, og han hadde hus og eigedom i Bergen. Både som høvedsmann på Tønsberghus og seinare saman med Olav Nilsson i Bergen arbeidde han for å avgrense makta til hanseatane.

Fru Gudrun kan knapt ha vore 40 år då herr Erlend døydde, og ho gifte seg på nytt med riddar og riksråd (seinare riksforstandar) Jon Svalesson Smør. Ho overtok Nesøygodset etter faren og gjekk også inn i arven etter junker Hans Sigurdsson, son til Sigurd Jonsson, som døydde barnlaus 1446. Arvingane til denne godsmassen og til Losnagodset vart dei to døtrene til herr Erlend og fru Gudrun, Ingerd og Sigrid. Ingerd etterlet seg ikkje livsarvingar. Sigrid vart gift med riddar og riksråd Bo Flemming. Dei tok Nesøya i Asker til setegard, og gjennom deira dotter Margareta, gift med den danske adelsmannen Holger Erikssøn, kom dei store godsa etter hennar foreldre over til familien Rosenkrantz.

  • DN, bd. 1 nr. 774 og 802, bd. 2 nr. 722 og 728, bd. 5 nr. 646, bd. 6 nr. 535, bd. 8 nr. 342 og 426, bd. 10 nr. 176, bd. 16 nr. 147, bd. 21 nr. 370 og 371
  • NgL, rk. 2, bd. 2. 1915
  • NHfNF, bd. 3:1, 1915, bd. 3:2, 1917
  • J. Schreiner: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • G. Leistad: “Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid”, i Asker og Bærum historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • ANH,bd. 4, 1966, med slektstavle s. 74
  • Om Losnaætta sjå under Erlend Filippusson