Faktaboks

Erengisl Sunesson
Død
26. desember 1392, Vadstena, gravlagt i Vadstena kloster
Levetidskommentar
Truleg fødd i Småland, fødselsåret er ukjent
Verke
Riddar, riksråd og orknøyjarl
Familie
Foreldre: Riksråd Sune Jonsson av slekta Bååt (død 1338) og fru Katarina. Gift 1) med den svenske adelskvinna Märeta (død før 1343); 2) med Annot (død ca. 1360), dotter til orknøyjarlen Malise av Strathearn; 3) med Ingeborg Magnusdotter (død 1390), enke etter den svenske riddaren Bengt Turesson.

Erengisl Sunesson var i nokre år titulær jarl over ein del av Orknøyane, men utan reell styringsmakt. Han var sterkare med i svensk rikspolitikk og var særleg aktiv i dei store regimekonfliktane der i 1350-åra.

Erengisl kom tidleg inn i den nære krinsen kring kong Magnus Eriksson, og var bl.a. med i kongens følgje på friarferd til Namur i Flandern sommaren 1334. Om lag samtidig kom Malise, jarl av Strathearn, sidan ca. 1330 også jarl over Orknøyane, til kong Magnus for politiske drøftingar. Fordi Malise stod svakt i sitt skotske jarledømme Strathearn (han vart frådømt rettane her 1344), var det desto viktigare for han å sikre kongeleg støtte til posisjonane på Orknøyane. Kongen på si side var interessert i å binde Malise – den første mektige skotske magnaten på jarlestolen – til det norsk-svenske felleskongedømmet. Dermed møttes kongens og jarlens interesser i eit naturleg skjeringspunkt: ekteskapsband over Nordsjøen. Det er sannsynleg at slike dynastiske strategiar vart drøfta alt i 1330-åra. Malise hadde fem ugifte døtrer – og ingen son – noko som innebar at jarletittelen kunne “vinnast tilbake” gjennom giftarmål.

Märeta, den første kona til Erengisl, døydde kring 1343, og stutt tid etter gifte han seg med Annot, dotter til jarl Malise. Også ein annan svensk stormann vart om lag samstundes gift med ei av jarledøtrene. Derimot vart Isabella, som faren 1344 designerte til sin etterfølgjar, skotsk gift. Malise døydde kring 1350, og ein gong mellom 1351 og 1353 må Erengisl ha reist til Orknøyane, kanskje alt nå som titulær jarl. I kjeldematerialet opptrer han første gong som jarl i mai 1353. Då er han medgarant for ein skipan, utferda på Båhus, om dronning Blancas morgongåvelen.

Erengisls posisjon på Orknøyane var ytterst svak og vanskeleg, og det er tvilsamt om han etter 1353 i det heile oppheldt seg på øyane. Jarledømmet hans utgjorde berre ein femdel av riket, og posisjonen som den første “orknøyjarl gjennom giftarmål” gav han alt i utgangspunktet svak autoritet. Dessutan var rettsgrunnlaget omstridd fordi hans suksesjon streid mot forrangen til den designerte Isabella. Isabella var gift Sinclair og hadde støtte frå den mektige Ross–Sinclair-koalisjonen som dominerte nordskotsk politikk. Den skotske infiltrasjonen på øyane heldt derfor fram med aukande styrke, og bana til slutt (1379) vegen for Sinclair-familien, som vart det siste jarledynastiet i orknøysk historie.

Erengisl må ha gått av som jarl over Orknøyane før 25. november 1357. Kona Annot døydde på denne tida, utan arving, og rettsgrunnlaget for Erengisls styringsmakt fall dermed bort. Kong Magnus beslagla straks alle inntekter frå jarledømmet; det kan også ha vore gjort som straffereaksjon fordi Erengisl hausten 1356 hadde slutta seg til den svenske stormannsopposisjonen mot kongen. Jarlenamnet fekk han derimot behalde i sin titulatur så lenge han levde, men den vart etter 1357 nesten alltid brukt nøytralt, utan spesifikasjon til Orknøyane.

Både i Erengisls eigen karriere og i Orknøyanes historie vart hans orknøyske jarlestyre eit stutt og lite viktig mellomspel. Den automatiske plassen orknøyjarlen hadde i det norske riksrådet, var truleg det som var viktigast for Erengisl i dei åra han sat med embetet.

For øvrig var det i indre svensk politikk han gjorde sin hovudinnsats. Her er han første gong nemnt som riddar 1344 og som riksråd 1350. Etter at han hausten 1356 tok parti for kongssonen Erik i den indre svenske tronstriden, kom han i unåde hos kongen, og vart først endeleg forsont med Magnus Eriksson våren 1361. I mellomtida var Erik død (juli 1359), og kongens yndling Bengt Algotsson, hertug til Finland og Halland, drepen (august 1360). Seinare kjelder har gjort Erengisl ansvarleg for dette drapet. I oppgjeret som førte Albrekt av Mecklenburg på den svenske trona 1364, stod Erengisl for det meste ved kongane Magnus Erikssons og Håkon Magnussons side. Først kring 1370 vart han forsont med mecklenburgarane; han fekk beslaglagt gods tilbake, og tok igjen sete i det svenske riksrådet.

Frå sitt utgangspunkt som jordeigar i Småland skaffa Erengisl seg etter kvart eit omfattande jordegods kringom i Sverige; det fekk også ein god tilvekst gjennom hans to svenske giftarmål. Ein stor del av dette godset vart i 1370- og 1380-åra donert til svenske kyrkjer og klosterinstitusjonar. Bl.a. fekk Vadstena kloster ein større donasjon 1378, mot at Erengisl og kona Ingeborg fekk gravstad i klosteret. Det var nok også som godssamlar og donator han sette størst merke etter seg. Vadstenadiariet opplyser at Erengisl døydde 26. desember 1392.

Det kviler på mange vis eit tragisk skjær over Erengisls politiske virke. Utan skotske kontaktar eller posisjonar var hans jarlestyre dømt til å bli ein tom formel; dessutan hadde han neppe format til å styre Orknøyane gjennom dei turbulente åra etter at Malise av Strathearn døydde. Og i dei store regimekonfliktane som prega svensk rikspolitikk frå slutten av 1350-åra, vart hans roller såpass utydelege og prega av lojalitetskonfliktar, at han i røynda aldri fekk noko varig fotfeste på den storpolitiske scenen.

Kilder og litteratur

  • Symbolæ ad Historiam Antiquiorem Rerum Novegicarum,utg. av P. A. Munch, 1850
  • Bidrag til Skandinaviens historia ur utländska arkiver,utg. av C. G. Styffe, bd. 1, Stockholm 1859
  • Records of the Earldom of Orkney 1299–1614,utg. av J. S. Clouston, Edinburgh 1914
  • Diarium Vadstenense,utg. av E. Nygren, København 1963
  • RN,bd. 6 og 7
  • NFH,bd. 1–2, 1862–63
  • A. Taranger: “Tidsrummet 1319–1442”, i NHfNF,del 3, bd. 1, 1915
  • E. Bull: biografi i NBL1,bd. 3, 1926
  • S. Tunberg: biografi i SBL,bd. 7, 1927 (oppslagsord Bååt)
  • J. S. Clouston: A History of Orkney,Kirkwall 1932
  • B. E. Crawford: The Earls of Orkney–Caithness and their Relations with Norway and Scotland 1158–1470,utrykt Ph.D.-thesis, University of St. Andrews, 1971
  • W. P. L. Thomson: History of Orkney,Edinburgh 1987