Skolemann og diktar. Foreldre: Bonde og underoffiser Knut Paulsson To (1787–1871) og Mari Friksdotter Hougen (f. 1796). Gift 4.6.1852 med Maren Karine Ellefsen (3.2.1828–9.3.1907), dotter til høkar Ellef Kittelsen og Berte Brandt. Farfars far til Pål Hougen (1930–2007); bror til Fredrik Knutsen Hougen (1820–1911; sjå NBL1, bd. 6); farbror til Johannes Hougen (1854–1954); farfars bror til Julius Hougen (1906–93).

Engebret Hougen var ein føregangsmann som lærar og skolestyrar i andre halvdelen av 1800-talet, men i dag vert han helst hugsa som bygdemålsdiktar.

Hougen voks opp på garden Hougen på Sel. Faren gjekk for å vere den beste songaren i bygda og ein god eventyrforteljar. I krigane i 1808 og 1814 hadde han tent seg opp til kommandersersjant og fekk tilbod om ein vidare karriere i det militære. Men han lengta heim att og valde å bli verande underoffiser. Ymse ulykker tvang han til å selje garden og flytte til ein liten plass som vart tatt unna ved salet. Men familien kom under sterk påverknad av skolehaldaren Hans Hansen Pillarviken og “Vågåpresten” H. P. S. Krag, og av syskenflokken gjekk tre av brørne i Krags “fastskole”. Dei synte stor lærelyst, fekk seg utdanning og gjorde seinare ei viktig gjerning i folkeopplysninga. Ved sida av Engebret var dette brørne Fredrik og Paul, som også begge vart framståande lærarar.

Den eldste broren Fredrik kom til Fredrikstad som lærar, og våren 1843 gjekk Engebret og Paul til fots til Fredrikstad, der dei fekk seg arbeid, medan dei vart undervist av Fredrik om kveldane. Året etter kom dei til Klæbu seminar, der dei gjekk ut etter eit år. 1846 vart Engebret Hougen tilsett som lærar ved Fredrikstad Borger- og Realskole. Han ville studere, men måtte gi opp dette av økonomiske grunnar. Han heldt fram som lærar i Fredrikstad til 1855, da han vart styrar ved Nes høiere almueskole på Hedmark. Etter fire år der flytta han til Vestfold og var klokkar og styrar ved Tønsberg almueskole frå 1859 til sin død.

Som skolemann var Hougen blant dei leiande grundtvigianarane i striden for norsk folkeopplysning. Olaus Arvesen, som grunnla Sagatun ved Hamar, den første folkehøgskolen i landet, hevda at det var Hougens grunnleggande arbeid på Hedmark som gjorde at han valde Hamar som sete for sin skole. 1871 vart Hougen medlem av kommisjonen som skulle lage lov for byfolkeskole. Etter arbeidet her tok han målbevisst til å organisere sin skole i samsvar med prinsippa i lovutkastet; særleg galdt dette kvardagsskole, avgrensing av elevtalet, auka timetal, historie, geografi, naturfag, teikning og gymnastikk som eigne fag. Han fekk også oppretta ein “håndgjerningsskole” for jenter og ein liknande for gutar. Han var ein interessert organisasjonsmann, og 1860 var han med og stifta Søndre Jarlsbergs lærerforening. Han skreiv òg om skolespørsmål i Den norske Folkeskole, Norsk Skoletidende og Vor Ungdom. 1866 stifta han (saman med Svend Foyn) Tønsbergs Arbeiderforening, og han skaffa seg eit stort bibliotek. Hougen var redaktør av Tunsbergeren 1867–71 og av Tønsbergs Blad 1880–81.

Da P. Chr. Asbjørnsen i august 1842 kom ned til Laurgard i Sel etter si “Rendyrsjagt ved Ronderne”, vart det sendt bod etter den 15-årige eventyrforteljaren Engebret Hougen. I to dagar sat han og fortalde eventyr og sagn, m.a. om Per Gynt. Alt i unge år tok han til å dikte, og han vart mykje brukt som diktar i samband med skolefestar, stemne o.l. Det kjende diktet Afskje mæ' Høvringen ('Sjaa Sole paa Anaripigg'), det første bygdemålsdiktet hans, er skrive 1845 i Klæbu prestegard med heimlengt og kjærleikssorg. Det vart trykt første gongen 1849 og kom seinare med i Landstads samling Norske Folkeviser og i Ole Vigs Sange og Rim for det norske Folk. Sæterliv. En Cyklus Sange i Vaagemaal, som kom 1855, er ei samling som høyrer til i gjennombrotet for norsk naturkjensle. Diktet Gardskjøpet frå 1859 bygger på dei såre minna da familien måtte gå frå slektsgarden. Mange av Hougens dikt vart trykte i Kirkeligt Folkeblad, Hamar Stiftstidende, Oplandenes Avis og Aftenbladet.

    Eit utval

  • Afskje mæ' Høvringen, i Christiania-Posten nr. 304/1849
  • Sæterliv. En Cyklus Sange i Vaagemaal, 1855
  • Gardskjøpet, i Dølen nr. 44/1859
  • Sangbog, nærmest for Arbeiderforeninger og Arbeidere (sm.m. E. Olsen og K. Hougen), Tønsberg 1875
  • Digte, (posthumt) 1891
  • Biografi (med bibliografi) i NFL, bd. 2, 1888
  • Norsk Skoletidende 1891, s. 210–213, 1899 (tillegg), s. 94–98 og 1911, s. 660–671, 690–692 og 731
  • F. Hougen: “Engebret Hougen og hans bygdemaalsdiktning”, i Edda 1932, s. 65–109
  • E. Boyesen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • K. Hougen: Engebret Hougen. Hans liv og virke, Sandefjord 1934
  • Engebret Hougen (d.y.): “Dei tre Hougenbrørne”, i Årbok for Gudbrandsdalen1939, s. 119–135
  • J. Bossum: “Helsing til Sel – frå Tunsberg”, i Årbok for Gudbrandsdalen 1991, s. 119–122
  • E. Hovdhaugen: “Han som skreiv Høvringsvisa”, i Årbok for Gudbrandsdalen 1993, s. 26–31
  • Teikning (brystbilete) av Chr. Olsen, ca. 1850; attgjeve i NLH/Bull, bd. 4, 1937, s. 187
  • Xylografi (brystbilete) av Sørensen; attgjeve i Norsk Skoletidende 1891, s. 209