Faktaboks

Emil Stang

Emil Stang d.e.; Emil Stang d. e.

Fødd
14. juni 1834, Christiania (nå Oslo)
Død
4. juli 1912, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Jurist og politiker
Familie

Foreldre: Høyesterettsadvokat, senere statsminister Frederik Stang (1808–1884) og Augusta Julie Georgine von Munthe af Morgenstierne (1812–1885).

Gift 12.7.1865 i Christiania med Adelaide Pauline Berg (20.1.1840–18.9.1931), datter av grosserer Peder Alstrup Jordhøi Berg (1807–1871) og Henriette Marie Hauge (1812–1904).

Dattersønn av Bredo Morgenstierne (1774–1835); fetter av Christian Otto Carl Lasson (1830–1893), Theodor Stang (1836–1919) og Bredo Morgenstierne (1851–1930); far til Fredrik Stang (1867–1941) og Emil Stang (1882–1964); farfar til Christian Stang (1900–1977).

Emil Stang, fotografert i 1908, bilete frå Norsk biografisk leksikon
Emil Stang, fotografert i 1908, bilete frå Norsk biografisk leksikon
Av /※.

Emil Stang var ein norsk jurist og politikar. Han var statsminister i Noreg frå 1889 til 1891, og frå 1893 til 1895. Stang var ein av grunnleggjarane av partiet Høgre, og var leiar for partiet i periodane 1884–1889, 1891–1893 og 1896–1899.

Stang vart cand.jur. i 1858, og høgsterettsadvokat i 1862. Han var lagmann i Borgarting og Agder frå 1895, og høgsterettsassessor i perioden 1901–1904.

Emil Stang blir kalla «den eldre» for å skilje han frå sonen med same namn – Emil Stang – den yngre.

Bakgrunn, familie og utdanning

Stang vart fødd i Oslo i 1834. Han var son av Frederik Stang, den norske regjeringas formann frå 1861 og statsminister frå 1873 til 1880.

Den unge Emil Stang hadde ikkje nokobrennande ønskje om å bli politikar. Han heldt seg då også borte frå all politikk den tida faren var statsminister, men som ung og vaksen mann var han sin fars fortrulege samtalepartnar og gjekk dermed i ein «politikarskule» som han drog full nytte av. Han tok examen artium i 1853, blei cand.jur. i 1858 og arbeidde som fullmektig, seinare som overrettssakførar i C. J. Michelets sakførarforretning. I 1862 fekk han løyve som høgsterettsadvokat, overtok forretninga og fekk snart ein omfattande praksis. han var medredaktør i «Ugeblad for Lovkyndighed». Frå 1871 og til 1909 var han eineredaktør i avleggjaren av dette bladet, «Norsk Retstidende», bortsett frå dei åra han var statsminister.

Ved sida av å vere medlem av Christiania bystyre i åra 1877–1889 var Stang medlem av hamnelovkommisjonen, Hovudbanens og Kongsvinger- og Smaalensbanens direksjonar, tilsynskomiteen for forsørgingsskular, skipsregisterkomiteen og aksjelovkommisjonen.

Framfor valet i 1882, det første etter at faren hadde trekt seg, vart han sterkt oppmoda om å stille til val, og sa ja til det.

Stortingsrepresentant

Emil Stang, xylografi frå 1882
I 1882 blei Emil Stang vald til stortingsrepresentant frå Christiania. Bortsett frå dei periodane han var statsminister, sat han samanhengande på Stortinget fra 1883 til 1894.

I 1882 blei Emil Stang vald til stortingsrepresentant frå Christiania. Bortsett frå dei periodane han var statsminister, sat han samanhengande på Stortinget fra 1883 til 1894.

Ved valet i 1894 var Stang statsminister og kunne etter grunnlova slik ho var då, ikkje stille til val. Då han gjekk av som statsminister i 1895 hadde han ikkje plass i Stortinget, og vart difor utnemnd som lagmann i Borgarting og Agder. Fram til 1898 sto han utanfor det offentlege liv, men ved valet i 1898 vart han på nytt vald inn på Stortinget frå Fredrikshald.

Prinsregenten

Dei to store politikarane i det som er blitt kalla embetsmannsstaten, Frederik Stang og Anton Martin Schweigaard, kjempa begge for å halde på det maktfordelingsprinsippet som var nedfelt i grunnlova frå 1814. Det to kjempa på kvar sin arena, Stang som statsråd og statsminister, Schweigaard i Stortinget. Med riksrettsdommen frå 1884 var det slutt på embetsmannsstaten, og frå då av var det sonen til Frederik Stang og sonen til Anton Martin Schweigaard som kom til å dominere i den politiske rørsla som vart avleggjarenfrå embetsmannsstyret, partiet Høgre.

På folkemunne vart Emil Stang, son til den store Frederik, i sine yngre år kalla for «prinsregenten». Dei to unge, Emil Stang og Christian Homann Schweigaard, var barndomsvenner, og kom til å arbeide tett også i politikken.

Første leiaren i Høgre

Sjølv tilhøyrde Stang den høgre fløya i partiet, det var ein del av den politiske tradisjonen han hadde vakse opp i som sin fars lojale son. Som jurist var det naturleg for han å forsvare Grunnlovas maktfordelingsprinsipp med ein sterk og uavhengig konge. Men til liks med faren og i den konservative tradisjonen tilbake til Herman Wedel Jarlsberg hadde han ingen sans for ei personleg kongemakt; det var den konstitusjonelle kongen, det vil seie ei regjeringsleidd kongemakt, som var Kongen etter tolkinga deira av Grunnlovas system. Dette hadde leidd til stadig konfliktar med Bernadottene, som hjarteleg mislikte formyndarskapet til regjeringane, men også med dei mest kongevennlege på ytste høgre fløy i norsk politikk.

Så langt var Emil Stang på linje med den liberalkonservative fløya. Til liks med far sin delte han likevel ikkje inngrodde motviljen til dei liberalkonservative mot partidanningar. Han innsåg at under dei nye politiske forholda låg framtida i å skape eit slagkraftig parti som kunne vinne legitimitet gjennom folkeleg oppslutning i val. Under forfatningskampen hadde det grodd fram ei rekkje konservative foreiningar rundt om i landet, og trass uviljen mot «partivesen» og «meiningstvang» blant høgrefolk lykkast det han både å skape ein organisasjon i hovudstaden og å få danna eit sentralstyre for heile landet, og deretter eit organisert parti på eit moderat program. Sjølv blei han formann i begge då Høgre vart skipa i august 1884.

Stang stabla det såkalla Aprilministeriet på beina etter at regjeringa til Christian Selmer var fjerna av riksretten i 1884 (sjå statsrådssaka). Meininga var at Stang då skulle bli statsminister, men krefter i partiet meinte det ville vere uklokt og utfordrande med eit nytt Stang-regime, og difor vart Christian Schweigaard regjeringssjef. Det var Stang glad for seinare, for det å ha vore «aprilminister» stengde for eit samarbeid med den moderate delen av Venstre, eit samarbeid som to gongar skulle gjere Stang til statsminister.

Stang var partiformann i Høgre med unntak av i dei periodane han var statsminister. Han meinte det ville vere urett å sitje både som statsminister og partileiar, og nestleiaren Schweigaard tok difor over som formann i desse periodane. Det same var tilfellet då Stang var lagmann, men frå 1898 vart han på nytt partileiar og sat både som det og som stortingsrepresentant fram til 1900. Han hadde ein sterk innverknad på høgrepartiets politikk og strategi i den tida han sto i spissen.

Stang og Sverdrup

I siste halvdel av 1880-åra var det Emil Stang og Venstres Johan Sverdrup som var dei to hovudmotstandarane i norsk politikk. Sverdrup var folketalaren, medan Stang hadde ein akademisk og litt kjedeleg måte å tale på, men med stor fagleg tyngde. Han var dessutan ein replikkens meister. Sverdrup var herda og garva gjennom mange års opposisjonskamp då han blei statsminister i 1884. Stang hadde gått i lære hos far sin. Han såg fleire trekk framover, og han såg tidvis så mange handlingsalternativ at han vart lamma når han skulle avgjere kva for eitt han skulle velje. Stang var ein utprega pessimist, og det gjorde at han som politikar og partileiar vart ein heller forsiktig og tenksam general. Å vinne fleirtalet i folket måtte ta tid, og Stang var derfor vel tilfreds med å la Johan Sverdrup regjere på basis av eit venstreparti som stadig blei djupare splitta.

Samarbeid med Moderate Venstre

Den første jobben Emil Stang fekk som formann i Høgre var å bygge bru. Partiet var slått over ende av riksrettsdommen etter statsrådssaka, og det var sterke krefter i Høgre som ønskte hemn. Stang derimot meinte at riksrettsdommen måtte aksepterast, og at ein måtte godta verda slik ho nå hadde blitt. Hans strategi var å samle kreftene i eige parti og å arbeide for å bygge bru mot den moderate delen i Venstre.

Det var ein moderat og pragmatisk høgrepolitikk som vart hans linje, og etter kvart som kløyvinga i Venstre vart meir og meirtydeleg, så hadde han som mål å få den moderate delen av partiet over på si side. Då Moderate Venstre organiserte seg som eige parti ved valet i 1888, vart det etablert samarbeid med Høgre i fleirevalkrinsar, og dette oppfordra Stang til. Samarbeidet med Moderate Venstre var ein hovudgrunn til at Høgre vann valet i 1888 (Høgre fekk største gruppa og fleirtalsaman med Moderate Venstre), men det var Stang sin strategi å la Johan Sverdrup sitje ved makta så lenge at kløfta mellom dei to Venstre-fraksjonane vart uoverstigeleg.

To vanskelege saker måtte også bli gjennomførde, jurylova og folkeskulereforma. I begge desse sakene var Venstre samla for og Høgre imot. Høgre stemde saman med Moderate Venstre ned to mistillitsframlegg frå Reine Venstre for å hindre at eit regjeringsskifte skulle kome for tidleg. Stang møtte motstand frå eigne rekkjer for dette, og i juni 1889 vart Stang nærast driven til aksjon for å felle regjeringa Sverdrup.

Sist i juni i 1889 sette Stang fram eit klart mistillitsframlegg for å felle regjeringa, men det vart ikkje røysta over det før Stortinget avslutta sesjonen. Sverdrup prøvde å berge seg ved å få dei to Venstre-fraksjonane til å samarbeide, men den radikale delen av partiet, Reine Venstre, stilte for det første krav om at Sverdrup-regjeringa måtte gå av, og for det andre at den radikale delen av partiet skulle godkjenne kven som skulle sitje i den nye regjeringa. Sverdrup-regjeringa leverte avskjedssøknaden sin til kongen, men det vart ikkje semje om kven som skulle sitje i den nye regjeringa, og kong Oscar 2. nytta høvet og godtok regjeringa sin avskjedssøknad. Dermed hadde Sverdrup gått av, og han ga Emil Stang oppdraget med å skipe ny regjering.

Stang si første regjering (1889–1891)

Nils Hertzberg, Aksel Winge, Karl Hals og Emil Stang, måleri (olje på lerret) frå 1890-1891

Stangs første regjering var prega av forsoning. I samansetninga av regjeringa la han tyngdepunktet, åtte av ti statsrådar, hos den moderate delen av Høgre. Han tok ikkje med folk som hadde vore aktive i forfatningskampen tidleg i 1880-åra. Han la òg vekt på å byggje bru innan partiet, ved å ta med representantar for Motzfeldt-fløya, som sidan statthaldarstriden i 1861 – då kongevennen Christian Birch-Reichenwald og Ketil Motzfeldt måtte vike for Frederik Stang – hadde vore eit uroelement i den hatske motviljen sin mot Frederik Stang og seinare son hans. Dette skulle bli ei regjering som den moderate delen av Venstre kunne akseptere. Av same grunnen var det økonomisk politikk, ikkje dei konstitusjonelle sakene, som kom til å dominere regjeringa sitt arbeid.

Regjeringa konsentrerte seg om dei store administrative sakene som låg og venta – gjennomføringa av juryloven og den nye skuleloven – og lite utfordrande saker som gjenopptaking av jernbanebygginga, nedsetjing av tollavgiftene og det første forslaget om ein fabrikktilsynslov.

Med eit minimum av konsesjonar til dei sterke proteksjonistiske straumdraga i Sverige lykkast det å berge mellomriksloven, som var gunstig for norsk handel.

Unionspolitikken

På alle andre område enn eitt såg det også ut til at samarbeidet mellom Høgre og Moderate Venstre kunne halde. Det eine området var unionspolitikken. Der fann Reine Venstre og Moderate Venstre saman, og denne konflikten skulle kome til å prege norsk politikk dei neste 15 åra.

I unionen mellom Noreg og Sverige var det eit eige organ, det ministerielle statsråd, som hadde ansvar for utanrikspolitikken. I 1885 hadde svenskane på eiga hand utvida talet på svenske medlemer i dette organet frå to til tre. Tidlegare hadde det vore utanriksministeren og ein statsråd frå kvart av landa som sat i det ministerielle statsråd. Norge kravde difor også å få utvide talet på statsrådar frå ein til tre. Det fekk Emil Stang svenskane med på i 1890, men i det svenske opplegget var det teke for gitt at utanriksministeren skulle vere ein av dei svenske statsrådane. I Stang sin avtale med svenskane var det ikkje sagt noko om kva nasjonalitet utanriksministeren skulle ha.

Stang sjølv var nok ikkje heilt nøgd med denne avtalen. Han hadde leia forhandlingane med svenskane, men hadde blitt sjuk i sluttfasen og dei endelege formuleringane var såleis ikkje hans verk. Stortinget kunne då heller ikkje godta ein avtale som var så ullen i sin omtale av hovudspørsmålet. Stang hadde ikkje anna val enn å stå på avtalen, og han stilte kabinettspørsmål, det første nokon gong frå Høgre. Med 59 mot 55 stemmer vart Stang sitt framlegg forkasta.

Venstre-regjering tek over

Krav om norsk utanriksminister og konsulatvesen

Emil Stang tok straks konsekvensen av nederlaget og gjekk av den 6. mars 1891. Dei to Venstre-partia skipa regjering med Johannes Steen som statsminister. Den nye regjeringa sitt krav var eigen utanriksminister og eige utanriksstyre. Dette kravet sikra Reine Venstre eit fleirtal på Stortinget på 65 mandat ved valet i 1891. Mykje av sigeren kom av valordninga. Reine Venstre fekk knappe 52 000 stemmer, mens Høgre og Moderate Venstre til saman fekk rundt 50 000.

Det vart nokså snart klart at ein eigen norsk utanriksminister var heilt urealistisk, og fordi dette utan tvil var ei unionssak, var det ikkje opp til Noreg åleine å avgjere det. Venstre-regjeringa våga ikkje å ta ein strid med Sverige i 1891, og la kravet om eigen utanriksminister på is, men reiste i staden kravet om eige norsk konsulatvesen (sjå konsulatsaka). Det var eit krav som alle partia på Stortinget var samde om, og som eigentleg var naturleg etter kvart som den norske skipsfarten og utanrikshandelen hadde auka. Spørsmålet var om Noreg kunne etablere eige konsulatvesen på eiga hand. Ja, svara Venstre. Nei, sa Sverige, og Emil Stang og Høgre ville ha forhandlingar med svenskane. Venstre hadde fleirtalet, og i 1892 vedtok Stortinget å opprette eige norsk konsulatvesen. 50 000 kroner vart løyvd til formålet.

Politisk krise

Regjeringa til Steen visste at kongen etter råd frå den svenske regjeringa ville nekte å sanksjonere vedtaket. Derfor la regjeringa ned embeta sine før saka kom i statsråd, og utan nokon statsråd til å kontrasignere sanksjonsnektinga, vart ho heller ikkje gyldig. Med eit Venstre-fleirtal i Stortinget kunne ikkje kongen få danna ei levedyktig ny regjering heller, og han ba den gamle halde fram som forretningsministerium.

I fleire veker framover var det politisk krise i landet. Regjeringa møtte ikkje i Stortinget, og Stortinget la ned arbeidet i fleire veker. Kongen vende seg til Emil Stang og ba han skipe regjering. Stangs syn var at Noreg hadde full rett til eit eige konsulatvesen, men at spørsmålet måtte løysast i forhandlingar med Sverige, fordi det hang nært saman med organisasjonen av det felles diplomati og den unionelle fellesskapen i forholdet til andre makter. Han var derfor open for å ta løyvingsforslaget til følgje og heilt uvillig til å ta den politiske belastninga ved å stille seg bak sanksjonsnektinga. Men her møtte han sterk motstand frå ei rekkje tonegivande høgremenn, som kritiserte kraftig det dei oppfatta som ettergiving og svak leiing. Utan Stang viste det seg likevel umogleg å danne noka regjering av Høgre, og løysinga blei til slutt at Stortinget samrøystes bad Steen om å trekkje søknaden om avskjed tilbake.

Det enda med at Venstre måtte gjere retrett. Etter framlegg frå Christian Michelsen ba eit samrøystes Storting regjeringa Steen om å trekkje avskjedssøknaden tilbake. Konsulatsaka vart utsett, men ikkje lenger enn til året etter. Då vedtok Stortinget på nytt å opprette eige norsk konsulatvesen. Kongen ville nekte sanksjon, men regjeringa kom han i forkjøpet og gjekk av.

Stang si andre regjering (1893–1895)

Emil Stangs andre regjering
Emil Stang var statsminister to gonger, frå 1889 til 1891, og frå 1893 til 1895. Biletet viser Stang si andre regjering. Ståande frå venstre: Johannes Winding Harbitz, Peder Nilsen, Wilhelm Olssøn, Peter Birch-Reichenwald. Sittande frå venstre: Anton Christian Bang, Ole Andreas Furu, Emil Stang, Gregers Gram, Ernst Motzfeldt, Francis Hagerup.

Kongen, Oscar 2., vende seg til Emil Stang og nærast trygla han om å skipe regjering til erstatning for Steen-regjeringa som nå truga unionen. Denne gongen innvilga kongen avskjedssøknaden frå regjeringa og utnemnde Emil Stang som ny statsminister for ei rein Høgre-regjering. Når Stang sa ja denne gongen, var det nok fordi han frykta at Venstres harde linje kunne truge både unionen og kongemakta, og til slutt kanskje til og med føre til at svenskane greip inn militært.

2. mai 1893 blei Stangs anna regjering utnemnd. Den nye regjeringa Stang vart straks møtt med mistillit av stortingsfleirtalet. Stortingsfleirtalet nekta å helse på statsrådane, og dei vart kalla «politiske forbrydere». Stortingsfleirtalet røysta ned framlegg til løyvingar, apanasjen til kongen og kronprinsen vart nedsett. Statsministerens representasjonskonto vart inndregen, og det vart truga med riksrett.

Fastlåst krise trugar landet

Då Stang skipa regjering, sa han at han appellerte til veljarane ved valet i 1894, men ved dette valet fekk framleis Venstre fleirtal, sjølv om det var mindre enn sist. I januar 1895 søkte difor regjeringa Stang avskjed, men vart sitjande nokre urolege månader til. Krisa såg ut til å vere heilt fastlåst. Venstre ville ikkje ta over regjeringsmakta utan at vedtaket om oppretting av eige norsk konsulatvesen vart godkjent. I Sverige vart stemninga meir og meir trugande, og den svenske riksdagen påla regjeringa å seie opp mellomriksloven, krigskreditiva blei forhøgde og regjeringa oppmoda til å setje i verk ein fullstendig revisjon av unionen. Risikoen for krig var til stades.

Dette presset gjorde at det tok til å rakne i Venstre-rekkjene, og drøftingar kom i gang mellom dei tre stortingsgruppene. 7. juni 1895 vart det med 90 stemmer vedteke at det på fritt grunnlag bør innleiast forhandlingar med Sverige om konsulatvesenet og utanriksstyret, men frå norsk side skulle det skje med «en med storthinget samarbeidende regjering». I det låg klart at fleirtalet ikkje tenkte på Stang-regjeringa. Emil Stang var då også motstandar av vedtaket.

Frå Sverige kom det klare signal om at ei ny Venstre-regjering ikkje ville bli akseptert, og det vart arbeidd med eit alternativ med ein ny Høgre-statsminister. Først den 14. oktober fekk regjeringa Stang avskjed, og justisministeren i Stang si regjering, Francis Hagerup, skipa ny regjering, sat saman eit regjeringskollegium av Høgre, Venstre og moderate som kongen godkjende.

Etter statsministerperiodane

Stang sjølv var ute av politikken, og for nokre år vart han lagmann i Borgarting og Agder, men i perioden 1898–1900 var han på nytt stortingsrepresentant og partileiar.

I 1901 vart han utnemnd til høgsterettsdommar, men han var utsliten og sat ikkje lenger enn til 1904. Den harde striden med Venstre i 1890-åra hadde gått hardt innpå han. Etter 1904 trekte han seg heilt tilbake frå det offentlege liv, men levde lenge nok til å få sjå sonen sin, Fredrik Stang, tredje generasjon Stang, bli formann i Høgre.

Hedersbevisningar

Stang blei utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1889, til kommandør av 1. klasse same år og til storkors i 1890. Han var òg innehavar av storkors av den svensken Nordstjärneorden og den prøyssiske Røde Ørns orden.

Ettermæle

Emil Stang var ein kompleks natur med sterke lidenskapar, men i det ytre ein lukka mann som sjeldan sleppte andre innpå seg. I det offentlege livet handla han alltid etter grundige vurderingar utan å la seg styre av personlege kjensler. Minnet hans var like legendarisk som kunnskapane hans om norsk politisk historie; han hadde lese Stortingstidende for mange år bakover før han sjølv blei representant. I stortingsdebattane gav saklegheita og roa hans han truverd og tillit.

Som sjef viste han alltid medarbeidarane sine omsyn og vennlegheit. Dette underbygde autoriteten hans som Høgres leiar og sette han i stand til å halde partiet sitt på ein sosialliberal og unionspolitisk moderat kurs. Den forbitra partipolitiske kampen i samtida gav han ingen høve til å bli «løftestonga» for konstruktiv framstegspolitikk, slik som far hans hadde vore, og som den første, korte regjeringa hans syntest å peike mot. Den arva han etterlét seg, blei difor mest ein politisk tradisjon, men éin som sette varige spor i norsk politikk.

Avbildningar

Kunstneriske portrett (eit utval)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Edvard Hagerup: Profiler av noen samtidige, 1933
  • Finne-Grønn, Stian H.: Norges Prokuratorer, Sakførere og Advokater 1660–1905, bind 3:1, 1940
  • Halvorsen, Jens Braage: Norsk forfatterlexikon, bind 5, 1901
  • Hambro, C. J.: Oslo Høire gjennem 50 år, 1934
  • Kaartvedt, Alf: Kampen mot parlamentarisme 1880–1884, 1956
  • Kaartvedt, Alf: Høyres historie, bind 1: Drømmen om borgerlig samling : 1884-1918, 1984
  • Lindstøl, Ole Torjesen: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bind 1, 1914
  • Rygh, A.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 14, 1962
  • Stang, Thomas og Stang, Ulrich: Den Fredrikshaldske slekt Stang, tredje utgave, 1959
  • Storm, Halvor: Statsminister Emil Stang, 1934
  • Thyness, Paul: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 8, 2004

Faktaboks

Emil Stang
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392089170

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg