Rosemålar. Foreldre: Skolelærar, husmann og rosemålar Herbrand Engebretsen Sata (1753–1830) og Anne Samuelsdotter Bæra (1755–1844). Gift 1) 13.7.1821 med Barbro Nilsdotter Skjervheim (Medgarden) (1781–9.12.1850), dotter til Nils Olsen Skjervheim (1746–88) og Turid Olsdotter Gjursjordet; 2) 28.10.1853 med Guri Olsdotter Ylilien (20.6.1817–?; emigrerte til USA 1877), datter av Ole Endresen Granlien (1792–1864) og Margit Olsdatter (1780–1867). Bror til Nils Bæra (1785–1873).

Embrik Bæra var ein av dei fremste rosemålarane i Hallingdal på 1800-talet, og han betydde mykje for utviklinga av den lokale “Sata-Bæra-stilen”. I teknisk meisterskap var han ikkje av same format som storebror Nils, men fullt på høgde når det gjaldt variasjon og frodig fantasi. Målinga til Embrik Bæra vitnar om ein annan og traustare karakter. Han var stillfarande og arbeidsam og ein djupt religiøs natur, mykje nytta som “fyretalsmann” i gjestebod og gravøl.

Dei første ungdomsarbeida fortel tydeleg at far hans, Herbrand Sata, var læremeisteren. Seinare har nok broren Nils øvd ein viss påverknad, men det er aldri vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. Embriks kunstnarlege vokster kan vi følgje i små og store arbeid, frå prydting og møblar til heile stoveinteriør. Eit av dei første større oppdrag var utsmykkinga i Villandstova i Hol (nå i Hallingdal Folkemuseum), signert 1824. Den mest interessante perioden er åra frå ca. 1825 til ca. 1845, da den stiliserte blomsterfloraen veks i utrulege variantar. Stundom kan drikkekar og kister få eit nesten orientalsk preg. I interiøret eksperimenterte han også med mange slag former for fri “marmorering” eller bølgedekor.

Bæras billedmåling er eit kapittel for seg. Meir enn faren og broren var han ein ekte naivist. Han rådde over eit stort repertoar av bibelske motiv, fritt omdikta etter førebildene og utan sut for anatomi, proporsjonar og perspektiv. Desse sjarmerande figurscenene eig ofte eit sterkt uttrykk med ekte religiøs patos.

På sitt beste var Bæra ein fin kolorist, men fargesansen synes å ha tapt seg noko, særlig etter 1850–60. Påfallande er den aukande bruken av gult, gjerne i fleire nyansar på same rosefeltet. Han hadde ein enorm produksjon, og arbeidsområdet strekte seg frå Krødsherad til øvst i Hol. I yngre år var han òg på målarferd vestafjells. Barbro, første kona hans, var med og gjorde grunnarbeidet.

Embrik Bæra er representert på Norsk Folkemuseum, Drammens Museum, Hallingdal Folkemuseum og Ål Bygdemuseum.

  • N. O. Moen: “Dei gamle rosemålarane”, i Dølaminne 3, Kongsberg 1925
  • K. Visted: “Nyere folkekunst”, i Norsk kunsthistorie, bd. 2, 1927
  • Norsk Allkunnebok, bd. 2, 1948
  • H. Fonnum og K. Svarteberg: Aal Bygdesoge, bd. 1, 1952, s. 399
  • R. Asker: “Rosemaling”, i Norsk folkekunst, 1953
  • d.s.: “Rosemaling i Hallingdal”, i DNT Årbok 1957
  • d.s.: Rosemaling i Norge, 1970
  • P. Anker: Folkekunst i Norge, 1975
  • N. Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 140
  • d.s.: Norsk rosemåling, 1981, s. 128
  • d.s.: biografi i NKL, bd. 1, 1982
  • d.s.: Dekorativ måling i folkekunsten, 1999