Bonde, organisasjonsmann og politikar. Foreldre: Gardbrukar og fiskar Lars Matias Jensson Vatnaland (1851–1913) og gardbrukar Oline Kristine Mortensdotter Nordhus (1858–1931). Gift 1) 13.6.1914 i Bokn med Elisa Teodora Trosnavaag (4.7.1891–18.12.1956), dotter til bonde og fiskar Hans Elisæus Eliasson Trosnavaag (1860–1943) og Berta Gurine Henriksdotter Alvestad (1859–1942); 2) 1961 med Else Othilie Furre f. Tjomsaas (26.3.1906–27.12.1993; ho gift 1) med ingeniør Berge Bergesen Furre, 1887–1952), dotter til kjøpmann Aanen Aanesen Tjomsaas (1862–1942) og Karen Olsen Borgen (1880–1933). Stefar til Berge Furre (1937–).

Elisæus Vatnaland var fiskarbonde, organisasjonsmann og sentral politikar i Bondepartiet.

Han var fødd inn i eit gardbrukar- og fiskarmiljø i Bokn. Det avgjorde vegen hans inn i yrkeslivet. Foreldra var gardbrukarar, og faren dreiv fiske ved sida av. Elisæus var med på brisling- og sildefiske alt frå 15-årsalderen. 20 år gamal kjøpte han båt i lag med ein kamerat og dreiv sildefiske, og han var med i fiske etter vintersilda i 25 år. 1916 overtok han garden til svigerforeldra og dreiv han sidan i kombinasjon med fisket.

Vatnaland kom tidleg med i organisasjonslivet i Bokn. Likt dei fleste i bygdene på den tid, var det vanskeleg å få utdanning utover folkeskulen. Elisæus fekk med seg to framhaldsskulekurs og noko kveldsskule. Han merkte seg snart ut i lokalmiljøet og fekk etter kvart ei rekkje tillitsverv i bygda. Han var frå tidlege ungdomsår aktiv i fråhaldsrørsla. Han var med på å starte Bokn Sparebank og sat i ei årrekkje i representantskapen. Han vart revisor i kommunen 22 år gamal og hadde fleire kommunale og fylkeskommunale verv. Han vart vald inn i heradsstyret 1925 og vart frå same tid ordførar, eit verv han hadde til 1934. 1937–41 og igjen 1945 var han varaordførar.

På landsplanet var Vatnaland særleg aktiv i organiseringa av sildeomsetninga. Her fekk han snart sentrale tillitsverv, m.a. som formann for eit felles salslag for Storsildlaget og Stor- og Vårsildlaget, eit verv han hadde i fire år. I denne perioden budde han vinterstid i Bergen, der kontoret heldt til. Etter ei nyordning av salsstyret 1937 vart han tilsett som fiskeriinspektør for Vestlandet, som då omfatta kysten frå Lindesnes til Stad. Han hadde kontor i Bokn og sat i stillinga heilt til han gjekk av for aldersgrensa 70 år gamal, berre avbroten av perioden han sat på Stortinget. Han hadde også ei rekkje andre verv i komitear og utval som arbeidde med fiskerispørsmål.

1945 vart Vatnaland stortingsrepresentant for Bondepartiet. Dette var ei vanskeleg tid for Bondepartiet, som var på jakt etter folk med solid røynsle og tillit i sine distrikt. Vatnaland tilhøyrde partiet frå det vart skipa 1920, han var formann for partiets lokallag i Bokn, vart varamann til Stortinget 1933 og vart vald inn i landsstyret til partiet 1938. Han vart attvald til Stortinget inntil han sa frå seg vervet før valet 1961. Han var varapresident i Stortinget 1948–58 og 1960/61 og president i Lagtinget 1959–60.

Vatnaland fekk tidleg ein sentral posisjon i stortingsgruppa til Bondepartiet. Han vart nestleiar i gruppa 1945, og då Nils Trædal brått døde 1948, vart han vald til gruppeleiar. Det vervet hadde han fram til 1958. Som gruppeleiar vart han medlem av utanrikskomiteen, men med den faglege og sosiale bakgrunnen han hadde, var fiskerispørsmål spesialområdet hans. Han sat i fleire år i sjøfarts- og fiskerikomiteen. Han var også den første av dei sentrale leiarane i partiet med bakgrunn i fiskerinæringa.

Vatnaland stod for ei sjølvstendelinje i Bondepartiet. Han var motstandar av “samrøre” med andre parti og meinte at partiet burde halde ei “rein” linje som talerøyr og instrument for bøndene og fiskarbøndene. Han var derfor mot namneskiftet til Senterpartiet 1959 og skeptisk til den endringa i programprofilen som skjedde i samband med dette skiftet.

  • HEH, fleire utg. 1948–79
  • B. V. Gabrielsen: Senterpartiet 1920–1979, 1970
  • J. Holmen: Nytt navn – ny politikk? Omkring Bondepartiets navneskifte i 1959, h.oppg. UiO, 1971
  • J. Bergsåker: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • “Minnetale over L. E. Vatnaland i Stortinget”, i Stort.forh. 1982–83, bd. 7b, 1983, s. 185
  • Nordby, bd. 1, 1985
  • M.-B. Ohman Nielsen: Bondekamp om markedsmakt 1920–1959, bd. 1 av Senterpartiets historie 1920–2000, 2001